21.09.2013 Views

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Årgang 10, nr 1 - 2001 Kjelda 7

“Noget skal der

nu altid glemmes ...”

Av Hermund Kleppa

For kort tid sidan kom eg over ei gløymesak frå 1920.

Bankfullmektig O. J. Larsen frå Bergen var på veg

heim etter eit besøk i Fjærland. Han stogga i Balestrand

og overnatta. Om morgonen var det plent uråd for han

å finna ein viktig bruksgjenstand, og i si naud sette han

seg til å skriva eit postkort til Mundals Hotel:

p.t Balholmen, fredag Morgen. very early.

Kjære Fru Dahle! Noget skal der nu altid

glemmes, naar man er ute og reiser. Og

gik det saaledes til i Fjærland at jeg glemte

Kammen på Vaskeservanten. Og nu gaar jeg

her med et alvorligt - stramt Ansigt og med

ukjæmmet Haar.

I ettertid kan me gjera oss lystige på bekostning av

ein fortvilt bankfullmektig med håret i alle retningar,

og undra oss over kvifor han ikkje let det vera med

å gå til næraste landhandlar og skaffa seg ny kam, i

staden for for å eviggjera episoden med eit postkort,

som mottakaren tok vare på og etterkomarane seinare

leverte til oppbevaring i Fylkesarkivet.

For min del var det midt i blinken det han og hotellfolka

i Fjærland gjorde. Eg fekk i hende ein god illustrasjon

til eit stykke eg har skrive for Kulturhistorisk

Atlas-Leksikon for Sogn og Fjordane om minnesteinen

over forfattarinna Bolette Christine Pavels Larsen.

(http://www.sffarkiv.no/atlasleksikon).

I Eid kommune finn ein to særmerkte

stadnamn som begge byrjar på “Sefru-”.

Det eine er Sefrutufta på Haugland, gard

nummer 38/4, og det andre er Sefrusteinen

på Løken, gard nummer 19/5.

Det vert fortalt i Eid, at ei jente på Skrivargarden

(Løken 19/1) blei med barn

utan å vere gift. På den tida dette skal ha

skjedd, var det truleg stor skam for familien.

Difor blei ho jaga heimanfrå og slo

seg ned på Haugland, nede ved fjorden.

Staden vert i dag kalla Sefrutufta.

Postkort stempla Balestrand 5.VII 20. Forfattarinna Bolette Pavels

Larsen var fødd i Sogndal 1847, gift med O. J. Larsen og busett i

Bergen. Ekteparet var ein lang periode på årvisse besøk i Fjærland.

I 1907, to år etter at Bolette Larsen døydde, blei det reist ein

minnebauta over henne i Fjærland. No står bautasteinen på

leikeplassen ved skulen.

To stadnamn og ei soge om

ei ugift mor og om sår heimlengt

Av Randi Melvær

Det er ikkje langt

mellom Haugland og

Løken, men jenta fekk

truleg ikkje kome heim

på vitjing. Det blir

fortalt at ho, når

heimlengten blei for

stor, gjekk ut

langsetter sjøen til

Løkastranda. Der fann

ho ein stein, som ho

kunne sitje på og sjå

heim att. Steinen vert den dag i dag

kalla Sefrusteinen. Er det nokon som har

bilete av denne steinen?

Kjelder:

Informant Olav Haugen

Stadnamninnsamlinga i Eid

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!