21.09.2013 Views

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Årgang 10, nr 1 - 2001 Kjelda 3

Misjonær Marianna Bøe

Frå Irene Bøe Pisani i Kjøs i

Hornindal, har me fått eit lesarbrev

til Kjelda. Ho har bladd i

tidlegare nummer av Kjelda og

har funne bilete og tekst frå Kjøs.

Dette har inspirert ho til sjølv å

skriva. Stykket gjev lesarane ny

kunnskap om folk og hendingar

i Hornindal. Kjelda-redaksjonen

tek gjerne mot stoff frå lesarane.

Når ein les gjennom tidlegare utgåver av

Kjelda, kan ein kome over ting ein før

har blada forbi. Så også denne gongen.

På side 17 i Kjelda nr. 4-98, står det

eit bilde frå Kjøs i Hornindal. Av teksten

går det fram at mottakaren av kortet

var Anna Navelsaker (I Ættebok for

Hornindal står det at namnet er Anne

Ragnhild).

Avsendar var Marianna Bøe (sjå bilete),

ho var syster til min farfar Lars og

vart fødd 22. april 1880 på Pålbruket i

Ytre-Bø i Stryn. Ho var misjonær for

Frimisjonen i Cavendish, Nathal i Sør-

Afrika i 33 år og kom heimatt til Norge

i 1947. Ei tid budde ho her hos oss i

Kjøs, men flytte så til Stryn og fekk seg

husvære i bedehuset

Fredheim. Der døydde

ho 28. desember 1952

og ligg gravlagd ved

Nedstryn kyrkje. At ho

sende kort frå Kjøs,

heng nok saman med

at systera hennar,

Kristianna, var gift

med Rasmus på

hovedbruket.

Mannen på bildet er

Mattis, sonen deira.

Han omkom 37 år

gamal i 1924, då han

datt ut av kjerra og for

ut for Kjøshammaren.

Til slutt i denne

julehelsinga på kortet

står det at ho blir helsa

kjært frå Thora. Dette

er Thora Aamot, mor

Dette biletet og stykket

frå Kjelda nr. 4

i 1998 dannar bakgrunn

for Irene Bøe

Pisani sitt lesarbrev.

Lesarbrev frå Hornindal

til skodespelaren Elsa

Lystad som hadde nokre

av oppvekståra sine hos

Marianna sin nære

familie. Denne tida i

Stryn kan ein lese om

i boka som Elsa Lystad

har skrive. Elsa gjekk og

nokre år på skule i Stryn.

Eg har elles mange bilde

frå Marianna si

misjonærtid i Afrika, og

ho var ein flittig

brevskrivar heim til sine

her i distriktet.

Dette bildet frå Kjøs er

nok mangfaldiggjort for

vi har fleire eksemplar av

dette kortet.

Eg vonar lesarane har

hatt interesse av å dele

desse minna med meg,

minne som dukka “frem

fra glemselen” etter å ha

sett eit gamalt bilde i

Kjelda.

Irene Bøe Pisani

Marianna Bøe (1880-1952) frå Stryn var misjonær i Sør-

Afrika i mange år og var ein flittig brevskrivar heim.

(Foto: Tonning, Stryn, 1950. Utlånt av Irene Bøe Pisani).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!