21.09.2013 Views

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

4

Kjelda

Som det vert peika på i førre

nummer av Kjelda finst det eit

rikhaldig kjeldemateriale til soga

om fattigvesenet kring i kommunearkiva.

Dette materialet vert

ordna og registrert ved Fylkesarkivet.

Dei ymse protokollane

kan fortelja mykje om livet på

“den mørke sida”, men det som

verkeleg kan syna detaljane er

dei enkelte dokumenta.

Fattigkassen var lenge ein eigen del

av kommunekassen, og rekneskapsvedlegga

til denne inneheld mykje

informasjon om fattigsoga vår. Me kjenner

til at det var ei ordning med ytingar

i reide pengar, fattigskatt, og i naturalytingar,

legdsordninga o.a. Det mange

ikkje veit er at også ymse bøter gjekk

til fattigkassen, både gjennom fogderiet

og forliksrådet. Me har sett på ein

20-årsperiode, 1880-1900, i dåverande

Ytre Holmedal herad. Såkalla uvisse

innkomer kom inn som bøter, men også

som offer frå kyrkja og andre hald.

Fogderiet

Mykje av inntekta frå bøter kjem frå

folk som braut den sokalla “Tyendelova”

av 17. mai 1848. Dei som hadde

festa seg til teneste og ikkje

møtte, eller forlet tenesta utan

lovleg grunn før tida, fekk

bøter frå 8 - 10 kr. Dette hende

nesten årleg, men årsaka er

sjeldan nemnd. Ein gong ser

me at jenta det gjeld er utvandra

til Amerika.

Ulovleg øl- eller brennevinsal

gjev og inntekt til fattigkassen,

halvparten av bota og

dei konfiskerte varene. Også

restauratøren på “Framnæs”

må tola ei bot for ulovleg

ølsal i 1891. Annan ulovleg

handel ser me og. Open

butikk og brødutsal under

preika i 1880 kosta enkjefru

Smith 6 kr.

I 1873 kom den sokalla

“Hanndyrlova”, forbod mot

å sleppa “Hingste, Tyre

og Springvædre” som ikkje

var godkjende for avl på

sams beite. Eit tillegg kom

i 1891 som også inkluderte geitebukkar.

Denne lova ser me nytta

mange gonger, mest i

1880-åra, og desse

bøtene gav god inntekt

til fattigkassen.

Å møta rusa i fattig-

kommisjonsmøte og

hindra forhandlingane

gav 4 kr. til dei fattige i

1886, og ymse bråk og

“rolighedsforstyrrelse”

skaffa innkomer fleire

år, m.a. nyårsafta 1894,

då sju menn kvar får 8

kr. i bot for bråk. Av

dette gjekk kr. 18,67 til

dei fattige.

I 1896 skaffa ulovleg

hjortejakt 450 kr. til

kassen, jegrane ser ut

til å vera utanbygds frå.

Han som var på

ulovleg harejakt

sommaren 1895 måtte

ut med 8 kr., halvparten

av det til fattigkassen.

Det vart ei dyr haresteik!

Forliksrådet

Her finn me idømde bøter og elles

det som vert kalla “betingelsesvise

mulkter”. I 1884 forplikta oppsitjarane

på Myklebust seg til å ikkje bufora

til sams seterbeite før

Årgang 10, nr 1 - 2001

Fattigvesenet og dei uvisse innkomene

Av Berit Selseng

Fattigblokk frå Hjelmeland kyrkje, Rogaland. Ei fattigblokk

skulle ha to låsar. (Frå Hjelmeland kyrkje

1858 - 1983, Hjelmeland 1983).

dagen etter jonsok, og å dra heim på ein

fastsett dag. Bota var 2 kr. for kvar dag

dyr var i beitet utanom denne perioden.

Året før gjekk ein geitehaldar inn på

liknande forlik, han skulle halda dyra

sine borte frå grannane sine

eigedomar, mot mulkt på 1

kr. dagen for kvar geit som

kom der i eit fastsett tidsrom.

Det var 24 kr. i bot for

å sleppa skabbete sauer og

geiter i fellesbeite, og brot

på eit forlik om laksefiske

mellom oppsitjarane på Berge,

Vosseteig, Håland og

Haugsbakke skaffa 30 kr. til

fattigkassen i januar 1882.

“Betingelsesvis” var også bota

på 25 kr. som ein mann lova

å betala i 1895, “... saafremt

han ikke holder det i nævnte

Forlig indtagne Løfte om at

indmelde sig som Totalist, eller

første Gang han - trods han blir

nominel Totalist - igjen maatte

Faksimile av Tyendelova av

17.mai 1848.

4

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!