21.09.2013 Views

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda nr. 1 2001 - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Årgang 10, nr 1 - 2001 Kjelda 9

Mykje byråkrati og lite gull

Det er lett å verte gripen av detaljnivået

og byråkratiet i denne delen av det

offentlege sitt arbeid. I rekneskapsvedlegga

frå Kinn kommune kring 1940

låg det til dømes eit krav om skattereduksjon

frå eit rederi. Saka går att og

fram mellom rederiet og det offentlege,

byråkratiet arbeider og det vert vist til

rundskriv og lovheimlar. Etter mykje

om og men endar saka i rederiet sin

favør, men sjølv om dette skjedde kring

1940, vil eg meine at det var mykje

styr for dei 60 ørene som rederiet fekk

attende.

Ei anna sak i Kinn kommune frå

same periode handlar om ei låvebru

på klokkargarden. Klokkaren skriv til

kommunen og krev at dei tek kostnadene

med ein nødvendig reparasjon

av låvebrua. Kommunen meiner at dei

ikkje pliktar å ta desse kostnadene og

gjev såleis avslag. Etter ein ny runddans

med brevskriving der klokkaren syter

over pengemangelen og at dei no treng

pengane slik at dei får erstatte kyr dei

har mista slik at ungane får mjølk, går

saka til Opplysningsvesenets fond. Dei

meiner heller ikkje at dei har noko

med den omtala låvebrua å gjere og

saka går derifrå til departementet. Etter

halvtanna år med sakshandsaming endar

til slutt saka hjå Kinn kommune att, og

avgjerda er klar, kommunen må betale

for reparasjonen av låvebrua. Me får tru

at klokkaren fekk seg ei god mjølkekyr

for pengane og at ungane ikkje vansmekta

medan papirveldet styra på.

Varsko her

Det hende og at kommunen gjekk på

ein smell og skaffa seg sjølv utgifter

dei ikkje hadde planlagt. Under eit gatearbeid

i Florø sentrum i 1903 gjekk

det hardt føre seg. Utanfor butikken til

Andrea Berg skulle det sprengjast vekk

ein bergknaus og det ser ut til at skytebasen

har lagt godt i. Her har det nok

singla i glasruter og hagla med stein,

trefliser, glasruter og porselen. Andrea

Berg dreiv i nipsbransjen, og ut frå

ein Fortegnelse over de med Mineskuddet

ødelagte Varer i min Butik

får vi eit godt oversyn over kva som

gjekk tapt. Det har gått hardt ut

over både blomstervasar, drammeglas,

Rett tal i rett kolonne: Kasserar i djup

konsentrasjon over bokholderiet.

(Foto: “Herredskassereren” 1954)

måneskinslamper, kristusfigurar, englar,

fløytemuggar og nipsfigurar. Bortimot

200 gjenstandar gjekk med i sprenginga.

Med varer og reparasjonar ser det ut

til at Florø bykasse fekk eit utlegg på

over 300 kroner med denne velplasserte

ladninga. Det går ikkje fram at det var

personskader i samband med uhellet.

Attende til Flora

Når me etterkvart får orden på arkiva

etter kommunekassane og Flora bykasse

vert materialet frakta attende til Flora og

plassert inn i arkivdepotet

der.

Det står enno att ein del

arbeid før me kjem så

langt, men me reknar med

å vere i hamn med det ut

på vinteren. Då skulle i

alle høve denne delen av

kommuneadministrasjonen

vere godt dokumentert, og

kommunearkivordninga

vil og sikkert vere vel

forsynt med både støv og

gamle stiftar og bindersar

for lange tider frametter.

Brev frå Den norske Stats

Småbruk- og Boligbanks

Kontor i Bergen til

‘Herredskassereren i Kinn’.

Datering: 29.09.1931.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!