27.09.2013 Views

Til bords med suksess - Helse Vest

Til bords med suksess - Helse Vest

Til bords med suksess - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

14

helse i vesT 4/2010

siktig emballasje. Mange barn som lid av

etevegring, kan få eit oppheng i utsjånaden

på flasker og innpakning. For å unngå det

er alt nøytralt innpakka. Her finst ikkje

bestikk, barna skal øve seg i å ta på maten

med hendene. For nokre er berre nærkontakten

med maten ei utfordring.

Dei har alle sett seg rundt bordet og har

begynt å blåse såpebobler. Gangen og prose-

dyren for samlingane er alltid den same. Å

begynne med å blåse bobler gir ein ufarleg

start på det heile.

Modellering skaper tryggleik

– No skal vi sjå kva eg har i denne posen.

Sundgot har teke plass ved bordet og grip

etter noko som ligg i den gjennomsiktige

plastposen ho har framfor seg. Måltidet er i

gang.

Sundgot tek fram den første av i alt

tolv mattypar som det skal arbeidast med

denne formiddagen. Samla skal dei representere

ulike næringsgrupper, konsistensar

og smakar. Alle barna skal møte nokre

mattypar dei allereie meistrar. I posen ligg

små runde og salte kjeks – alltid øvst på

menyen under samlingane. Sundgot hentar

opp ein kjeks, peiker på dei små hola på

overflata, viser

korleis ho kan

knase kjeksen

sund med

fingrane, tek

nokre smular

i munnen,

demonstrerer

at ho likar det.

sissel iveRsen

Psykolog

Ingen «har du

lyst på?» skal gi

ein sjanse til å

seie «nei takk».

Prosjektleiar Torunn Sundgot demonstrerer kvar mattype og viser korleis den er å ha i

hendene. Her finst ikkje kniv og gaffel, å ta i maten er ein del av terapien for barna.

Vennleg og direkte får kvart barn ein kjeks

utdelt. Presentasjon av mattypane er ein

viktig del av måltidet, men ord er ikkje

nok åleine. Modellering av ønskt åtferd

fungerer vel så godt. Barna har kvar sin

kjeks, og dei smular og smakar. Så er det

vidare. Det blir ikkje brukt lang tid på kvar

mattype. Barna skal ikkje rekke å gå leie

eller bli rastlause. Kjeksen blir rydda bort,

og Sundgot gjer klar den neste mattypen

på skjemaet.

– Kvar mattype som blir presentert, har

noko til felles med den føregåande. Etter

den kjende salte og runde kjeksen kjem

ein annan kjeks – same lyse brunfargen,

same form, men annleis i smaken. Nummer

to på lista er ein havrekjeks, og det

er den første nye mattypen denne dagen.

Etterpå kjem ein toastbit. – Same farge, men

litt anna form og konsistens, fortel Iversen

mens ho noterer reaksjonar frå barna.

Målbare resultat

Resultata som barnet har av opplegget,

blir målte ut frå mange og konkrete kriterium.

For nokre er det eit framsteg å sitje

til bords i det heile, at dei kan delta i det

sosiale rundt eit måltid. Åtferda ved bordet,

om barnet snur seg vekk, kor mange

tygg, kor mange svelg – alt blir registrert.

Finmålinga er inspirerande for foreldre og

omsorgspersonar og viktig for å halde på

motivasjonen. Dei målbare faktorane viser

klart korleis barnet har fått auka aksept for

og større inntak av mat.

– I første runde med intensiv habilitering

for barn med etevanskar nytta vi GAS

(Goal Attainment Scale), med ein skala

utvikla for kvart barn. Denne skalaen er

basert på eit forventa mål og graden av

oppnåing i forhold til dette målet. I vidare-

utviklinga har vi valt skalaer som i større

grad måler kvantitativt og viser dei faktiske

resultata endå tydelegare. Den modellen vi

bruker i dag, er ei vidareutvikling av «The

SOS (Sequential Oral Sensory) approach

to feeding», ei intensiv behandlingsform

som finmåler all utvikling barnet har i

møte med mat, fortel Iversen.

Fleire metodar

Trinn I av prosjektet dreia seg om til-

rettelegging av gode opplevingar rundt

bordet ved hjelp av heimebesøk hos barna

og foreldra deira. I neste trinn møtte

ikkje prosjektleiinga barna i det heile,

men gav foreldre og pedagogar rettleiing.

I dette tredje trinnet er terapien den samlinga

som skjer kvar veke. Sundgot seier at

alle metodane er viktige når arbeidet skal

oppsummerast ved årsskiftet. Målet er at

erfaringane skal gå inn i den daglege drifta.

– Prosjektperioden har heva nivået på tilbodet,

og grunnlaget for implementering er

godt. No veit vi korleis vi kan arbeide system-

atisk og få gode resultat, seier Iversen.

Kjetil André Fredriksen er far til Mads

Andreas i den vesle gruppa av barn rundt

bordet. Han ser korleis sonen har flytta

grenser dei siste månadene:

– Han har absolutt begynt å prøve seg

meir. Leiken med maten gjer at han tør å

bruke fingrane og ta i maten. Kanskje et han

ikkje mykje meir, men han er i alle fall ikkje

så redd lenger. Ei anna viktig sak er at han

kjenner til mange fleire mattypar og smakar

enn tidlegare, oppsummerer Fredriksen.

Rundt bordet sit fire barn, no med kvar

sin knalloransje gulrotbit. Dette er òg ein

ny mattype for borna, med djupare farge,

hard å tyggje, annleis i smaken. Dei tek utfordringa.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!