27.09.2013 Views

Til bords med suksess - Helse Vest

Til bords med suksess - Helse Vest

Til bords med suksess - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

helse i vesT 4/2010

– Vi nyttar ressursane betre,

operasjonsstuene er i aktivitet heile dagen.

Trygve Nybø, avdelingsoverlege

utnytta dersom mange av pasientane ikkje

stilte, og dersom strykprosenten blei høg?

Og etter operasjonen – ville pasientane

komme seg vel heim?

Fleire tilbod

– Vi har fleire tilbod til pasientane, seier

Indrebø.

– Den eine delen av tilbodet gjeld anestesi-

tilsyn. Denne førebuinga gjer vi når pasient-

ane kjem til oss med tilvisinga frå poli-

klinikken, som ei drop-in teneste. Når pasient-

ane reiser heim, veit dei ikkje berre kva tid

dei skal komme tilbake, dei har òg gjort alt

som trengst før operasjonen. Pasientane skal

sleppe å reise fram og tilbake fleire gonger,

alt skal vere klart når dei kjem for å gjere

inngrepet, forklarer Indrebø.

Det andre leddet i tilbodet gjeld det som

skjer på operasjonsdagen.

– Då tek vi imot pasientane og gjer dei

klare til operasjon, slik at tida inne på

operasjonsstua blir nytta mest mogleg

effektivt, fortel Indrebø.

Av alle pasientane som kjem til dagkirurgisk

senter, er 60 prosent pasientar

som reiser heim same dagen. Dei resterande

40 prosenta nyttar det same nye pasientflytsystemet

på ein annan måte: Her

6

Kirurgisk sjukepleiar Myrtle Kristoffersen

gjer siste førebuingar før operasjonen startar.

Trygve nybø

er det tale om kirurgi same dagen. Det

kan gjelde større operasjonar, pasientar

med svak allmenntilstand og dårleg helse.

I desse tilfella er det ikkje forsvarleg å reise

heim berre nokre timar etter operasjonen.

– Felles for alle pasientane er at ingen

ligg på avdelingane før operasjonen. Det

gjer drifta mykje meir effektiv. Når talet på

liggjedøgn går ned, frigir det store ressursar.

Vi har operert 40 prosent fleire pasientar

etter at det nye pasientflytsystemet med

dagkirurgi blei innført i 2008. Ventelistene

har stupt, opplyser Indrebø.

– Pasientar til dagkirurgisk kjem sjølve

til sjukehuset, blir følgde inn på operasjonssalen

og legg seg opp på benken.

Når operasjonen er over og pasientane har

vakna, får dei mat og drikke så raskt som

mogleg. Senga blir skifta ut med ein god

lenestol. Dei aller fleste kan komme rett til

oppvakning, det er ikkje nødvendig å vere

under observasjon, fortel Indrebø.

Ønskjer å utvide

– Er du klar? Anne-Marie Gåsvær Færøy

nikkar til spørsmålet frå klinikkleiar

Indrebø. Operasjonen er ferdig i løpet av

ein time. Deretter kjem tre timar med ro

og venting. Så er det heim.

– Dei fleste planlagde operasjonar er no

dagkirurgi. For dei inngrepa som eignar

seg, ser eg berre fordelar, seier avdelings-

overlege Trygve Nybø. Han er innom

kontoret som snarast mellom to inngrep.

Nybø opplever nøgde pasientar og høgare

effektivitet med fleire gjennomførte

operasjonar. Tala for oktober viser 650

operasjonar av typen som gjeld planlagde,

utvalde operasjonar.

– Vi nyttar ressursane betre, operasjonsstuene

er i aktivitet heile dagen, fortel han.

Detaljar som at alle pasientar får telefon

to dagar før inngrepet, trur Indrebø er viktig

for å halde strykprosenten for operasjonar

nede. At pasientane er med på å bestemme

tida for inngrepet, meiner både ho og Laila

Løkkebø Sørensen er avgjerande. Dei to er

einige i at det aller viktigaste for å unngå

strykingar er at det blir lagd stor innsats i å

gjere alle nødvendige undersøkingar i god

tid før pasienten kjem til operasjon.

Ønsket dei to har for vidare utvikling

ligg i det å yte god service, til endå fleire

pasientar. Indrebø håper på nettsider med

informasjon om tilbodet. Målet er at opplysingane

skal finnast på fleire språk. Også

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!