27.09.2013 Views

Til bords med suksess - Helse Vest

Til bords med suksess - Helse Vest

Til bords med suksess - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

16

helse i vesT 4/2010

verdt å vite

Kva vil det seie at noko er

kreftframkallande?

Vi høyrer stadig om frie radikal, paraben og farlege stoff. Kva vil

det seie at noko framkaller kreft? Kreftlege og avdelingsdirektør ved

Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk ved Haukeland

universitetssjukehus i Helse Bergen, Olav mella, fortel.

TeKST KRISTIn dugSTAd VeSTRHeIm FOTO BjØRn eRIK lARSen

– vi kan seie at jamn eksponering og

kombinasjonar av fleire faktorar har ein

effekt vi kan kalle «kreftframkallande».

Stadig påverknad av for eksempel slimhinnene

ved røyking kan gradvis endre

friske celler slik at dei i mikroskopet ser

annleis ut. desse cellene utgjer ein risiko

for kreftutvikling. det er vanskeleg å seie

i generelle termar kva som eigentleg

framkallar kreft. det vi veit om kreft og

kva som er kreftframkallande, er teoretisk

kunnskap, basert på tru om faktorar

som har innverknad og effekt på celler.

– Kva for stoff har kreft-

framkallande effekt?

– Mange stoff er kreftframkallande.

eit av dei mest kjende og beviseleg

kreftframkallande er asbest. ekspo-

nering over tid gir kreft. Tobakksbruk og

asbest aukar effekten av kvarandre, og

faren for kreft blir endå høgare. Fleire

stoff har den effekten at dei saman gir

høgare kreftfare. dei mest kjende

karsinogena (kreftframkallande stoff)

finn vi i dagleglivet. Tobakk, alkohol

og enkelte matvanar utgjer kreftfare.

Vi veit i dag at tobakk inneheld over

femti kreftframkallande stoff.

Kva utgjer størst kreftfare:

noko vi et, noko vi får på huda,

eller noko vi pustar inn?

– Forsking tyder at 30 prosent av krefttilfella

kan påverkast av det vi et. det

betyr ikkje at 30 prosent kunne ha vore

unngått. det er ein indikasjon på at

kosthaldet har ein positiv eller negativ

effekt på ei eventuell utvikling av kreft.

eit dårleg kosthald vil over tid utgjere ein

stor kreftfare og er det folk flest kan styre

i den eine eller andre retninga. eit døme

er at overvekt åleine aukar kreftrisikoen

utan at spesielle matvarer må vere med.

effekten kan vere indirekte, ved forandring

i hormonnivået. For ein med lyst

hudpigment er det særleg viktig å ta

omsyn til den skadelege effekten av

sollyset. det er elles godt dokumentert

at røyking har ein sterkt kreft-

framkallande effekt på mange kreft-

former. Å rangere effekten av eksponeringa

er umogleg, og det kjem igjen an på

eit sett av faktorar for den det gjeld.

Kan kroppen sjølv kvitte seg med

dei kreftframkallande stoffa, slik at

dei ikkje utgjer nokon fare der-

som vi sluttar å utsetje oss for dei?

– nokre stoff forsvinn frå kroppen og vil

gradvis utgjere mindre fare etter avslutta

eksponering. den som sluttar å røykje,

kan redusere faren for kreft ganske raskt.

den same positive effekten har omlegging

av kosthaldet og innføring av meir

fysisk aktivitet. Vi veit derimot at asbest

er eit stoff som kroppen lagrar, og som

kan utgjere kreftfare i ein mannsalder etter

eksponeringa. det same gjeld stråling

og radioaktivitet.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!