Til bords med suksess - Helse Vest
Til bords med suksess - Helse Vest
Til bords med suksess - Helse Vest
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
forskingskonferansen

Forski Forskings

20

helse i vesT 4/2010

2010

framskritt som skjer rundt om i verda.

På lang sikt kjem forskinga pasientane

til gode ved at vi får meir effektive og

skånsame metodar for undersøking og

behandling, seier Schem.

God idé i 97 enda opp med forskingspris

Pasientgrupper som kan nyte godt av

arbeidet til den andre prisvinnaren, Harald

Aurlien, er pasientar med anfallslidingar,

for eksempel epilepsi. Demensproblem

og komadiagnostikk er òg område der

EEG blir mykje brukt. I arbeidet sitt på

Nevrologisk avdeling ved Haukeland

universitetssjukehus har Aurlien utvikla

eit EEG beskrivingsprogram som skal

gjere kvaliteten på EEG-undersøkinga

betre, og samtidig meir tilgjengeleg for

forsking og utvikling.

EEG – kva er det?

For å forstå kva eit EEG beskrivingsprogram

er, må vi òg vite kva EEG er.

– EEG (elektroencephalografi) er måling

av elektrisk aktivitet frå hjernen. Denne

undersøkinga blir brukt i diagnostikk av

ei rekkje sjukdommar i hjernen – mest

av alt i forbindelse med epilepsi. Under-

søkinga skjer ved at elektrodar blir festa i

eit spesielt mønster på hovudet. Då blir

den elektriske aktiviteten frå hjernen målt,

forklarer nevrofysiolog Aurlien.

Nytt program for beskriving av EEG

− Eit EEG beskrivingsprogram gjer at

vi på ein standardisert måte og ved bruk

av internasjonalt akseptert terminologi får

beskrive ei EEG-undersøking og samtidig

lagt resultatet inn i ein søkbar database.

Anonymiserte data blir overførte til ein

internasjonal database. Dette blir ei unik

kjelde til forsking og vidare utvikling og

gjer at vi kan samanlikne undersøkingar

på tvers av ulike laboratorium, ulike land

og ulike språk. Den første versjonen av

systemet som eg utvikla, er brukt på Hauke-

Pasientgrupper som kan

nyte godt av arbeidet til den

andre prisvinnaren,

Harald Aurlien, er pasientar

med anfallslidingar,

for eksempel epilepsi.

Vinnaren av innovasjonsprisen: harald Aurlien

land universitetssjukehus sidan 2000. Vi

samarbeider med 14 europeiske land om

eit nytt beskrivingssystem, og i slutten av

desember vil vi sende ut ein testversjon av

denne nysatsinga til store delar av Europa.

I april 2011 skal vi ha eit stort møte der

vi ser på erfaringane med programmet,

før den nye standarden kan publiserast

sommaren 2011, seier Aurlien.

Innovasjonsprisen utdelt for første gong

Ifølgje komiteen som har vurdert dei

innkomne søknadene, har Aurlien fått den

nyoppretta innovasjonsprisen fordi programmet

han har utvikla, har interessante

og kommersielle moglegheiter. I grunngivinga

for prisen står det blant anna at

programmet er ope og nyskapande. Det

representerer etter komiteen si meining ein

ny standard på eit område som tidlegare

var basert på ikkje-standardisert fritekst,

og det er tilgjengeleg for klinisk praktisk

arbeid med større diagnostisk nytte.