8 Blei alvorleg skadd i bilulykke på veg heim frå gravferda til sonen: Takkar helsetenesta
helse i vesT 4/2010 – Eg har framleis nokre skritt igjen å ta, og veit ikkje heilt kor langt eg kan kome. Men eg veit at eg har mange å takke for at eg er der eg er i dag. Etter ulykka til son min og så mi eiga ulykke var eg så langt nede at eg tenkte å gjere ein slutt på alt. Hjelpa frå Haukeland universitetssjukehus, Solli Distriktspsykiatriske Senter og Beitostølen Helsesportssenter, saman med mi eiga livskraft, har fått meg på beina igjen. et er Ove Vestheim (43) som Dfortel den sterke historia si til Helse i vest. Han har blitt utsett for hendingar som vi knapt klarer å førestelle oss. I november var det tre år sidan han fekk presten på døra, med meldinga som alle foreldre fryktar: Sonen Andreas på 19 år hadde døydd i ei bilulykke. Sjokket var enormt, og den verste perioden i Vestheim sitt liv begynte der og då. – November er ei spesiell tid for meg. Det var då Andreas døydde, det var då vi hadde gravferd for han i Valdres, og det var då eg sjølv heldt på å omkomme i ei ulykke på veg heim. Eg får alltid vonde tankar om hausten, fortel Vestheim. For å gå tilbake til starten: Det heile begynte eigentleg i slutten av 2006. Då miste sonen Andreas ein god kamerat av seg, i ei bilulykke. Andreas var sjølv med i bilen, men overlevde. Då Andreas døydde i ei ulykke vel eitt å seinare, rasa verda saman for Vestheim. I ei fullsett kyrkje i Valdres måtte han seie farvel til son sin, og det var sjølvsagt mange tankar som gjekk gjennom hovudet til Vestheim då. – Det skal ikkje vere slik at ein far skal besøkje grava til son sin! Det skal vere omvendt! Desse tankane raste rundt i hovudet mitt den dagen og i mange dagar etterpå. Eg kan faktisk ha dei same tankane enno, men ikkje i den grad som akkurat då, legg TeKST SIRI TjeSSem FjælBeRg FOTO BjØRn eRIK lARSen Vestheim til. På vegen heim til Bergen skjedde det ulykksalige: På ei bru blei bilen Vestheim sat i saman med ekskona og to dei to barna deira, påkøyrd av eit vogntog. Vogntoget fekk sleng på den spegelglatte vegen og køyrde inn i bilen framfor dei, og brått blei Vestheim sjølv eit offer for ei alvorleg ulykke. Heldigvis kom barna og ekskona uskadde frå ulykka, men no starta Vestheim sin kamp for å overleve, både fysisk og psykisk. Haukeland universitetssjukehus Vestheim kom til sjukehuset med luft- ambulanse, og då hadde han knust lunge, knuste ribbein, deformert rygg og skulder, knust tommel og vatn i lungene. Han blei lagd i koma og fekk intensiv behandling i to veker. Det han då vakna opp til, var ein person han ikkje kjende, og eit liv han helst ikkje ville vite av – utan sonen og utan si eiga livsglede. Han takka ja til all hjelp han kunne få, både av prest og psykolog. Solli distriktspsykiatriske senter (DPS) – På senteret fekk eg høve til å arbeide konsentrert med den mentale biten, og saman med behandlarane kunne eg begynne å sjå framover. Dei var flinke til å leggje til rette for den beste behandlingsmåten for meg, ut frå den situasjonen eg var i. Like viktig som den mentale pleia var det å drive med fysisk trening. Eg var i to månader på Solli – Like viktig som den mentale pleia var det å drive med fysisk trening. Ove Vestheim DPS, før eg gjekk vidare i behandlinga med den fysiske treninga, fortel Vestheim. Beitostølen Helsesportssenter Den fysiske og psykiske opptreninga som han tok fatt på etterpå, var mykje hardare enn han hadde trudd på førehand. Han hadde store problem i starten fordi kroppen ikkje var der hovudet ville han skulle vere. Han hadde mykje smerter i brystet og svært dårleg pust og lungekapasitet. På Beitostølen var han i tre månader, saman med personar frå heile landet. Beitostølen er eit rehabiliteringssenter som tek imot pasientar frå heile landet, og dei har avtale med Helse Sør-Aust. – Eg gav ikkje opp. Eg visste at fysisk 9