27.09.2013 Views

Til bords med suksess - Helse Vest

Til bords med suksess - Helse Vest

Til bords med suksess - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

4

helse i vesT 4/2010

Pasientflyt med dagkirurgi

Har dagen i Førde

Skepsisen mot å starte dagkirurgi ved Sentralsjukehuset i

Førde var i høgste grad tilstades då drifta tok til for snart tre

år sidan. No kjem snart forskingsresultata som avslører om

dei kritiske røystane fekk rett.

ege og forskar Einar Hovlid ved Høgskulen i Sogn

Log Fjordane og Universitetet i Bergen er snart ute

med den første av fleire vitskaplege artiklar om omlegginga til

dagkirurgisk verksemd ved Sentralsjukehuset i Førde. Temaet for

Ph.D.-avhandlinga er kvalitetsforbetring i spesialisthelsetenesta.

– I prosjektet har eg sett på kva dei har gjort når det gjeld å

lage eit nytt forløp for pasientar som skal til planlagd kirurgisk

behandling og kva resultat som er oppnådde med omsyn til

reduksjon i strykingar av planlagde operasjonar, fortel Hovlid. Dei

konkrete resultata kan han ikkje røpe før artiklane er publiserte.

– Det har vore spennande å bli forska på, seier avdelingsleiar

Kari Anne Indrebø. Ho og dei andre som arbeider på dagkirurgisk

senter gler seg til å sjå resultata av studien.

– Tid var ei stor utfordring: Vi visste ikkje om vi ville ha tid nok

til å ta imot dei som kom frå poliklinikkar med operasjonsbestillingar

eller pasientar som trong undersøkingar. Det har vist seg

å fungere godt. Det gode samarbeidet på tvers av avdelingar og

einingar på sjukehuset gjer at systemet fungerer, fortel Indrebø.

I ein lenestol bak ei av dørene til venterommet sit Anne-Marie

Gåsvær Færøy. Ho tok båten inn frå Solund i går, no sit ho klar

for operasjon på dagkirurgisk. Inngrepet har ho visst om ei god

stund, alle førebuingar er gjorde. Klokka er litt over eitt. Om ein

knapp halvtime er det klart.

TeKST KRISTIn dugSTAd VeSTRHeIm FOTO VegARd FImlAnd

Møtte tvil

Venterommet er ikkje stort. Veggflatene er brotne av dører

og grønpolstra stolar langs veggene. Ein fastmontert flatskjerm

viser ein teiknefilm. Hageblad frå i sommar ligg på eit lite bord i

hjørnet. Alle pasientane som fylde rommet for nokre timar sidan

har kome dit dei skal vere. Ingen ventande.

Frå eit av romma innanfor kjem Laila Løkkebø Sørensen,

operasjonskoordinator for kirurgisk klinikk, ut. Jobben hennar er å

sørgje for at venterommet er tomt og operasjonsstuene fulle. Sjølv

om datamaskinen er hovudverktøyet, treng ho både kulepenn og

papir lett tilgjengeleg. Ho nyttar lommeplassen i frakken godt.

I dag tidleg var det heilt fullt her inne, fortel Indrebø. Ho ser

rundt seg i det tomme venterommet.

Når venterommet er tomt samtidig som vi har mange pasientar

i systemet, vil det seie at pasientane slepp å vente på behandling.

Det er målet vårt, seier Indrebø.

Det blei spådd at med dagkirurgisk senter ville det bli vanskeleg

å gjennomføre ein ny pasientflyt ved Sentralsjukehuset i Førde.

Dagkirurgi er på ingen måte ei nyvinning, men ville det fungere

her? Vegstrekningane inn mot Førde er ikkje dei beste overalt,

reisetida for enkelte kan kome opp i fleire timar. Ville pasientane

stille til avtalt tid? Korleis skulle operasjonsstuene bli effektivt

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!