25.10.2014 Views

Her kan du lese hele saken i BT - KoRus Bergen

Her kan du lese hele saken i BT - KoRus Bergen

Her kan du lese hele saken i BT - KoRus Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

30 sport | Bergens Tidende fredag 31. mai 2013

Tips BTs sider om trim og trening!

sprek@bt.no

Elisabeth de Lange Gjesdal 928 21 801

Syklar frå Bergen til Voss for

KLARE FOR UTFORDRINGA: Ei handfull av brukarane ved LAR-huset i Indre Arna

har brukt mykje av vinteren og våren til å trena til Bergen–Voss. Thomas Vargas og

Mariel Taule er to av dei. No er det nett før dei skal visa kva dei er gode for.

Mariel Taule er blitt

berga frå fleire

overdosar. No tek ho

ansvar for å berga seg

sjølv.

Knut Langeland

jan m. lillebø (foto)

knut.langeland@bt.no

Sørfjorden ligg blank og glitrar

i morgonsola. Langs vegen veks

løvetann og engsoleie, og opp

bakken på Garnes kjem ei livskraft

som er like sterk – og like

skjør som blomane i vegkanten.

For Mariel Taule (24) veit det

godt. Kor skjørt livet er, kor vanskeleg

balansen er. Kor lite som

skal til for å trå feil her i livet.

Mål og meining

– Det var dårlege vener. Feil miljø,

seier 24-åringen frå Åsane.

Det heldt på å kosta henne

livet. Mariel var så langt nede

som det er råd å koma. Ho seier

ho levde eit liv som ikkje var

verdt å leva.

– Eg var lei og tok fleire overdosar.

Mariel vart berga, men den

gongen visste ho ikkje å setja

pris på det. No, syklande langs

landevegen med fjord og fjell og

blomar til kulisse, kjenner ho

endeleg glede over livet, at ho

lever, luktar, sansar og finst til.

No har ho mål og kjenner meining.

I morgon skal ho sykla frå

Bergen til Voss. 17 mil for å prisa

sjølve livet.

– Det går fint med meg no,

veldig fint. Eg reknar meg for å

vera ferdig med det gamle livet

mitt og har ingen kontakt med

miljøet eg var i. Det nye livet

mitt er her, og det er kjekt å ha

noko å gå til, seier Mariel Taule.

Mangfaldig tilbod

Det ho har å gå til, er LAR (legemiddelassistert

rehabilitering)-

huset i Indre Arna. Men LARhuset

i Indre Arna er meir enn

den gulmåla fasaden langsmed

TI MÅNADER RUSFRI: Espen Stokmo

var rusmisbrukar i 30 år. Han trenar

regelmessig og brukar fysisk aktivitet

som metode til å halda seg borte frå

rusen. Han trur det går best om han tek

ein dag om gongen.

det gamle jernbanesporet til

Garnes. LAR-huset i Indre Arna

er fylt med innhald og dedikerte

medarbeidarar. Avdelingsleiar

Birthe Unneland Napsholm skin

om kapp med sola når ho fortel.

– Vi ville driva med noko meir

enn berre utdeling av Subutex

og metadon, og vi veit at fysisk

aktivitet og arbeid bidreg til å

rehabilitera folk med rusproblem.

For medisinane som kvart

einaste LAR-hus i heile landet

tilbyr, gjer ikkje noko med einsemda,

den fysiske forma og den

sosiale angsten. Å gjera rusavhengige

verkeleg frie og friske

krev mykje meir enn det. Difor

har Birthe Unneland og dei

andre i LAR-huset i Indre Arna

eit mangfald av tilbod på lista si.

Positiv kraft

– Vi vil vera ei positiv kraft i

lokalmiljøet, vi vil bidra. No

samarbeider vi med fleire lokale

bedrifter og institusjonar og

tek på oss ulike typar arbeid. Vi

slår grøntareal, ryddar stiar, set

opp gapahukar, ryddar vegetasjon

og tek på oss målar- og flyttejobbar.

Vi blir sett og opplever

at dei fastbuande set pris på den

jobben vi gjer. Tilbakemeldingane

er iallfall positive, seier Birthe

Unneland Napsholm.

Betaling har dei ikkje lov å ta

VIL VIDARE: Mariel Taule (heilt til høgre) trur ho kjem til å bruka mellom åtte og ti timar på sykkelturen frå Bergen til Voss. Ho karakteriserer

Thomas Vargas og Espen Stokmo.

z fakta

LAR Arna

n LAR står for legemiddelassistert

rehabilitering.

n Har 27 brukarar.

n Er eit tilbod til personar utanfor

arbeid og som slit med rus og/

eller psykiske vanskar. Rusmiddelavhengige

er mellom dei

mest inaktive i samfunnet i dag.

n Brukarane har medansvar

for val og planlegging av

aktivitetar.

n Aktiviteten har som mål å gi

auka livskvalitet, faste rutinar,

meistring, betre sjølvbilete og

håp for framtida.

n Ligg administrativt under Nav

Arna.

imot, men annan form for støtte

er det ingenting i vegen for. Slik

er LAR-huset blitt sponsa med

mykje forskjellig utstyr. Arbeidsreiskap,

men også syklar. Det

er ein av dei Mariel Taule skal

bruka på turen til Voss.

Ho er ikkje den einaste. Firefem

av brukarane på LAR-huset

har gjennom heile vinteren og

våren førebudd

seg på det som for

dei er meir enn ei

fysisk utfordring.

Det er ei milepæl

i arbeidet med

å meistra livet.

Ein symboltung stabbestein på

vegen attende til eit verdig liv.

Rusfri etter 30 år

Mariel Taule går på metadon, og

alle som er med i prosjektet har

ei rushistorie i botn. Men ikkje

alle har vore avhengige av dei

sterkaste stoffa. Espen Stokmo

Livet med

rus er ikkje noko liv

voks opp i ein familie med alkohol

og vald og vart sjølv misbrukar.

– Det gjekk mest i amfetamin.

I 30 år rusa eg meg, men for

ti månader sidan var det slutt.

Livet nett no er nydeleg, seier

Stokmo.

Sist helg gjekk han 7-fjellsturen.

No står Bergen–Voss for

døra. Trening og

Espen Stokmo

fysisk aktivitet

hjelper han til å

halda seg rusfri.

– Sjølvsagt er

eg redd for tilbakefall.

Livet med

rus er ikkje noko liv. Det er eit

råttent miljø, der ein kan finna

på å selja si eiga bestemor for

ein dose. Når ein er kvitt rusen,

må ein ha noko anna å fylla

dagane med. Trening er supert,

seier Espen Stokmo.

Bergens Tidende fredag 31. mai 2013

| sport

31

EKSPERTENE GIR RÅD OM:

Fysisk aktivitet Guri Brekke

Langrenn og kondisjon Kristen Skjeldal

Alpint og trening Andrine Flemmen

Ernæring

Mette Helvik Morken

Guri

Guri

berre livet

tilbodet ved LAR-huset i Indre Arna som fantastisk for dei som vil vidare i livet. I tet ligg miljøterapeut Jan Runar Trandal, etter han følgjer

Meiner andre kan læra av Arna-prosjektet

Det dei har fått til, kan tene

som eksempel for andre senter,

meiner ekspert.

– Eg trur overføringspotensialet

er stort. I Arna har dei vore

flinke både på idé og gjennomføring.

Det er fantastisk og så

langt eg veit, ganske eineståande,

det dei har fått til. Eg er stolt

over å ha fått sjansen til å jobbe

saman med dei.

Det seier Monika Kvalavåg,

spesialrådgjevar ved avdeling

for rusmedisin i Helse Bergen.

Ho har følgt prosjektet sidan

oppstarten for halvanna år

sidan. Ein gong i veka har ho

besøkt LAR Arna for å følge prosessen.

– Dei tilsette ved LAR Arna er

utruleg offensive og fagleg dyktige,

også i det medmenneskelege,

i evna til å sjå og høyre pasientane.

Dei er proaktive og gjer

eit stykke arbeid som eg håpar

lar seg dokumentere i form av

ein forskingsrapport, seier Kvalavåg.

Verknaden fysisk aktivitet har

for rusavhengige kjem tydeleg

fram i fleire forskingsrapportar.

Til dømes i ei doktorgradsavhandling

som vart utgitt av

Asgeir Mamen ved Universitetet

i Bergen i 2011. Der kom det

fram at narkomane kan klare å

gjennomføre trening over lang

tid dersom dei har ein partner,

og at utviklinga i fysisk form

samsvarar med nedgang i mentale

problem.

– Vi har dokumentert at fysisk

aktivitet er ein viktig strategi for

å koma seg ut av rus, og både

for å førebyggja og handtera

psykiske problem, sa helseminister

Jonas Gahr Støre tidlegare

i veka.

Kvalavåg meiner måten LAR

Arna gjer fysisk aktivitet tilgjengeleg

på, er beundringsverdig.

– Resultata dei har oppnådd,

er gode, betre enn mange andre

stader. Fysisk aktivitet som

metode er kjent. Men her skjer

det poliklinisk, det vil seie at

brukarane kan kome på dagtid

og nyte godt av tilbodet.

Dei opplever større meistringskjensle,

rusar seg mindre, og vi

oppnår det som er sjølve grunntanken

innanfor rusomsorg:

Rehabilitering til samfunnet,

seier Kvalavåg.

Ho peikar på at medisinering

berre utgjer 5–10 prosent av rusbehandlinga.

Trening hjelper

mot rusproblemer

– Kan fysisk aktivitet behandle rusmisbruk eller

rusavhengighet?

– Det finnes noe dokumentasjon på at strukturert fysisk aktivitet

kan anbefales for å dempe ubehag ved abstinenser. Det er

imidlertid flere studier som viser at tilbakefallsfrekvensen er

lavere hos personer som deltar i regelmessig fysisk trening.

Fysisk aktivitet er et viktig supplement til annen behandling.

– Hvorfor er det viktig å ha fysisk trening med i

behandlingen?

– Personer med ruslidelser har en betydelig overhyppighet

av angst og depresjonslidelser. Det er mulig at fysisk aktivitet

dels kan ha en beroligende og angstdempende effekt som

tilsvarer den rusfremkallende, dels kan trening

Fysisk

aktivitet kan

ha en positiv

effekt på

angst

være en aktivitet som kan erstatte noe av

tomrommet etter rusmidler.

– Hvilken effekt har fysisk aktivitet på

angst?

– Fysisk aktivitet kan ha en positiv effekt

på angst ved at man lærer å fortolke de

kroppslige angstsymptomene som mindre

skremmende. Trening kan muligens også

fungere som en distraksjon, d.v.s. at virkningen

skjer ved at man ved aktivitet får tankene

vekk fra angst og bekymringer. Det finnes også en hypotese

om at fysisk aktivitet fører til økt utskilling av betaendorfiner

som kan ha en beroligende effekt.

– Hvilke effekt har fysisk aktivitet på depresjoner?

– Effektene av fysisk aktivitet godt dokumentert ved milde til

moderate depresjoner. Noen studier viser at fysisk aktivitet

kan medføre like stor reduksjon i depressive symptomer

som etablerte behandlingsmetoder, slik som antidepressive

medikamenter. Ved depresjon er atferden preget av passivitet,

tilbaketrukkethet og isolasjon. Fysisk aktivitet innebærer

endring av atferd og har vist seg å fremme positive tanker,

øke troen på å takle egne problemer, gi økt selvtillit og evne

til selvkontroll.

– Hvilke psykologiske virkninger kan man oppnå av å være

fysisk aktiv?

– Generelle psykologiske virkninger av fysisk aktivitet er

livsutfoldelse og glede, økt velvære etter aktivitet, overskudd

og energi, bedre søvnkvalitet, mindre stress-symptomer, økt

optimisme og mer pågangsmot, bedre selvfølelse og forhold

til egen kropp.

– Andre forhold som kan være viktige i denne

sammenhengen?

– Det kan være viktig å etablere et sosialt nettverk utenfor

deres vanlige miljø. Organisert trening sammen med andre

kan være en inngangsport til å komme lettere i kontakt med

nye mennesker.

UKENSSPREKING

navn: Janeke Vatne (66)

yrke: Pensjonist, fremdeles aktiv i Human-Etisk forbund

– Er du sprek?

– Ja, gitt alderen så føler jeg meg rimelig

sprek.

– Hvilke aktiviteter bedriver du?

– Jeg trener fast tre ganger i uken sammen med tidligere

arbeidskamerater i Bergen kommune i Sentralbadet. Da

går jeg i hvert fall to dager på aerobic og en dag på pilates.

Idrettslaget arrangerer òg trappeløpet, hvor vi løper fra første

til fjortende etasje. Det har jeg gjort mange ganger. Så er

jeg flittig turgåer. Jeg har gått 7-fjellsturen og 4-fjellsturen ti

ganger hver. I år kom jeg ikke så langt, men jeg går rett som

det er opp Stoltzen. Det er en god økt. I tillegg sykler jeg en

del. Jeg gjør blant annet innkjøp i nærbutikk med sykkel.

– Hva liker du best?

– Aerobic. Da får jeg god aktivitet på kort tid. Hvis du har

mange gjøremål, er en time med aerobic effektiv trening

med god musikk. Å trene i en gymsal sammen med mange

jeg kjenner, er givende.

– Hvorfor er du i aktivitet?

– Jeg har trent siden jeg var ung og har alltid hatt stor glede

av det. Jeg hadde en periode jeg var litt nedkjørt og da gikk

jeg for første gang 7-fjellsturen. Deretter ble det ti strake. Det

ga meg en psykisk positivitet som jeg er evig takknemlig for. I

tillegg gir trening meg et fysisk gode.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!