St.prp. nr. 1 (2008-2009) - Statsbudsjettet
St.prp. nr. 1 (2008-2009) - Statsbudsjettet
St.prp. nr. 1 (2008-2009) - Statsbudsjettet
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
60 St.prp. nr. 1 2008–2009

Miljøverndepartementet

Gjennom nasjonalt overvakingsprogram og helseovervakingsprogram

for hjortevilt følgjer ein

bestandsutviklinga i eit representativt utval av hjorteviltbestandane.

Veterinærinstituttet og Direktoratet

for naturforvaltning har saman utarbeidd eit

rammeverk for helseovervaking av viltbestandar.

Behovet for helseovervaking er aktualisert ved

den sterke merksemda som har vore omkring

fuglevirus og moglege konsekvensar av dette i

Noreg. I tillegg kjem auka utbreiing av flått og hjortelusfluge,

og auka fare for andre sjukdommar

med endra klimatilhøve. For hjort utgjer fellingsløyve

på område/vald med bestandsplan 35 pst. av

det totale talet på fellingsløyve (13 633 av totalt 38

369). For elg utgjer desse løyva 85 pst. (39 003 av

totalt 45 597). Ingen viltarter som det er jakta på er

truga av overutnytting.

Regulering av laksefisket er basert på vitskapeleg

rådgiving, kunnskap om tilstanden til bestandane,

fagleg skjønn og erfaringar. I 2008 vart det

innført eit nytt reguleringsregime med vesentlege

innskrenkingar i fisket både i elv og i sjø. Innskrenkingane

er grunngitte mellom anna med omsynet

til å kunne nå gytebestandsmål i dei 162 elvane der

det finst vurderingsgrunnlag for slike mål. Reguleringane

i sjø skal reviderast i 2009 med sikte på

mellom anna å få på plass ei konsesjonsordning for

sjølaksefiske i tråd med Innst.S.nr.183 (2006-2007).

Ei driftsplanbasert forvaltning krev at rettshavarane

er organiserte i høvelege einingar som kan

ivareta interessene deira. Slike einingar må vere

juridisk og økonomisk forpliktande, slik at styresmaktene

kan opptre formelt i høve til eit driftsplanområde.

Utviklinga av driftsplanbasert forvaltning

vil bli følgd opp i samarbeid med dei sentrale organisasjonane

på fiskerettshavar- og brukarsida. I

høyringsforslag til revidering av lakse- og innlandsfisklova

er det mellom anna foreslått å innføre obligatorisk

organisering av rettshavarar i laksevassdrag.

Arbeidsmål 1.2.1.2 Medverke til at all utnytting av

levande ressursar og genressursar skjer i tråd med

føre var-prinsippet og ei økosystembasert tilnærming

gjennom rådgiving og oppfølging av sektorane

Fleire fiskebestandar i Nordsjøen har låge

bestandsnivå. Det gjeld for eksempel torsk og

makrell. Talet på gytebestandar over og under

sikre biologiske grenser er forholdsvis konstant i

perioden. Kva slag bestandar som ligg over eller

under dei sikre grensene varierer likevel noko frå

år til år. Noko av variasjonen kan forklarast med

naturlege svingingar i bestandane. Generelt kan

ein likevel seie at gytebestandane i Nordsjøen er

relativt sterkt påverka av fiskeri.

I 2006 var makrell og kolmule utsette for fiske

utanfor det som er sett på som sikre grenser for å

unngå ein nedgang i bestanden. Dette inneber at

ein haustar meir fisk av desse artene enn overskotet

i bestanden gir grunnlag for.

Fleire kommersielle marine arter er lista i den

norske raudlista, bl. a. er artene ål og pigghå

vurderte som kritisk truga. Kysttorsk nord for 62.

breiddegrad grader er vurdert som sårbar og

havsil, vanleg uer og snabeluer som sårbare. For

nokre av desse artene går det føre aktivt kommersielt

fiske. Det er gjennomført tiltak for å ta vare på

desse artene. Bl.a. er det forbod mot direkte fiske

av pigghå og det er gjennomført fleire avgrensingar

i fisket etter kysttorsk nord for 62. breiddegrad.

For ål er det starta opp arbeid med å lage ein

handlingsplan. For denne arten er det sannsynleg

at klimaendring er ein viktig påverknadsfaktor. For

vanleg uer er det lov med direkte fiske med noko

reiskap og innanfor eit avgrensa tidsrom, men det

er reglar for bifangst. Det er ikkje lov med direkte

fiske av snabeluer – i tillegg er det reglar for

bifangst og stengte område.