31.01.2015 Views

Søkjarkatalogen for 2005 i pdf-format - Hordaland fylkeskommune

Søkjarkatalogen for 2005 i pdf-format - Hordaland fylkeskommune

Søkjarkatalogen for 2005 i pdf-format - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Kva kurs/ skolar kan eg søkje

Du kan føre opp tre ulike kursønskje og inntil seks

skolar på kvart kurs. Du må prioritere kurs-/skoleønskja

dine, men du kan søkje kva skolar du vil

(Fritt skoleval)

Vi rår til at du nyttar så mange kurs-/skoleønskje

som mogleg – særleg i Bergensområdet er dette

svært viktig.

Ønskja dine blir prøvde i den rekkjefølgja dei er

førte på søknadsskjemaet. Dersom du får plass på

kurs-/skoleønske 1, blir dei andre ønskja dine ikkje

vurderte fordi du har fått plass på høgast prioritert

kurs og skole.

Dersom du får plass ved kursønskje 1, men til

dømes skoleønske 6, blir du ført på venteliste til

dei høgare prioriterte skolane. Når vi sender ut

melding om kva skole du har fått plass ved ,vil du

også få spørsmål om du vil stå vidare på venteliste

til høgare skoleprioritet.

Dersom du t.d. får plass ved kursønskje 2 eller

3, blir du i tillegg ført på venteliste til alle høgare

prioriterte kurs-/skoleønskje. Også her skal du m.a.

svare på om du vil stå vidare på venteliste.

Ved fritt skoleval er det karakterpoengsummen

din som avgjer om du får plass ved den skolen du

har søkt. Formelt sett har du ikke klageadgang

dersom du ikkje har fått plass ved den skolen du

helst ønskjer å få kome inn på. Dette er såleis eit

svært godt argument for å føre opp så mange

skolar som du kan under kvart kurs på søknadsskjemaet.

Du vil då vere med å avgjere kva skole

og kurs du får plass ved.

Kan eg få plass ved ein annan skole

eller kurs enn det eg har søkt

Som hovudregel får du berre plass på skolar og

kurs som du har søkt – difor er det også så viktig å

nytte søknadsskjemaet fullt ut.

Ved siste inntaksomgang før skolestart må vi

likevel tilby deg plass i høve til dei rettar du har i

høve til Opplæringslova. Du vil då (etter visse retningslinjer)

bli plassert på ledige plassar uansett om

du har søkt kurset/skolen eller ikkje.

Endring av søknad etter at søknadsfristen

er ute

Du vil ikkje kunne endre søknaden din etter 1.

mars. Unntak kan gjerast ved flytting, sjukdom

eller sterke sosiale grunnar. Grunnane må kunne

dokumenterast.

Søknad om inntak på særskilt

grunnlag

I forskrift til Opplæringslova skal ein del elevplassar

i den vidaregåande skolen reserverast for

søkjar som etter sakkunnig vurdering har behov

for inntak på særskilt grunnlag.

Ved søknad til klassar med redusert elevtal skal

det alltid søkjast om inntak etter særskilt vurdering.

Dessutan kan det søkjast inntak til ordinære klassar

dersom eleven treng omfattande tilrettelegging.

Det skal alltid leggjast ved sakkunnig vurdering.

Dysleksi gir i utgangspunktet ikkje grunnlag for

inntak etter særskilt vurdering.

Søknad på særskilt vurdering blir som hovudregel

sendt gjennom skolen, Oppfølgingstenesta/PPT

eller andre faglege instansar. Merk at søknadsfristen

er 1. februar. Det er utarbeidt eigen kurskatalog

som gir meir informasjon om innsending av

søknad på særskilt grunnlag. I denne katalogen

blir det også gitt eit oversyn over skolar som har

klassar med redusert elevtal.

Merk at det ved innsending av søknad på særskilt

grunnlag skal fyllast ut spesielle søknadsskjema i

tillegg til registrering på internett. Søknader som

ikkje er vedlagt sakkunnig vurdering blir automatisk

overført til ordinær behandling.

Søknad om inntak på individuelt

grunnlag

Dette er ei søkjargruppe som søkjer på ordinært

grunnlag med søknadsfrist 1. mars, men som

har spesielle grunnar til å få søknaden behandla

individuelt. Dette kan vere fordi ein på grunn av

sjukdom eller spesielle vanskar ikkje har oppnådd

dei karakterane ein elles ville fått.

Det er ikkje eigne søknadsskjema som skal fyllast

ut for denne gruppa, men det må sendast inn

grunngjeving for at ein ønskjer individuell behandling.

Registrering av skole-/kursønskje skal sjølvsagt

gjerast på vanleg måte på internett/papirsøknad.

Det skal ALLTID leggjast ved dokumentasjon frå

den som kjenner saka, t.d. lækjar/psykolog.

Dersom søknaden skal behandlast individuelt

må det som hovudregel søkjast om dette innan 1.

juni. Etter at 1. inntaksomgang er ferdig blir det

berre unntaksvis behandla søknader på dette

grunnlaget, og då fordi det har oppstått ein situasjon

etter 1. juni som gjer det naturleg å sjå spesielt

på søknaden.

Nærare informasjon om individuelt inntak får du

hos rådgjevaren på din skole.

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!