31.01.2015 Views

Søkjarkatalogen for 2005 i pdf-format - Hordaland fylkeskommune

Søkjarkatalogen for 2005 i pdf-format - Hordaland fylkeskommune

Søkjarkatalogen for 2005 i pdf-format - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Spørsmål og svar

om vidaregåande opplæring

1. Kva rettar har eg til vidaregåande opplæring når eg er ferdig med 10. klasse

Svar: Når du er ferdig med 10. klasse har du rett til 3 års vidaregåande opplæring. Retten må vere

tatt ut innan fem år ettter at du var ferdig med ungdomsskolen. Det betyr at du kan ta inntil to

friår frå vidaregåande opplæring utan å miste opplæringsretten din.

2. Kan eg få formell permisjon frå vidaregåande opplæring

Svar: Formell permisjon frå ein bestemt skole eller kurs får du berre dersom du ikkje kan ta imot

plass p.g.a. sjukdom, svangerskap/omsorg for barn/militærteneste eller spesielle sosiale grunnar.

Du får ikkje formell permisjon ved å ta eitt år på folkehøgskole eller som utvekslingselev i utlandet.

Sjå elles punkt 1 ovanfor.

3. Kan eg endre søknaden min etter at søknadsfristen er ute

Svar: Nei, den søknaden som er registrert er din endelege søknad, og kan berre endrast dersom

det oppstår ein heilt ny situasjon, t.d. flytting.

4. Kva meiner ein med Fritt skoleval

Svar: Det betyr at du kan søkje kva skole du vil i Hordaland, utan omsyn til bustadadresse. Dersom

det er fleire søkjarar enn skolen/kurset har plassar, vil det vere karakterpoengsummen din som

avgjer om du får plass. Vi rår deg difor til å søkje så mange alternative skolar som mogleg under

kvart kurs. Med dette er du sjølv med på å styre kva skole-/kurs du kan få plass ved.

5. Kvifor er det så høge poengsummer ved nokre kurs, og så mykje lågare ved andre

Svar: Dei kursa som har høgast poengsum for å kome inn har ofte få plassar. Ved andre kurs er

talet på plassar vesentleg høgare, m.a. fordi det er trong for arbeidsplassar innanfor desse faga.

6. Eg har lyst til å søkje vidaregåande opplæring i eit anna fylke. Kva gjer eg då, og har eg like

god sjanse til å få plass i dette fylket som i Hordaland

Svar: Du kan gjerne søkje plass i eit anna fylke, men sidan du har retten din til opplæring i Hordaland

vil du ha svært liten sjanse til å få plass. Unntaket er dersom du har foreldre som bur i to

ulike fylke. Sjå også side 13 i denne katalogen.

I siste halvdel av mai vil du få eit hefte som gir deg informasjon om sjølve inntaket,

korleis du svarar på tilbod, skolestart osv.

I perioden juni–august kan du også gå inn på

www.hordaland.no

og finne fleire spørsmål og svar om inntak og inntaksrutiner

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!