Søkjarkatalogen for 2005 i pdf-format - Hordaland fylkeskommune
Søkjarkatalogen for 2005 i pdf-format - Hordaland fylkeskommune
Søkjarkatalogen for 2005 i pdf-format - Hordaland fylkeskommune
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
Tekniske og allmenne fag (TAF)

Denne utdanninga fører i løpet av 4 år fram til både

studiekompetanse og fagbrev. Innanfor yrkesfaga

kan du velja mellom ulike byggfag, mekaniske fag,

marinefag og elektrofag. Innanfor allmennfaga

på VKI og VKII er det obligatorisk med matematikk

MX (5 + 5) og fysikk (5 + 5). Dette gir rett til inntak

på alle universitet og høgskolar. Dei to fyrste åra er

du elev, og går tre dagar på skole og arbeider to

dagar i bedrift. Dei to siste åra er du lærling med

lærekontrakt. Tredje året er fordelinga mellom

skole/bedrift som i dei to fyrste, medan du er i

bedrift 3 dagar i veka det siste året.

Merk at dei som får tilbod i «TAF-klasse» skriv

lærekontrakt med ei bedrift. Det er bedrifta som

tilset lærlingane. Dette treng ikkje vere dei søkjarane

som har høgast poengsum frå ungdomsskolen.

Ordinært poenginntak gjeld difor ikkje til

«TAF-klassane».

Følgjande skolar i Hordaland har tilbodet:

• Fusa vidaregåande skule

– Marine fag (sjå side 48)

– Mekaniske fag (sjå side 43)

• Knarvik vidaregåande skule

– Byggfag (sjå side 27)

– Elektrofag (sjå side 29)

– Mekaniske fag (sjå side 43)

Skole-/kurskode finn du på sidene 27, 29, 43, 48.

Plass ved skolar som samarbeider

med Bergen Fotballakademi (BFA)

Fleire skolar i Bergensområdet har eit samarbeid

med Bergen Fotballakademi (sjå side 17).

Elevar ved grunnkurs og vidaregåande kurs I –

allmenne, økonomiske og adm. fag – og som satsar

på å bruke tid på fotballen kan, dersom det er

ønskjeleg, få utvida opplæringsrett frå tre til fire

år.

Skoledagen vil bli lagt opp slik at du får trene på

dagtid – inntil 6 timar pr. veke – med trenarar frå

Bergen Fotballakademi. Dei aktuelle skolane har

alle fotballbanar/garderober i sitt nærområde.

Kostnaden for å delta på dette opplegget er ca.

1.400 kroner pr. månad pr. skoleår. Dette er ein pris

som Bergen Fotballakademi skal ha for sine tenester.

Den ordinære undervisninga ved dei aktuelle

skolane er sjølvsagt gratis.

Det blir ikkje stilte krav til spesielle ferdigheter/

resultat for å kunne delta. Utgangspunktet for

Bergen Fotballakademi er å tilretteleggje for eit

lærerikt og interessant fotballtilbod for elevar i

den vidaregåande skolen.

Tilbodet er sjølvsagt ope både for jenter og

gutar. Dersom du ønskjer å søkje må du – i tillegg

til ordinær søknad for vidaregåande opplæring

– sende inn eit opplysningsskjema til Bergen Fotballakademi.

Skjemaet finn du nederst på det elektroniske

søknadsskjemaet. Vanlege poengreglar vil

gjelde dersom det melder seg fleire søkjarar enn

det er plassar.

Desse skolane samarbeider med Bergen Fotballakademi:

• Arna gymnas

• Askøy videregående skole

• Fyllingsdalen videregående skole

• Knarvik vidaregåande skule

• Os gymnas

• Sandsli videregående skole

• Åsane gymnas

I vidaregåande kurs I samarbeider skolane ovanfor

med Bergen Fotballakademi. Det er mogleg også

for elevar som ikkje går på desse skolane i inneverande

skoleår å søkje VK I, og inngå avtale med

Bergen Fotballakademi. Vanlege poengreglar vil

gjelde dersom det melder seg fleire søkjarar enn

det er plassar.

18