32 Fortid 2/11i tunge vandrestøvler, en slags arbeidsbukse avbleket blått kattun, i tillegg til en skreddersydddressjakke som for lengst var gått av mote, ogforuten ved sitt ytre skilte han seg fra de øvrigereisende også ved at han som den eneste ikkestirret udeltagende hen for seg, men derimot varopptatt med å gjøre notater og lage skisser somåpenbart vedrørte den praktfulle salen vi beggesatt i, og som i mine øyne snarere så ut til å væreberegnet for en statlig seremoni enn for å vente påden neste togforbindelsen til Paris eller Ostende– (s. 10)Austerlitz blir presentert som forskjellig frå dei andre reisande.Han kan mykje om arkitektur og arkitekturhistorie,og desse utleggingane blir i den verbale teksten koplasaman med ei rekke svart-kvitt bilde som er lagde inn i,og slik blir ein del av, hovudteksten. Sidan bilda ikkje blirforklarte, blir dei også på ein merkeleg måte fiksjonaliserte– samtidig som dei forankrar fiksjonen i ein historisk realitet.På ein merkeleg måte utgjer bilda både ein overgangog eit møtepunkt mellom den historiske og fiktive dimensjonenved teksten – ikkje minst sidan dei er så utydelegeog statusen deira (om og i kva grad og på kva måte dei erautentiske) er uklar.Austerlitz redda av KindertransportGradvis forstår vi at Austerlitz er ein tjekkisk jøde somklarte å flykte frå nazistane sommaren 1939, som eit avdei jødiske barna på ein såkalla Kindertransport til England.Fleire tusen jødiske barn blei redda på denne måtensommaren 1939; ein av dei som på denne måten kom tilNorge, var psykiataren Berthold Grünfeld. Austerlitz’ far,Maximilian, flykta til Frankrike, medan mora, Agáta, bleiigjen i den tsjekkiske republikken saman med Věra, eiikkje-jødisk veninne av familien. I Storbritannia blir Austerlitzplassert hos ein streng familie i Wales. Der likar hanseg ikkje; hans einaste trøst er den entusiastiske historielærarenHilary, som hjelper han til å studere. Som vaksensøkjer han rastlaust etter foreldra sine. Han finn fram tilVěra, og samtalane med henne får han til å tru at mora,Agáta, blei internert i Terzín-gettoen i 1942, og så deporterttil konsentrasjonsleiren Theresienstadt hausten 1944.onsdag, og i den uvanlige stillheten som hersketpå Gare d’Austerlitz på grunn av dette, var hankommet til å tenke på at faren kort tid ettertyskernes innmarsj hadde forlatt Paris fra dennejernbanestasjonen som lå nærmest leilighetenhans i Rue Barrault. Jeg innbilte meg, saAusterlitz, at jeg så ham, hvordan han lente segut av kupévinduet ved avreisen, og jeg så også dehvite dampskyene stige opp av lokomotivet sommøysommelig satte seg i bevegelse. (s. 240–241)Avsnittet er akkompagnert av eit svart-kvitt bilde av einjernbanestasjon. Når vi les desse linjene får vi ei kjensleav at Austerlitz’ forteljing bit seg sjølv i halen, for eit avdei første bilda i Austerlitz er også av ein jernbanestasjon.Namnet på stasjonen i Antwerpen, Salle des pas perdu eller«Dei tapte skritts hall» kan òg koplast til Gare d’Austerlitz,som har same namnet som hovudpersonen Austerlitz. Iforhold til romanens tematikk er det talande at stasjonener tom for folk: Dei millionar av jødar som blei drivnegjennom europeiske jernbanestasjonar på veg til Auschwitzog andre dødsleirar, er alle borte. Her er det eit viktigtilknytingspunkt mellom Austerlitz og Saras nøkkel.Austerlitz er ein reflekterande, melankolsk tekst som appellereri ulik grad og på ulike måtar til forskjellige lesarar.Éin grunn til at denne forma for litteratur fungerer så godtsom formidling av Holocaust, er at Sebald på ein originalog effektiv måte brukar fiksjonen til å skape empati(hos hovudpersonen, hos rammeforteljaren og hos lesaren).Gjennom si estetiske form får boka ein insisterandeetisk dimensjon som grip tak i lesaren. Ved å lese Austerlitzskjønar vi gradvis litt meir av bakgrunnen for og konsekvensaneav ei uhyrleg historisk hending som har ei sterkog nærast uhyggeleg fascinasjonskraft. I tillegg maktarSebald gjennom forteljemåten i romanen å formidle detspenningsfylte i denne fascinasjonskrafta: På den eine sidaønskjer vi å forstå Holocaust, på den andre sida ønskjervi ikkje å forstå ei historisk hending som er rensa for deikvalitetane av omsorg og tillit som for Løgstrup definerermennesket. ■Sjølv om Austerlitz på eit rasjonelt nivå truleg reknar medat begge foreldra blei myrda av nazistane, klarer han ikkjeå forsone seg med dette tapet, og han leitar vidare etter farsin i Paris:Merkelig nok, sa Austerlitz, hadde han få timeretter vårt siste møte fått en forutanelse om athan var kommet nærmere faren, da han på veifra Bibliothèque Nationale skiftet tog på Gared’Austerlitz. Som jeg kanskje visste, hadde enstreik lammet deler av jernbanetrafikken sist
På tema 33Noter1 Vetlesen, Evil and Human Agency, s. 2. Jf. Vetlesen, Hva er etikk.2 Løgstrup, Den etiske fordring, s. 173 Jf. Lothe, Fiksjon og film, s. 134 I boka Joseph Conrad diskuterer eg forteljemåten i Heart ofDarkness på s. 95–146. Det er interessante tilknytingspunktmellom Conrads kritikk av europearane sin ekstreme brutalitetmot dei innfødde i Kongo i perioden 1890–1910 (jf. Hochshild2005) og Sebalds framstilling av nazistanes massedrap av jødar iAusterlitz.LitteraturlisteConrad, Joseph. Heart of Darkness. Red. Paul Armstrong.Norton, New York, 2006.Conrad, Joseph. Mørkets hjerte. Omsett av Bjørg Hawthorn.Kagge, Oslo, 2003.Hochshild, Adam. Kong Leopolds arv. En beretning om grådighet,forferdelser og heroisme i det koloniale Afrika. Pax, Oslo, 2005.Lothe, Jakob. Fiksjon og film. Narrativ teori og analyse.2. utg. Universitetsforlaget, Oslo, 2003.Lothe, Jakob og Anette Storeide (red.). Tidsvitner.Fortellinger fra Auschwitz og Sachsenhausen. Gyldendal, Oslo, 2006.Utgitt som lydbok på Lydbokforlaget 2007.Lothe, Jakob. «Forteljing, vitnesbyrd, fiksjon. Narrativepresentasjonsformer av Holocaust». I Årbok 2008, Det NorskeVidenskaps-Akademi, Novus, Oslo, 2009, s. 223–39.Lothe, Jakob, Susan Rubin Suleiman og James Phelan (red.).After Testimony: The Ethics and Aesthetics of Holocaust Narrative.Ohio State University Press, Columbus, under utgiving.Løgstrup, Knud E. Den etiske fordring.Gyldendal, København, 1956.Rosnay, Tatiana de. Saras nøkkel. Omsett av Kirsti Øvergaard.Bazar, Oslo, 2010.Sebald, W.G. Austerlitz. Fischer Verlag, Frankfurt am Main, 2003.Først utgitt på Carl Hanser Verlag, 2001.Sebald, W.G. Austerlitz. Omsett av Geir Pollen.Gyldendal, Oslo, 2005.Vetlesen, Arne Johan. Evil and Human Agency: UnderstandingCollective Evildoing. Cambridge University Press, Cambridge, 2005.Vetlesen, Arne Johan. Hva er etikk.Universitetsforlaget, Oslo, 2007. ■