15.05.2020 Views

Unikum mai 2020

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

langvarig. Finland er blant eit av desse landa

som stoppa all eksport av mat. Finland har vore

eit foregongsland i førebuing mot kriser. Dei har

so mykje mat lagra i sine korn og matlagre at dei

leiger lagerplass i utlandet for å få lagra alt.

Noreg har satsa for lite på sjølvforsyning, det

står i dag 33252 tomme småbruk og landbrukseiendommer

rundt om i landet. 12338 av desse er

uoppgjorte dødsbo. Ei litt meir hastande krise

som har oppstått under nedstenginga av samfunnet

er at norske bønder no manglar 30000

sesongarbeidarar då dei har blitt avhengige av

billig arbeidskraft frå andre land i Europa.

Dei siste ti åra har Noreg hatt fleire haustesesongar

der me har hatt for mykje regn eller for

mykje sol, slik som tørkesesongen i 2018 med

store mengder skogbrann og små avlinger. Det

burde vere tydeleg i lys av dei internasjonale

forbindingene under denne krisa at å forventa

at andre land skal forsyna oss berre fordi

me har god kredittscore og eit enormt oljefond,

det er toppen av arroganse og sjølvgodheit.

Feltsjukehus og forsvarets rolle i kriser

Og sist, det norske forsvaret hadde 37 lette feltsjukehus

i tillegg til medisinsk utstyr lagra i fjellhallar

rundt om i landet. Dette har alt forsvunnet

etter omlegginga av forsvaret etter år 2000.

Å erstatta dette aleine i dag ville kosta minst 5

milliarder kroner etter forsvarets eigne anslag.

Før år 2000 hadde forsvaret 6 forhåndsrekvirerte

cruiseskip som skulle brukast til skipshospital,

denne ordninga blei også avvikla. I dag har me

kun tri sett med feltsjukehus basert i containere,

desse har kun kapasitet på 50 pasienter kver.

seg innendørs, der helsevesenet vert overbelasta,

eller akkutt klimakrise der me ikkje får produsert

avling eit år står me utan sikkerheit for at andre

land skal kunne levera til oss. Det framstår som

svikt i alle ledd når me har klart over 25 år å byggja

ned alle system for beredskap og det ikkje har blitt

ropt høgt nok varsko om dette. I undersøkelsen av

desse fenomenene har eg lest artikler og djupgraving

på kvert enkelt punkt, men har ikkje funnet

noko som virkeleg dekker omfanget av nedbygginga

som har funnet stad. Dette er hårreisande.

COVID-19 var ei uventa krise, og ramma hardt og

kjapt verda rundt. Klimakrisa derimot er ei varsla

krise som får større og større konsekvenser for

kvert tiår, både her i Noreg og verda rundt. Kor

lenge kan me stola på at våre allierte og våre handelspartnarar

kan forsyna oss, når dei også står

overfor dei same krisene me sjølv går gjennom?

Noreg har ein stor pengesekk, men kanskje ein dag

må også me finna ut at me ikkje kan eta penger.

Heldigvis so innførte regjeringa og lokale myndigheiter

strenge og effektive tiltak fort som

hjalp å redusera smitteeffekten av COVID-19,

og regjeringa har uttalt at dei skal sjå på beredskapen

framover. Kan me stola på dette?

Det får visa seg.

Det utstyret og dei feltsjukehusa som forsvant

ville ikkje kunne takla akkurat det same som

fullt utrusta sjukehus, men dei kunne virka avlastande

på sjukehusa, slik at mindre kritiske

pasienter og sjukdommar kunne bli behandla

i feltsjukehusa, mens krisebehandlinga kunne

foregå i større grad i helsevesenet for øvrig.

I sanitetsdepoter rundt om i landet hadde forsvaret

også nok respiratorer på lager til å utstyre alle

37 feltsjukehusene ved behov. Det kan tenkjast at

desse ville vore veldig nyttige å fortsatt ha på lager.

Noreg har i dag kun 550 intensivrespiratorer.

POTENSIELL FRAMTIDIG KRISE

Når det gjelder matsikkerhet, medisinsikkerhet

og medisinsk beredskap eiger ikkje Noreg lengre

førebuing mot katastrofer skulle det bli kaskadekollaps

i forsyningslinjer verda rundt, og spesielt

i EU der me deltek i fellesmarknaden. Skulle det

komma ei krise som ikkje lar seg løysa med å halda

22

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!