12.03.2022 Views

Bibelen ein trygg vegvisar

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga. Bibelen – ein trygg vegvisar AV ERLING THU https://venturaforlag.no/boktema/boktema/boktema/bibel-33/bibelen-–-ein-trygg-vegvisar.html

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga.

Bibelen – ein trygg vegvisar
AV ERLING THU
https://venturaforlag.no/boktema/boktema/boktema/bibel-33/bibelen-–-ein-trygg-vegvisar.html

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

2

3

Bibelen – ein trygg vegvisar

Copyright © Ventura forlag AS 2022

Sats og omslag: Kristian Kapelrud

Skrift: Adobe Garamond Pro 12/15,45 pt.

Trykk og innbinding: InDevelop, Latvia

1. opplag mars 2022

ISBN 978-82-8365-140-9

Bibelsitata er henta frå Bibel 2011 © Bibelselskapet

om ikkje noko anna er sagt.

Ventura forlag AS

2312 Ottestad

post@venturaforlag.no

www.venturaforlag.no

Innleiing

Det siste året har eg lese Salme 119 fleire gonger. Kvar gong blir eg

fylt av takk og glede over å ha tilgang til Guds ord. Denne salmen

er den lengste i Bibelen og kanskje den mest forseggjorde når det gjeld

stil og struktur. Salmen er delt inn i 22 bolkar, ein bolk for kvar av dei

22 bokstavane i det hebraiske alfabetet i alfabetisk rekkjefølgje. Kvar bolk

er på 8 vers, og kvart av desse versa startar med same bokstav.

Salmisten, som sannsynlegvis er David, gleder seg over Guds Ord og

prisar Herren for alle velsigningane han finn i Ordet frå Gud. Han bruker

minst 10 ulike ord for Guds lov, men eitt av desse orda tek han som regel

med i kvart einaste vers. Salmisten er ivrig og uthaldande i å forstå og leva

etter Guds Ord. Han lærer Ordet utanåt. Han grundar på Ordet. Han

lengtar etter Ordet. Han ventar på Ordet. Han let Ordet styra livet og

oppførselen. Han finn håp og fred når han let seg leia av Ordet.

Eg trur at Salme 119 er svært viktig for alle kristne i denne tida. Difor

vil eg ta lesarane mine med meg gjennom denne salmen, vers for vers.

Dette er ein god måte å leva på: å ha fokus på Guds Ord slik salmisten

har! Guds Ord er vår rikaste skatt og vil gje oss eit rikt og spennande liv.

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til

den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga,

og det djupe mysteriet i Skrifta der moralsk disiplin og alle kristelege

dydar skin gjennom alt. Denne salmen er som ein kristen ABC som lærer

oss å grunda på skattane i Guds Ord, skattar av lovprising, kjærleik og

kraft som viser oss korleis vi kan bruka Guds Ord i kvardagen.

Erling Thu,

Huset i skogen,

våren 2021

5

6

Bolk 1

א

ALEF

I

dei følgjande 8 versa startar kvart vers med den hebraiske

bokstaven ALEF som svarar til vår A. Denne bolken

(1–8) handlar om dei velsigningane vi får del i når vi vandrar

og lever etter Guds ord. Vi blir introduserte til mange ulike

uttrykk som er brukte om Guds ord. Alle desse uttrykka,

lov, bod, forskrifter, påbod, dommar, vitnemål og liknande

viser oss at Ordet frå Gud har absolutt autoritet. Difor må

vi lyda og gjera etter det.

7

1

Velsigna er dei

som lever etter Herrens lov

Sæle er dei som er heile i si ferd, dei som følgjer Herrens lov * .

– Salme 119,1 –

Første verset startar med å prisa dei lukkelege som er heile i si ferd,

dei som lever eit liv i integritet. Noko som berre kan gjerast når ein

følgjer Herrens Lov. Sæle er dei, eller lukkelege er dei, eller kanskje endå

betre: Velsigna er dei som lever heile liv i lyset frå Guds ord. Velsigna er

dei som lever etter Herrens lov.

Lukka i livet finn vi ikkje ved å følgja vårt eige hjarte, for det er svikefullt,

seier Guds ord. Våre eigne tankar og lyster vil svært ofte føra oss

ut i ulukke. Men kor lukkeleg er ikkje dei som let seg leia av Herrens

lov. I ei tid der mange snakkar ned og undergrev tilliten til Bibelen, vil

eg slå eit slag for bibeltruskap. Ved Guds nåde har eg levd eit langt liv og

sett litt av kvart opp gjennom åra. Det finst ingenting som kan målast

med den velsigninga det er å leva etter Guds ord. Eg ønskjer at komande

generasjonar i landet skal få oppleva dette velsigna livet.

Herrens Lov – Adonais TORAH – er det første uttrykket for Guds

ord som vi møter i denne salmen. Det er svært viktig å forstå kva som

ligg i dette uttrykket som vi finn mange stader i Bibelen. Det er vanleg å

omsetja det hebraiske ordet TORAH med lov, men ifølgje «The Complete

Jewish Study Bible» tyder dette ordet heilt enkelt instruksjon, rettleiing

eller undervisning om vegen vi bør gå. Herrens TORAH har sitt opphav

i Den Evige Gud som gav sine bod til israelittane. I Jesus Messias,

det levande Ordet, vart Guds vilje synleggjord. Jesus døyper oss i Den

* Torah – Strong 8451

8

heilage ande som leier alle oss som er læresveinane hans til sanninga.

Den heilage ande set oss i stand til å halda alle Guds instruksjonar. Jesus

stadfesta Herrens Torah ved å seia: «Elskar de meg, så held de boda mine»

(Joh 14,15). Herrens lov er knytt til ein kjærleiksrelasjon til Messias. Det

handlar om å elska han og gjera det han seier i tru og tillit. Herrens lov,

undervisninga om korleis vi bør leva, er stadig truverdig og relevant for

alle menneske til alle tider.

Bønn

Herre, takk for di lov som lærer oss å leva gode og heile liv til di

ære og til velsigning for våre medmenneske. Hjelp oss å leva livet

i lys av di lov og din vilje. Hjelp oss å stola meir på ditt ord enn

på våre eigne svikefulle hjarte. Hjelp oss å elska deg så høgt at vi

følgjer dine bod. Gjev oss tru og tillit til ditt ord så vi kan leva i

di velsigning.

Mine eigne refleksjonar:

9

2

Lukkelege er dei

som tek vare på Guds lovbod

Sæle er dei som tek vare på hans lovbod * ,

som søkjer han av heile sitt hjarte.

– Salme 119,2 –

Det andre verset startar òg med å prisa folk lukkelege. Desse to versa

er dei einaste i denne lange salmen som bruker dette hebraiske

ordet «esher», som tyder lukkeleg eller velsigna. I dette andre verset er

gleda og velsigninga knytt til det å ta vare på Guds lovbod og søkja han

av heile sitt hjarte.

Salme 119 startar altså med ei dobbel velsigning til dei som har eit rett

forhold til Guds lovbod. Dette treng vi å gje akt på i våre dagar når så

mange trur dei veit betre enn Guds ord. Mange bortforklarer og somme

fornektar det Gud har sagt i Bibelen for å leva slik dei sjølve vil. Dersom

vi som kristne ønskjer å leva i velsigning, må vi ta vare på Guds ord som

vårt dyraste arvegods. Det viktigaste vi kan gje vidare til dei som kjem

etter oss er tillit til Bibelen.

Å ta vare på Guds lovbod er å halda dei og leva i samsvar med Ordet

slik Jesus baud oss: Gjer alle folkeslag til læresveinar ved å døypa dei og

læra dei å halda alt det eg har bode dykk! Bibelen skal ikkje stå til pynt i

ei bokhylle, men levast ut i kvardagen. Lukka i livet er ikkje å få mange

«likes» i sosiale media, men å lyda Guds Ord trass i kva andre meiner.

Lovbod er det andre uttrykket for Guds ord vi finn i denne salmen.

I tidlegare omsetjingar vart det hebraiske ordet, EDUT omsett med vitnesbyrd

(slik Bibelen, Den heilage skrifta, framleis gjer). Ordet har sitt

* EDUT, Strong 5713

10

opphav i rettsvesenet. Når eit vitnesbyrd var beviskraftig, vart det avgjerande

for den påfølgjande dommen. Guds lovbod eller vitnesbyrd er

det avgjerande ordet frå Guds munn. Guds vitnesbyrd finn vi gjennom

heile Bibelen. Dei to tavlene som dei ti boda var skrivne på, blir kalla

for vitnesbyrdet (2 Mos 16,34). Desse tavlene er vitnesbyrdet om Guds

pakt med folket sitt, men òg om Herrens vilje. Heile Skrifta vitnar om

Jesus Messias (Joh 5,39). Det er dette «Jesu vitnesbyrd» vi må prøva å få

tak i når vi les Bibelen. Jesu vitnemål er Anden i profetordet (Op 19,10).

Å ta vare på «Jesu vitnemål» og leva i samsvar med læra hans, er noko

vi berre kan gjera når vi søkjer han av heile vårt hjarte. Å søkja han er å

venda oss til han og spørja om råd og rettleiing. Det har med vår hjarteinnstilling

å gjera. Det handlar om kva vi prioriterer. Det handlar om kva

vi drøymer om og lengtar etter. Bibelkunnskap er ikkje eit mål i seg sjølv.

Bibelen er gjeven for å få oss til å søkja Gud og leva i eit tett fellesskap og

ein nær relasjon med han.

Bønn

Herre, hjelp oss å ta vare på ditt ord. Gjev oss nåde til å søkja deg

av heile vårt hjarte. Lat oss få oppleva at lukka i livet ikkje er å få

mange «likes» i sosiale media, men å lyda ditt lovbod trass i kva

andre meiner!

Mine eigne refleksjonar:

11

3

Å gå på Guds vegar

er å leva etter Guds ord

Dei gjer ikkje urett, men går på hans vegar * .

– Salme 119,3 –

Det er med stor tru og tillit til Guds gode ord og ordningar at Salmisten

seier dette. Når vi følgjer Herrens lov og tek vare på hans

lovbod eller vitnemål, då vil vi ikkje gjera noko urett. Gud er god og alle

hans vegar er gode for alle menneske, ja for alle samfunn. Det er godt å

ha denne enkle trua på Guds Ord. Det er trygt å gå på Guds vegar. Det

er aldri gale å gjera det Gud seier. Det er alltid rett å følgja Herrens lov og

leva i samsvar med hans vitnesbyrd. Dei som gjer det vil aldri gjera det

som er urett, men vil velja å gjera det som er godt fordi dei går på Guds

veg. Dei gjer ikkje urett, fordi dei er rettferdige og har Guds liv i seg (sjå

1 Joh 3,9). Guds karakter har vorte forma i dei. Det har vorte ein vane

for dei å gjera det Gud seier i sitt Ord.

Å gå på Guds vegar er det tredje uttrykket i denne salmen for å leva

etter Guds Ord. Veg blir ofte i Bibelen brukt som eit uttrykk for levesett.

Guds vegar handlar då både om kva Gud gjer, og korleis han gjer ting,

både hans hjartelag og hans handlemåte. Guds veg er ikkje eit sett av

abstrakte reglar, men eit uttrykk for Guds eigen natur og karakter. Å gå

på Guds veg er å leva på Guds måte. Dette kan vi berre gjera i tru og tillit

til Herrens nåde og ved krafta i Den heilage ande som bur i oss.

Lova kom med Moses, men nåden og sanninga kom med Jesus Messias.

Ingen har nokon gong sett Gud, men Jesus Messias er det synlege

bilete av den usynlege Gud. Jesus Messias har vist oss kven Gud er. Han

* DEREK – Strongs 1870

12

har vist oss kor nådig og kjærleg han er. Han har òg vist oss kor heilag

Gud er og at synda må straffast og sonast. I Jesus kjem Gud til oss både

som dommar, forsonar og Frelsar. Å gå på Guds veg er òg å leva i forsoning

og visa kjærleik til alle menneske.

Bønn

Herre, lær oss å gå på dine vegar. Gjev oss ditt hjartelag og lær oss

å leva på din måte. Lær oss å leva i forsoning og visa kjærleik til

alle menneske.

Mine eigne refleksjonar:

13

4

Dei som elskar Gud

er nøye med å gjera det Han seier!

Du har gjeve dine påbod * for at dei skal haldast nøye.

– Salme 119,4 –

Den Gud, som har skapt oss, har og gjeve oss instruksjonar om å leva

rett. Han har gjeve oss påbod. Han har sagt korleis han vil vi skal

leva. Han har vist oss at det finst ein rett måte å leva på. Vi kan ikkje leva

som vi vil om vi vil finna lukke og velsigning i livet. Det finst berre ein

måte å leva rett på: å vera nøye med å halda Guds Ord!

Dine påbod er det fjerde uttrykket for Guds Ord i denne salmen.

Påbod er eit sterkt ord. Her er det ikkje rom for forhandling eller kompromiss.

Gud har gjeve oss sine befalingar og vi må vera nøye med å gjera

det han seier. I Bibelen finn vi Guds påbod og befalingar. Det er ikkje

opp til oss å velja og vraka mellom dei. Vi har berre ein ting å gjera, og

det er å lyda!

Paulus sa at oppdraget hans var å føra menneske av alle folkeslag til

lydnad i tru, til ære for Guds namn (Rom 1,5). Det er det oppdraget Jesus

gav til alle læresveinar, å læra folk å lyda og halda alt det han har bode

oss. Rett lydnad kjem av tru og tillit til Jesus Messias. Dei som elskar

han, gjer det han seier.

Då djevelen freista dei første menneska, gjorde han det ved å stilla

dette spørsmålet: Har Gud verkeleg sagt? Han vrei på det Gud hadde sagt

og stilte spørsmål ved Guds motiv. Han har mange følgjarar som gjer det

same i vår tid. Mange menneske trur dei er så kloke og smarte at dei veit

betre om kva som er godt for barn og unge enn Skaparen. Dei snakkar

* PIQQUDIM – Strongs 6490

14

forakteleg om å leva etter det som står i ei gammal bok. Rett nok kan

dei seia at det kan finnast litt livsvisdom i den gamle boka som kan vera

nyttige og gode. Bibeltru folk vil seia at vi lyder ikkje Guds Ord fordi

det gjer oss lukkelege og er godt for oss. Nei, vi held oss til Guds Ord

fordi Gud krev det. Guds Ord er ikkje berre velmeinte og gode råd som

vi kan gjera kva vi vil med. Det er hans påbod og befalingar det gjeld.

Våre moderne og såkalla intellektuelle bortforklaringar rikkar ikkje ved

Guds befalingar. Vi må vera nøye med å gjera det Gud seier, fordi det er

Gud som seier det!

Bønn

Herre, lær oss å vera nøye med å gjera det du seier. Hjelp oss å ta

dine påbod på alvor og leva etter dei.

Mine eigne refleksjonar:

15

5

Eit ærleg ønske om å leva

i samsvar med Guds vilje

Lat meg ferdast med faste steg så eg held dine forskrifter! *

– Salme 119,5 –

Salmisten set ord på sitt inste ønske om å halda Guds lov. Dette er

bønna, lengten og hjartelaget til alle fromme kristne. Dette ønsket

går som ein raud tråd gjennom heile denne salmen. Målet og meininga

med livet er å leva etter Guds ord.

Bibelselskapets 2011-omsetjing, som eg bruker, får ikkje fram kor

inderleg dette ønsket er. Det kjem tydelegare fram i andre omsetjingar.

Der startar verset slik: Å, måtte vegane mine bli faste! Å, – det ligg ein

djup lengt i dette. Å, – det ber i seg eit inderleg og brennande ønske. Dette

hjartesukket, å, er vendt til Gud, og salmisten seier med det at han er heilt

avhengig av Guds hjelp. Han har eit ærleg ønske om å leva i samsvar med

Guds vilje. Difor ber han om at stega hans må bli faste, eller at vegane

hans må bli støe, så han har ein livsstil i samsvar med Guds ord.

Så bruker han det femte uttrykket for Guds ord: dine forskrifter. Dette

er ei omsetjing av det hebraiske ordet «hoq» som kjem av «haqaq»

som tyder å inngravera eller å skriva. «Hoq» vart brukt om det som var

hogge i stein, det som ikkje kunne endrast, men stod fast. Guds Ord,

hans forskrifter, er hogge i stein. Ordet frå Gud står fast, det kan ikkje

endrast av noko menneske. Guds forskrifter er dei plikter Gud har lagt

på oss menneske. Det er dei lovene, skikkane og reglane han ventar vi

skal halda og lyda.

Det hebraiske ordet, «hoq», blir omsett med fleire ulike ord: fastsett,

* HOQ – Strongs 2706

16

od, lov, skikk o.l. Alle dei nitten gongene det er brukt i Salme 119 blir

det omsett med forskrift.

Salmisten ber om at Gud må gjera han stødig i å halda hans forskrifter.

Dette uttrykket, å halda hans forskrifter, går igjen i heile Bibelen. Guds

forskrifter er evige uttrykk for Guds vilje og viser oss korleis han ønskjer

at paktfolket hans skal leva.

Bønn

Herre, skriv ditt ord på mi hjartetavle. Gjer vegane mine faste, så

eg held dine forskrifter og lever på din måte!

Mine eigne refleksjonar:

17

6

Ingen som lever etter Guds ord

blir til skamme

Då blir eg ikkje til skamme når eg har alle dine bod * for auge.

– Salme 119,6 –

Salmisten reknar med bønnesvar, og i dette verset finn vi ei trygg visse

i trua. Då, når Gud svarar på hjartelengten og gjer stega våre faste så

vi held hans forskrifter (v5), då blir vi ikkje til skamme. Då blir vi ikkje

skuffa. Då blir vi ikkje vonbrotne. Gud er trufast. Han vaker over sitt ord.

Han held det han lovar. Velsigningane er tallause når vi gjer Guds vilje.

Ingen som set si lit til Herren og går på hans vegar blir til skamme. For

Herren tek seg av oss og lønner oss med ære når tida er inne.

Vi kan møta motstand og motgang. Vi kan bli håna og spotta. Vi kan

bli gjorde til latter og gjorde narr av. Vi kan bli skjelte ut og bli snakka

stygt om. Men alt dette er berre midlertidig. Det vil koma ein dag då vi

skal sjå alt i eit nytt lys. Det kjem ein rekneskaps dag for alle menneske.

Det kjem ein dag då Gud skal lønna kvart menneske etter sine gjerningar.

Den dagen vil vi ikkje bli til skamme, om vi har halde Guds bod.

No tek salmisten fram det sjette uttrykket for Guds Ord: dine bod. Det

er det hebraiske ordet «mitzvah» som er brukt her og tyder heilt enkelt

bod eller befaling. Ordet er brukt om dei ti boda (2 Mos 24,12) og om

dei boda ein lærar gjev til ein læresvein (Ord 2,1; 3,1).

Den som elskar Gud, held hans bod (5 Mos 11,1; Joh 14,15). Slik viser

vi ærefrykt for Herren og kan leva i fellesskap med han. Gud viser oss

sin trufaste kjærleik («hesed») når vi lyder han og held boda hans (5 Mos

8,6; 13,4; Joh 14,21).

* MITZVAH – Strongs 4687

18

«Når eg har alle dine bod for auge», eller når eg festar auga på alle boda

dine. Det inneber å vera vaken for og oppteken av Guds Ord på ein slik

måte at vi held boda og lyder dei.

På ny vil eg understreka at salmisten slår fast at Guds Ord er hans

bod og befalingar. Dette må vi ta på alvor. Gud krev av oss at vi lever

slik han seier.

Legg merke til at han seier: alle dine bod. Det er ikkje slik at vi kan

velja ut nokre bod som vi liker og sjå bort frå dei vi ikkje liker. Nei, vi

må ha som ønske og heilag intensjon å leva i samsvar med alt Guds Ord.

Vårt ansvar er å høyra og ta imot Ordet. Vi må ta imot i tru og tillit

for å kunna lyda boda. Vi må òg søkja å forstå boda i lys av han, som er

Ordet og vart menneske og levde ut Guds vilje på jord.

Bønn

Takk, Herre, at du er trufast og vaker over ditt ord. Help meg til

alltid å setja mi lit til deg og å gå på dine vegar, for du har lova at

ingen som gjer din vilje vil bli til skamme.

Mine eigne refleksjonar:

19

7

Det lukkelege livet

er livslang læring

Eg prisar deg av eit ærleg hjarte når eg lærer dine rettferdige lover * .

– Salme 119,7 –

Her skildrar salmisten det glade og lukkelege livet når han lærer å

kjenna Guds rettferdige lover. Han prisar Gud av eit ærleg hjarte.

Kvar gong vi får innsikt i Guds Ord får vi lyst til å takka og prisa Gud.

Når Ordet opnar seg for oss, blir vi fylte av glede og takk. Når vi lærer

Guds ord å kjenna må vi prisa Gud av eit ærleg hjarte.

Dette verset fortel meg at ein Jesu læresvein på ein måte aldri er utlært.

Guds rettferdige lover og bod står fast, for dei kan ikkje endrast. Men

det er meir visdom og innsikt i Ordet enn det vårt naturlege auge ser. Å

vandra med Gud er ei livslang læring. Der er lett å lesa og forstå boda på

ein lovisk og bokstavleg måte. Då trur vi at vi kan alt, ved berre å sitera

bodet. Når vi lever med Gud, oppdagar vi at bodet er mykje djupare enn

vi først trudde. Vi får ny innsikt og ny visdom. Denne læringa er eit verk

av Den heilage ande. Jesus sa at Anden skulle læra oss alle ting og leia oss

til heile sanninga. Når vi lærer kva hans rettferdige lover inneber, blir vi

fylte av takk og lovprising.

No bruker salmisten det sjuande uttrykket for Guds Ord: Dine rettferdige

lover. Dine rettferdige lover vart tidlegare omsett med: Dine rettferdige

dommar. Det er det hebraiske ordet «mispat» som er brukt her. Dette ordet

er brukt svært mange gonger i Bibelen og kjem av ordet «shapat» som

betyr å styra, regjera, ta avgjerd. «Mispat» er då denne avgjerda, denne

dommen som er felt og som er ei tyding av lova. Dommen seier kva lova

* MISPAT – Strongs 4941

20

tyder. Guds dom er Guds rettferdige lov. Det er noko som er avgjort, noko

vi må innretta oss etter. Men òg noko vi kan læra å forstå meir og meir.

Bønn

Herre, takk at du talar rett fram, slik at vi slepp å tvila på kva du

meiner. Lær meg å forstå og å leva etter dine rettferdige lover.

Mine eigne refleksjonar:

21

8

Eit godt forsett

og ei realistisk bønn

Eg vil halda dine forskrifter * , du må ikkje svikta meg!

– Salme 119,8 –

Eg liker måten salmisten avsluttar Alef-avsnittet på. Han gjer det på

ein veldig personleg måte. Han fortel Herren om sitt forsett, om kva

han ønskjer å gjera, om den intensjon han har. Men fordi han kjenner

seg sjølv så altfor godt og veit at han ofte kjem til kort, sukkar han: du

må ikkje svikta meg! Det er underforstått at salmisten ikkje alltid strekk

til, men han set si lit til Guds miskunn og nåde.

Salmisten lovar på ein måte å vera trufast og gjera alt Ordet openberrar

for han. Det er vel noko dei fleste kristne ønskjer å gjera. Samstundes er

han realistisk og ber om at Herren ikkje må gje han opp når han kjem til

kort. Her er det ein fin balanse vi har mykje å læra av.

Det er godt å ha gode intensjonar. Det er eit gode å ha gode forsett.

Det er flott å planleggja og ha stor tru på kva vi kan få til i vår vandring

med Gud. Eg har god erfaring med det. Eg har òg opplevd mange gonger

at det er lettare å ha gode forsett enn det er å gjennomføra. Heldigvis

har eg fått nåde til å kvila i Guds nåde. Jamvel om eg ikkje har greidd å

gjera alt eg hadde lyst til å gjera, men har gjort feil og synda, har eg fått

nåde og tilgjeving.

Det var slik Salmisten og hadde det. Av heile sitt hjarte ønskte han

å halda alle Herrens forskrifter, men dessverre kom han til kort. Difor

kom dette hjartesukket: Du må ikkje reint forlata meg! Gud høyrer slike

hjartebønner og svarar oss: Eg har teikna deg i begge mine hender. Eg skal

* HOQ – Strongs 2706

22

ikkje sleppa deg og ikkje forlata deg! Den gode gjerninga eg har begynt i

deg, vil eg fullføra heilt fram til Jesu Kristi dag. Min nåde er nok for deg!

Bønn

Herre, av heile mitt hjarte ønskjer eg å halda alle dine forskrifter,

men eg kjem ofte til kort. Eg ber deg: gjev meg ikkje opp, gå ikkje

ifrå meg. Svikt meg ikkje om eg sviktar! Eg vil våga å tru at du vil

fullføra ditt gode verk i meg.

Mine eigne refleksjonar:

23

24

Bolk 2

ב

BET

I

avsnittet frå vers 9 til 16 startar kvar linje med den hebraiske

bokstaven BET. Dette avsnittet handlar svært mykje

om Ordet som vårt trygge vern mot synd når det får styra

livet vårt. Guds ord må levast ut i kvardagen.

25

9

Korleis kan vi leva reint?

Korleis held den unge stigen * sin rein? Ved å akta på dine ord ** .

–Salme 119,9 –

Dette verset har følgt meg sidan eg var ein ny og ung kristen. Eg er

takksam for det bedehusmiljøet eg vaks opp i, for der lærte vi å setja

Guds ord høgt og la det styra livet vårt. Salmisten stiller her eit svært viktig

spørsmål og gjev sjølv det rette svaret: Korleis kan eit ungt menneske

leva reint? Berre ved å leva i Guds ord og vandra i sanningane i Ordet.

Sjølvsagt gjeld denne sanninga ikkje berre unge menneske. Men unge

menneske møter i sin ungdom for første gong alle desse driftene og lystene

som kan gjera livet ureint. I vår barndom var vi ukjende med mykje av

dette ureine, men i ungdomstida møter vi dette med full styrke. Barndommen

er ei uskuldstid, men i ungdommen møter vi alle dei freistingane

som høyrer det vaksne menneskelivet til.

Den første sanninga vi må ta inn over oss i dette verset er at det finst

både ein rein og ein urein måte å leva på. Noko er rett og noko er gale.

Noko er godt og noko er vondt. Noko er heilagt og noko er vanheilagt.

Det finst noko som er fint og flott, men dessverre og noko som er stygt.

I vår postmoderne tid er det mange røyster som vil bortforklara dette og

seia at alt er like bra. Det som er sant for deg, treng ikkje vera sant for

meg, seier dei, for alt er relativt. Denne postmoderne løgna må vi ta skikkeleg

avstand frå. Bibelen gjer det klart at det finst absolutte sanningar og

urikkande lover for kva som er rett og gale. Dei ti boda saman med Jesu

bergpreike gjev oss trygg og god rettleiing i å leva reine liv.

Dine ord er det åttande uttrykket salmisten bruker for Guds ord. Her

* ORAH – Strongs 734

** DABAR – Strong 1697

26

uker han det hebraiske ordet «dabar» som ofte er brukt i GT og blir

omsett på svært mange ulike måtar, alt etter samanhengen. Når det blir

omsett med ord, er den grunnleggjande og enkle tydinga det Gud har

sagt eller seier. Dei ti boda blir òg kalla dei ti orda (2 Mos 34,28; 5 Mos

4,13; 10,4), dei ti utsegnene. Dei ti orda er det Gud sa, dei er ti bod på

grunn av måten dei vart sagde på. Dei er Guds befalingar.

Profetane bruker ofte uttrykket: Herrens ord kom til meg. Her er òg

«dabar» brukt. Ordet frå Gud er eit openberringsord som gjev oss kunnskap

om Gud og hans vilje. Herrens ord er reint (Sal 33,4) og viser oss

korleis vi kan leva reint. Når vi les i Bibelen med bedande hjarte, vil vi

stadig få oppleva at Herrens ord kjem til oss, det blir levande for oss og

rører ved oss. Når vi lever i denne friske openberringa av Ordet ved Den

heilage ande, finn vi stor glede i å halda stigen vår rein. Å akta på Ordet

er å tru det og lyda det, slik at vi lever det ut i kvardagen.

Bønn

Herre, hjelp meg å leva reint, når eg møter dei freistingane som

høyrer menneskelivet til. Lær meg å lesa Ordets kart og å leva etter

ditt Ord.

Mine eigne refleksjonar:

27

10

Lidenskapleg lengt etter Gud

Eg søkjer deg av heile mitt hjarte,

lat meg ikkje villast bort frå dine bod! *

–Salme 119,10 –

I

dei fleste salmane finn vi lovprising, bønner og vedkjenningar av tru

og lære. Det har vi alt sett i Salme 119 òg. I vers to skriv han om den

gleda og velsigninga dei får som søkjer Herren. Det er nok dette han har

i tankane i dette tiande verset når han ber denne bønna: Eg har lengta

lidenskapleg etter deg av heile mitt hjarte, lat meg ikkje villa meg bort frå

dine befalingar!

Dei fleste norske omsetjingane seier; «eg søkjer deg» (i notid), medan

dei fleste engelske omsetjingane mine seier; «eg har søkt deg» (i fortid).

Dette er noko som går att i heile Salmane. Det blir omsett i ulik tid, nokre

omsetjingar er i notid og andre er i fortid. Eg har ikkje språkkunnskap

nok til å meina noko om kva som er rettast, men tykkjer det er interessant

å leggja merke til. Her i dette verset (10) har det ikkje så mykje å seia, men

salmisten vil understreka at han har søkt Gud av heile hjartet og gjer det

framleis. Han har smakt den gleda og velsigninga det er å søkja Gud og

halda hans ord. Dette er noko han ikkje vil mista. Difor ber han slik han

gjer: Lat meg ikkje villa meg bort frå dine ord.

I Salme 27,8 seier David: Eg kjem i hug at du har sagt: «De skal søkja

mitt andlet.» Ditt andlet søkjer eg, Herre. Legg merke til korleis han tek

Gud på ordet: Du har sagt, – eg gjer det du har sagt! No må du høyra

meg når eg ber!

Det er den same haldninga som kjem fram her i vers ti. Eg har søkt

* MITZVAH – Strongs 4687

28

deg, eg søkjer deg dagleg av heile hjartet, difor ventar eg at du vernar meg

så eg ikkje villar meg bort, men får halda fram med å leva i di velsigning.

Det er eit stort alvor i denne bønna, for ho understrekar ei viktig

sanning: Jamvel om vi har søkt Gud og gått på hans vegar, er det likevel

mogleg å villa seg bort. Det er litt skremmande og helst noko vi ikkje

liker å snakka om. Det er ikkje nok å begynna å gå på Guds veg, vi må

halda fram heile livet med å søkja Gud og halda hans ord. Det er ikkje

nok å starta bra, vi må òg fullføra rett. Alle som går kan falla. Dei som

tidlegare har søkt Gud kan villa seg bort.

Han som har makt til å verna dykk mot fall og føra dykk jublande og

utan feil fram for sin herlegdom, han, den einaste Gud, vår frelsar ved Jesus

Kristus, vår Herre: Han tilhøyrer ære og majestet, velde og makt før all tid,

no og i all æve! Amen (Jud 24-25).

Bønn

Herre, eg har søkt deg, eg søkjer deg dagleg av heile hjartet. Miskunna

deg over meg så eg ikkje villar meg bort, men får halda fram

med å leva i di velsigning.

Mine eigne refleksjonar:

29

11

Gøym Guds ord i hjartet

Eg gøymer ditt ord * i hjartet så eg ikkje skal synda mot deg.

– Salme 119,11 –

Dette er og eit ord som har følgt meg heilt frå ungdommen. Eg har

opplevd det salmisten skriv om. Difor har eg skrive inn denne sanninga

framme i Bibelen: Denne boka vil halda deg borte frå synd, eller så

vil synd halda deg borte frå denne boka. Det er ei djup sanning i dette.

Når vi gøymer Guds ord i hjartet, vil vi bli leidde og motiverte av

Ordet til å gjera det som er rett og godt og å unngå det som er synd. Med

Guds ord i hjartet vil vi vera medvitne om kva Gud ønskjer å gjera for

oss og gjennom oss. Når Guds ord bur i hjartet, vil vi kjenna Guds vilje

og kunne velja rett veg når vi blir stilte på val.

Å gøyma Guds ord i hjartet er å memorera Ordet, læra det utanåt. Det

handlar òg om å meditera og grunda på Guds ord. Dette er ein kraftfull

kombinasjon: Memorera og meditera på Ordet. Det er noko eg har

prøvd å gjera heile livet og det har vore til rik velsigning for meg. I min

ungdom tok eg eit kurs i å memorera Guds ord frå Navigatørane. Eg er

veldig takksam for det eg då lærte. Eg vil rå alle til å ta dette kurset frå

Navigatørane om bibelmemorering. Det er ei god investering.

Med uttrykket «ditt ord» bruker salmisten det niande hebraiske uttrykket

for Guds ord: «imra». Det betyr ord, tale, utsegn og kjem av

«amar» som er å snakka, tala, seia noko til seg sjølv (tenkja), byda, befala

eller lova. «Imra» er brukt nitten gonger i Salme 119 og blir mest brukt

i dei poetiske skriftene. Elles er det ikkje stor forskjell i tyding frå ordet

«dabar», som vart brukt i det førre verset, og kan brukast som synonym.

Når vi gøymer Guds ord i hjartet, handlar det om å høyra kva Gud

* IMRAH – Strongs 565

30

seier og ta vare på det i hjartet slik at vi lever etter det. Det handlar om å

høyra og gjera det Gud seier. Det er ikkje nok å lesa Bibelen. Det er ikkje

nok å læra bibelvers utanåt. Vi må høyra frå Gud gjennom det vi les og

memorerer frå Bibelen.

Bønn

Herre, ditt ord er min største skatt. Hjelp meg å memorera ditt

ord og skriva dei på mi hjartetavle, slik at eg ikkje med synd skal

svika deg!

Mine eigne refleksjonar:

31

Salme 119 er alfabetet til

den guddommelege kjærleiken,

paradiset til den kristne læra,

skattkammeret til Den heilage ande,

skulen til Sanninga.

Kristne menneske har til alle tider vore ivrige etter å forstå og leva

etter Guds ord. Dei les og grundar på Ordet. Dei let Ordet styra

liv og oppførsel. Dei finn håp og fred i lovnadene i Guds ord.

Salme 119 er svært viktig for alle kristne i denne tida. Denne boka

inneheld 176 andaktar, ein for kvart vers i Salme 119. Desse andaktane

er tidlause og kan lesast i ditt eige tempo. Dei vil visa at Guds ord

er vår rikaste skatt som vil gje oss eit rikt og spennande liv.

Salme 119 er som ein kristen ABC som lærer oss å grunda på skattane

i Guds Ord, skattar av lovprising, kjærleik og kraft som viser oss korleis

vi kan bruka Guds Ord i kvardagen. Denne salmen er det djupe

mysteriet i Skrifta der moralsk disiplin og alle kristelege dydar skin

gjennom alt.

Erling Thu er født 1942, på Ganddal, Jæren og er oppvaksen i

bede husmiljøet. Han har vore forkynnar sidan 1962. Han leia

evangeliseringsarbeidet OUT i Sarons dal, var med å byggja Statfjord

A – plattforma i Jåttåvågen, og var hjelpeforstandar i pinsekyrkja

Zion, Stavanger før han var med å starta Kristent Fellesskap,

Bergen Bibelskole og Kristent Nettverk. Han har skrive meir

enn 30 bøker og er omsett til mange språk. Han har vore gift med Solveig sidan

1964 og dei fekk seks barn saman og har ti barnebarn. Dei siste 30 åra har han og

kona brukt mykje tid i India, Nepal og Sri Lanka og er begge i aktiv teneste for

Herren som pensjonistar.

WWW.VENTURAFORLAG.NO

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!