12.03.2022 Views

Bibelen ein trygg vegvisar

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga. Bibelen – ein trygg vegvisar AV ERLING THU https://venturaforlag.no/boktema/boktema/boktema/bibel-33/bibelen-–-ein-trygg-vegvisar.html

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga.

Bibelen – ein trygg vegvisar
AV ERLING THU
https://venturaforlag.no/boktema/boktema/boktema/bibel-33/bibelen-–-ein-trygg-vegvisar.html

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

11

Gøym Guds ord i hjartet

Eg gøymer ditt ord * i hjartet så eg ikkje skal synda mot deg.

– Salme 119,11 –

Dette er og eit ord som har følgt meg heilt frå ungdommen. Eg har

opplevd det salmisten skriv om. Difor har eg skrive inn denne sanninga

framme i Bibelen: Denne boka vil halda deg borte frå synd, eller så

vil synd halda deg borte frå denne boka. Det er ei djup sanning i dette.

Når vi gøymer Guds ord i hjartet, vil vi bli leidde og motiverte av

Ordet til å gjera det som er rett og godt og å unngå det som er synd. Med

Guds ord i hjartet vil vi vera medvitne om kva Gud ønskjer å gjera for

oss og gjennom oss. Når Guds ord bur i hjartet, vil vi kjenna Guds vilje

og kunne velja rett veg når vi blir stilte på val.

Å gøyma Guds ord i hjartet er å memorera Ordet, læra det utanåt. Det

handlar òg om å meditera og grunda på Guds ord. Dette er ein kraftfull

kombinasjon: Memorera og meditera på Ordet. Det er noko eg har

prøvd å gjera heile livet og det har vore til rik velsigning for meg. I min

ungdom tok eg eit kurs i å memorera Guds ord frå Navigatørane. Eg er

veldig takksam for det eg då lærte. Eg vil rå alle til å ta dette kurset frå

Navigatørane om bibelmemorering. Det er ei god investering.

Med uttrykket «ditt ord» bruker salmisten det niande hebraiske uttrykket

for Guds ord: «imra». Det betyr ord, tale, utsegn og kjem av

«amar» som er å snakka, tala, seia noko til seg sjølv (tenkja), byda, befala

eller lova. «Imra» er brukt nitten gonger i Salme 119 og blir mest brukt

i dei poetiske skriftene. Elles er det ikkje stor forskjell i tyding frå ordet

«dabar», som vart brukt i det førre verset, og kan brukast som synonym.

Når vi gøymer Guds ord i hjartet, handlar det om å høyra kva Gud

* IMRAH – Strongs 565

30

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!