12.03.2022 Views

Bibelen ein trygg vegvisar

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga. Bibelen – ein trygg vegvisar AV ERLING THU https://venturaforlag.no/boktema/boktema/boktema/bibel-33/bibelen-–-ein-trygg-vegvisar.html

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga.

Bibelen – ein trygg vegvisar
AV ERLING THU
https://venturaforlag.no/boktema/boktema/boktema/bibel-33/bibelen-–-ein-trygg-vegvisar.html

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Innleiing

Det siste året har eg lese Salme 119 fleire gonger. Kvar gong blir eg

fylt av takk og glede over å ha tilgang til Guds ord. Denne salmen

er den lengste i Bibelen og kanskje den mest forseggjorde når det gjeld

stil og struktur. Salmen er delt inn i 22 bolkar, ein bolk for kvar av dei

22 bokstavane i det hebraiske alfabetet i alfabetisk rekkjefølgje. Kvar bolk

er på 8 vers, og kvart av desse versa startar med same bokstav.

Salmisten, som sannsynlegvis er David, gleder seg over Guds Ord og

prisar Herren for alle velsigningane han finn i Ordet frå Gud. Han bruker

minst 10 ulike ord for Guds lov, men eitt av desse orda tek han som regel

med i kvart einaste vers. Salmisten er ivrig og uthaldande i å forstå og leva

etter Guds Ord. Han lærer Ordet utanåt. Han grundar på Ordet. Han

lengtar etter Ordet. Han ventar på Ordet. Han let Ordet styra livet og

oppførselen. Han finn håp og fred når han let seg leia av Ordet.

Eg trur at Salme 119 er svært viktig for alle kristne i denne tida. Difor

vil eg ta lesarane mine med meg gjennom denne salmen, vers for vers.

Dette er ein god måte å leva på: å ha fokus på Guds Ord slik salmisten

har! Guds Ord er vår rikaste skatt og vil gje oss eit rikt og spennande liv.

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til

den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga,

og det djupe mysteriet i Skrifta der moralsk disiplin og alle kristelege

dydar skin gjennom alt. Denne salmen er som ein kristen ABC som lærer

oss å grunda på skattane i Guds Ord, skattar av lovprising, kjærleik og

kraft som viser oss korleis vi kan bruka Guds Ord i kvardagen.

Erling Thu,

Huset i skogen,

våren 2021

5

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!