12.03.2022 Views

Bibelen ein trygg vegvisar

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga. Bibelen – ein trygg vegvisar AV ERLING THU https://venturaforlag.no/boktema/boktema/boktema/bibel-33/bibelen-–-ein-trygg-vegvisar.html

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga.

Bibelen – ein trygg vegvisar
AV ERLING THU
https://venturaforlag.no/boktema/boktema/boktema/bibel-33/bibelen-–-ein-trygg-vegvisar.html

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

1

Velsigna er dei

som lever etter Herrens lov

Sæle er dei som er heile i si ferd, dei som følgjer Herrens lov * .

– Salme 119,1 –

Første verset startar med å prisa dei lukkelege som er heile i si ferd,

dei som lever eit liv i integritet. Noko som berre kan gjerast når ein

følgjer Herrens Lov. Sæle er dei, eller lukkelege er dei, eller kanskje endå

betre: Velsigna er dei som lever heile liv i lyset frå Guds ord. Velsigna er

dei som lever etter Herrens lov.

Lukka i livet finn vi ikkje ved å følgja vårt eige hjarte, for det er svikefullt,

seier Guds ord. Våre eigne tankar og lyster vil svært ofte føra oss

ut i ulukke. Men kor lukkeleg er ikkje dei som let seg leia av Herrens

lov. I ei tid der mange snakkar ned og undergrev tilliten til Bibelen, vil

eg slå eit slag for bibeltruskap. Ved Guds nåde har eg levd eit langt liv og

sett litt av kvart opp gjennom åra. Det finst ingenting som kan målast

med den velsigninga det er å leva etter Guds ord. Eg ønskjer at komande

generasjonar i landet skal få oppleva dette velsigna livet.

Herrens Lov – Adonais TORAH – er det første uttrykket for Guds

ord som vi møter i denne salmen. Det er svært viktig å forstå kva som

ligg i dette uttrykket som vi finn mange stader i Bibelen. Det er vanleg å

omsetja det hebraiske ordet TORAH med lov, men ifølgje «The Complete

Jewish Study Bible» tyder dette ordet heilt enkelt instruksjon, rettleiing

eller undervisning om vegen vi bør gå. Herrens TORAH har sitt opphav

i Den Evige Gud som gav sine bod til israelittane. I Jesus Messias,

det levande Ordet, vart Guds vilje synleggjord. Jesus døyper oss i Den

* Torah – Strong 8451

8

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!