12.03.2022 Views

Bibelen ein trygg vegvisar

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga. Bibelen – ein trygg vegvisar AV ERLING THU https://venturaforlag.no/boktema/boktema/boktema/bibel-33/bibelen-–-ein-trygg-vegvisar.html

Salme 119 er alfabetet til den guddommelege kjærleiken, paradiset til den kristne læra, skattkammeret til Den heilage ande, skulen til Sanninga.

Bibelen – ein trygg vegvisar
AV ERLING THU
https://venturaforlag.no/boktema/boktema/boktema/bibel-33/bibelen-–-ein-trygg-vegvisar.html

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

9

Korleis kan vi leva reint?

Korleis held den unge stigen * sin rein? Ved å akta på dine ord ** .

–Salme 119,9 –

Dette verset har følgt meg sidan eg var ein ny og ung kristen. Eg er

takksam for det bedehusmiljøet eg vaks opp i, for der lærte vi å setja

Guds ord høgt og la det styra livet vårt. Salmisten stiller her eit svært viktig

spørsmål og gjev sjølv det rette svaret: Korleis kan eit ungt menneske

leva reint? Berre ved å leva i Guds ord og vandra i sanningane i Ordet.

Sjølvsagt gjeld denne sanninga ikkje berre unge menneske. Men unge

menneske møter i sin ungdom for første gong alle desse driftene og lystene

som kan gjera livet ureint. I vår barndom var vi ukjende med mykje av

dette ureine, men i ungdomstida møter vi dette med full styrke. Barndommen

er ei uskuldstid, men i ungdommen møter vi alle dei freistingane

som høyrer det vaksne menneskelivet til.

Den første sanninga vi må ta inn over oss i dette verset er at det finst

både ein rein og ein urein måte å leva på. Noko er rett og noko er gale.

Noko er godt og noko er vondt. Noko er heilagt og noko er vanheilagt.

Det finst noko som er fint og flott, men dessverre og noko som er stygt.

I vår postmoderne tid er det mange røyster som vil bortforklara dette og

seia at alt er like bra. Det som er sant for deg, treng ikkje vera sant for

meg, seier dei, for alt er relativt. Denne postmoderne løgna må vi ta skikkeleg

avstand frå. Bibelen gjer det klart at det finst absolutte sanningar og

urikkande lover for kva som er rett og gale. Dei ti boda saman med Jesu

bergpreike gjev oss trygg og god rettleiing i å leva reine liv.

Dine ord er det åttande uttrykket salmisten bruker for Guds ord. Her

* ORAH – Strongs 734

** DABAR – Strong 1697

26

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!