16.06.2023 Views

Nye ungdomsbøker fra Ungdomsbokgildet 2022

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Alexander Løken

Blüchers hemmelighet

Cappelen Damm 2022

Presentert av Stig Elvis Furset

Blücher ligg på 90 meter djup. Fram til 1994 lak det olje ut av skipet. Litt om

litt. Men kva viss andre ting også lak ut av skipet? Kva viss det var nokon

med skipet den gongen? Nazi-Tyskland hadde kultiske trekk.

Kva om det på Blücher var ein gut som

kunne vekkje dei døde? Som kunne skape

spøkelser? Som ein slags paranormal

forsterkar. Og at denne krafta siv ut frå

skipet, lik olja, litt om litt. Små dråpar.

Enorm styrke.

Og kva om det er sommar, og finst ein

familie, med hytte i Drøbaksundet, like

ved der Blücher gjekk ned? Kva om det

er ei jente i denne familien, Kit, som er

mottakeleg for denne krafta? Først i form

av eit tungsinn som ein ikkje kan setje

ord på. Deretter i noko meir handfast

uforklarleg: Flokkar med krabber som

angrip henne på stranda. Eit møte med

ei jente på ein skogsveg, som det seinare

viser seg er død?

Kva om denne guten bruker krafta mot Kit

fordi ho er sensitiv? Fordi han då endeleg

har funne ei å vere saman med? Som han

kan vere saman med i sitt eige dødsrike i

eit skipsvrak på 90 meters djup i botnen

av Drøbaksundet.

så er Blüchers hemmelighet ei bok som

garanterer spenning. Ho er også såpass

ekkel at ein hardhuda lesar som meg fekk

frysningar på ryggen innimellom. Eit lite

stykke skrekkunst er at boka går for seg i ei

årstid kor det er lyst det meste av tida.

Her er nokon grafiske beskrivingar av

kroppar som har gått i oppløysing

i vatn, som heldigvis har passert

sensivitetskontrollen hos forlaget. Eg kan

dra eit sprelsk sitat: “Huden på de nakne

armene var som et løstsittende blusestoff

over det blålige kjøttet” (s.85).

Andre verdskrigen er ein tematikk som

går igjen i fleire av bøkene i år. Handlinga

derifrå i denne boka tek form av ein serie

dagboksnotat frå januar til april 1940, og

er spennande nok i seg sjølv. Så dette er ei

bok som vil tilfredsstille både verdskrig- og

skrekk-lesarane. Kanskje dei er dei same?

Er du som lesar med på desse premissa,

14

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!