16.06.2023 Views

Nye ungdomsbøker fra Ungdomsbokgildet 2022

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

TENDENSAR

TRENDAR OG TENDENSAR: POLITIKK I EIT FANTASYFRITT NYNORSKÅR

Om du ser på faghylla for vaksne i eit

bibliotek, så er det eitt tema som dominerer:

andre verdskrig. Eitt av dei mest brukte bakgrunns-scenarioa

i år er krigen. Perspektivet

er på bakkeplan, enten det er NS-barnet eller

krigsfangen si skjebne.

Krigen kan dessutan vere eit springbrett for

å ta opp aktuelle politiske spørsmål. Heile

16 av bøkene våre er opptekne av politiske

spørsmål.

I år er det private politisk. Flyktningar,

rasisme, hatprat og seksualitet går igjen. Er

litteraturen «woke»? Kanskje. Personleg trur

eg at unge også spør seg om dei ynskjer eit

samfunn der politikk invaderer privatsfæra.

Det er to andre trekk knytta til politikken:

Det første handlar om skeive. Det er kun

ein norsk tittel kor hovudpersonen er skeiv i

vårt utvalg, og den er gitt ut som vaksenbok.

Resten av titlane er amerikanske. Der er derimot

antal skeive og svarte blitt eit kriterium

i kvalitetsvurderinga. Det andre er at det er

lite om klimakrisa. Den er så vidt med i to av

titlane. Det er ikkje slik at klimaangsten eter

sjela i nokon av dei.

Fantasy har blitt sett på som eit sikkert kort

for ungdomslitteraturen. Men blant norske

forfattarar på etablerte forlag er fantasy

utradert i år. Er det slik at den engelskspråklege

litteraturen dekkjer dette behovet?

Eller er sjangeren fullt og heilt overlevert

til teikneseriemediet her heime? Der er det

blomstringstid. Ei hypotese for kvifor det er

fantasytørke i bokform har med lengda på

bøkene å gjere. Vi ser også i år at bøkene er

korte. Tør ikkje forlaga gi ut bøker som er

over 200 sider? Får ikkje forfattarane rom å

breie seg i? Det må nesten forlaga svare på.

For vi ser også at antal bøker for ungdom er

færre. Cappelen og Gyldendal sine haustlister

var påfallande tomme.

Men det er eitt forlag som held stand. Som

går inn i ungdomslitteratur med tyngde. Det

er Samlaget. I ein podkastepisode som vi

hadde med forlagssjef Brynjulf Jung Tjønn i

fjor, så fortalte han at Samlaget hadde det

vi nesten kan kalle ein talentfabrikk. Det gir

utteljing.

Nynorskbøkene har stor breidde innanfor

tematikk og sjanger. Dei dekkjer også anna

framtredande tematikk som døden og

familieforhold. Og, vi skal ikkje gløyme

forelskelsen og kjærleiken heller. Så då kan vi

stemme i: «Ikkje fuck med kjærligheten, vær

så snill».

God lesnad!

Stig Elvis Furset

BØKENE ER PRESENTERT AV:

Astrid Bonilla/Midt-Buskerud bibliotek

Stig Elvis Furset/Viken fylkesbibliotek

Maria B. Meldalen/Drammensbibliotekene

Merethe Næss/Sarpsborg bibliotek

Beate Ranheim/Viken fylkesbibliotek

Redaksjon:

Anne Grethe Lauritzen, Anette Vatnebryn

Ungdomsbokgildet

er støttet av

Norsk Kulturråd

3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!