16.06.2023 Views

Nye ungdomsbøker fra Ungdomsbokgildet 2022

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Asbjørn Rydland

Terra Victoris

Samlaget 2022

Presentert av Stig Elvis Furset

Asbjørn Rydland har tidlegare skrive om drakegutar, vikingtid og norrøne

gudar. Med Terra Victoris går han med full speed inn i science fiction.

Det er år 2193.

Eit tog susar i 800 kilometer i timen

gjennom den bulgarske landsbygda. Om

bord sitter Ingrid. Via øyrebroderinga opplyser

ei stemme om at dei nærmar seg

Istanbul. Der skal ho vere med arkeologonkelen,

Leon, på ei utgraving. Det kan bli

reine skattejakta. Kvelden før fortalde han

henne at han var på sporet av noko stort.

Toget sakkar farten. Ho ser Istanbul. Skeive

hustak. Solfangarar. Nytt og gammalt. Og

Bulut Kelesi-tårnet! Toppen forsvinn i disen.

Med eine foten i Asia og andre i Europa står

det som ei vakt over Bosporos-sundet.

Som om det kan sjå alt. «Ikkje langt frå

sanninga», tenkjer Ingrid. Tårnet er eigd av

selskapet Aracorn, som blir drive av discarnatien

Lewis Aracorn. Discarnati er

menneske som har blitt til dataprogram.

Udødelege.

Toget stoppar. Ho går av. Brilleskjermen

informerer henne om det ho ser. Kofferten

følgjer etter, som ein lydig hund. Via øyrebroderinga

kallar ho opp Echo, assistenten

sin. Spør om han har fått kontakt med onkelen.

Echo svarer at siste melding er den

ho alt har lytta til. Den frå kvelden før.

Ho ser seg rundt. Leon er ikkje å sjå.

Terra Victoris er fullblods spenning. Ingrid

blir på kort tid kasta inn i jakta på Leon, og

det han hadde fått snusen i. Ho møter ei

aktivistgruppering som kjempar mot makta

som selskap som Aracorn har, der dei styrer

politikken (tankane mine gjekk til Statkraft

når Aracorn si makt var skildra).

Lesarane kan vidare glede seg over at

spenninga handlar om gråsonene mellom

kven som er ven og fiende. Dei kan glede

seg over dilemma rundt kunstig intelligens

sin mulige livsverdi.

Byggjesteinane er ein annan styrke.

Rydland meistrar å skrive fram omgjevnadene

på truverdig vis. Og han har fått rom

av forlaget til å vere episk. 316 sider? Det er

så langt som det blei, kan forlag og forfattar

ha tenkt. Resultatet vart årets høgdepunkt

for meg.

22

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!