16.06.2023 Views

Nye ungdomsbøker fra Ungdomsbokgildet 2022

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Monika Steinholm

Ikke la de døde

komme hit

Illustrert av Anneli Furmark

Vigmostad og Bjørke 2022

Presentert av Stig Elvis Furset

Litteraturen sitt unikum er at vi blir kjent med tenkesett som er framande

for oss. Den øver opp empati. Eg meiner at skrekksjangeren er best til å

dykke ned i karakterar som skiljer seg frå normalen.

Ikke la de døde komme hit er slik. Hovudpersonen

Cecilia er ein framand. Vi får ikkje

vite stort om henne. Ho er i bil. På veg vekk

frå noko. Landskapet er framandt. Fylt med

uhygge.

Dei einaste teikna til liv er former for død.

Visna bukettar ved ein fjellvegg i ein brå

sving. Eit reinkadaver ved ein rasteplass.

Kråka som riv i kjøtrestane. Råte. Ho køyrer

vidare. Mot kvelden svingar ho inn på ein

skogsveg. Køyrer til endes, kor det ligg

eit gamalt småbruk. Mobilen har ikkje

dekning.

Brått står det ein mann og ei dame på

trappa. Begge med synlege kross-smykke.

-Er du åleine? spør mannen.

-Eg har køyrt feil, svarer Cecilia.

Dama kjem ned. Rekker fram handa.

-Eg heiter Tora. Dette er Erik. Vi har

venta på deg. Bli med inn.

Cecilia blir med inn i eit grenseland

mellom røynd, draum og mareritt.

Ikke la de døde komme hit, ein tittel med

stor apell, viskar ut skiljet mellom døde og

levande. Saman med Cecilia blir ein usikker

på kven som er kva. Saman med Cecilia

blir ein usikker på skiljet mellom vondt og

godt, og mellom synd og frelse.

Konservativ kristendom er eitt tema. Det

tek reelt av med gamaltestamentlege

ofringar. Eg digga den biten. Boka er ikkje

kun dømmande til det kristne. Her er

nyansar i alt.

Men er for mykje uavklart? Tidsplana blir

diffuse. Fortid og notid eksisterer innimellom

side om side. Kva forhold har

Cecilia til familien ho møter? Kvifor er ho ei

dei venta på? Her er mykje stoff som kallar

på gjentekne lesningar. Og det må seiast

at språket til Steinholm ikkje alltid flyter

like godt.

Boka krever ein trent lesar, trass i at ho er

relativt tynn. Eg meiner det ligg ei historie

her som fortener eit større episk rammeverk.

Men viss bøker helst skal vere tynne

vil den gode historia slite. Ynskjer vi det?

27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!