16.06.2023 Views

Nye ungdomsbøker fra Ungdomsbokgildet 2022

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Jan Tore Noreng

Høyt press

Oversatt av Gunnhild Magnussen

Gyldendal 2022

Presentert av Stig Elvis Furset

Viss eg og Jan Tore Noreng skulle hatt bokbad om årets bok, så kunne vi ha

prata om fotball og juks.

Vi kunne ha snakka om fotball-VM i Italia

i 1990. Om då Brasil og Argentina møttest

i Torino sin innlandsvarme. Vinn eller forsvinn.

Forventningar om drama endte i ein

kjedeleg kamp. Mange drikkepausar. Laga

delte på drikkeflaskene. Med ti minutt

att slo Maradona ein genial pasning til

Caniggia, som skåra. Argentina vann. Men

kor blei det av dramaet?

Det kom ikkje fram før mange år etterpå,

då Maradona fortalte kva som hendte

i kulissene: Det var Rohypnol i ei av

drikkeflaskene til Argentina! Som dei let

vere å drikke av. Då Brasil si stjerne, Branco,

stod med flaska, sa Maradona til han: “Åh,

Branco. Drikk! Det er så vaaarmt”. Han

drakk.

I Høyt press handlar det også om å setje

motstandaren ut av spel. Sjølv om det ikkje

går like stilfullt stille for seg som i Torino.

Vi er i mindre glamorøse omgjevnader på

juniorlaget til Varg.

For Mehmet er fotballen alvor. Han skal

satse! På venstrevingen viser han fram

ferdigheitene sine. Fart. Dribleraid. Presise

innlegg. Men også taktisk kløkt. Det som

gjer at laget vinn fotballkampar. Han er

stjerna.

Før ei trening sit det brått ein ny gut i

garderoben. Markus. Han er også venstreving.

Rask. Driblesterk. Slår presise innlegg.

Mehmet blir imponert. Og redd. Han ser at

Markus har naturleg talent. Han har ikkje

måtta jobbe for å bli så god. Dessutan

er han milliardærarving, og har alt. Skal

Markus sørgje for at Mehmet ikkje sitter

igjen med noko? Mehmet set i verk ein

plan.

Jan Tore Noreng kan fotball. Han skriv godt

om løp, taklingar, presshøgde, duellar. Og

kjedelege treningsøkter der ein driblar seg

forbi kjegler. På meldingane frå unge på

Uprisen ser ein at fotball skaper både leselyst

og engasjement hos begge kjønn. Når

Noreng kombinerer med tydelege konfliktar

på det indre og ytre planet, i eit enkelt

språk, så har han eit favoritt stempel der.

Sjølv kunne eg tenkt meg ei meir utfordrande,

og argentinsk, sluttscene.

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!