16.06.2023 Views

Nye ungdomsbøker fra Ungdomsbokgildet 2022

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Peder Samdal

Mer enn en klubb

Cappelen Damm 2022

Presentert av Stig Elvis Furset

Kva er det fremste kjenneteiknet på tribunekulturen i fotball? Menn med

ølmage som brøler som bavianar i brunst? Yngleplass for rasisme?

Eg har ei anna historie: Tribuna er

plassen i samfunnet med reelt mangfold.

For å ta min eigen klubb, Brann. Her

møtest den arbeidsledige og statsråden på

like fot. Her står ungdommen og pensjonisten

og syng i lag. Her klemmer Rødt og

Frp-velgjaren kvarandre. Her er det ingen

som bryr seg om kor du kjem ifrå. Held du

med Brann, så er du bergensar, same kor

du kjem ifrå. Brann er den største

publikumsmagneta i norsk fotball.

Så når det haustsesongen kom ei bok som

heitte Mer enn en klubb, rekna eg med at

Brann skulle vere med. I det minste i stikkordregisteret.

Men, ikkje eitt ord. Trass i at

Brann kan samanliknast med Barcelona,

Liverpool og Lyon, som er eit knippe med

klubbar som er med. Eitt ord er dekkande:

skandale!

Rett skal vere rett. Etter kvart som eg las

oppdaga eg at Samdal ikkje kun ser på

supporterkultur, men er vel så interessert i

den politiske betydninga til dei 11 utvalgte

klubbane. Greitt, då er det mykje bra her.

Levande fortalt, sjølv om tonen kan bli i

overkant moralistisk.

Men Samdal har jo funne plass til to

norske klubbar. Den eine? Vålerengen

Idrætsforening. Spelar du for dei, så spelar

du mot rasisme. Då blir eg nødt til å spørje:

Spelar du for rasisme om du tilhøyrer ein

anna klubb? Det ingen snakkar om er at

problemet er størst i Vålerengen. Klubben

er dessutan den einaste som har gitt eigen

plass på tribuna til voldelege casuals. Er

det å ta samfunnsansvar?

Den andre er Odd! Er du i den drakta, så

spelar du for klima. Fordi dei har solceller

på tribunetaket. At Odd spelar på

kunstgrasplast blir unnskyldt med at dei

ikkje har pengar til å leggje gras. Og er

ikkje vanleg strøm allereie meir grøn enn

solkraft? Apropos grøn: Brann spelar på

ekte gras. Og var den første som brukte

regnbogeflagg som cornerflagg, trass i at

Norges Fotballforbund forbaud oss å gjere

det. Sa nokon samfunnsansvar?

23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!