16.06.2023 Views

Nye ungdomsbøker fra Ungdomsbokgildet 2022

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Elin Persson

De afghanske sønnene

Oversatt av Ingrid Melfald Hafredal

Gyldendal 2022

Presentert av Stig Elvis Furset

Afghanistan har tre søner. Det er Ahmed, Hamid og Zaher. Dei bur på asylmottaket

Gnistan.

Der arbeider Rebecka. Ho er ufaglært. Tilsett,

meiner ho sjølv, fordi ho er god til å

følgje ordrar. Eller instruksjonar som det blir

kalt på Gnistan. Slik er hennar første møter

med sønene:

Ahmed har vore der lengst. Han veit alt. Fører

ho inn i jobben. Viser korleis komfyren

funkar. Fortel om mat- og leggjetider. Sjarmør.

Viser seg i bar overkropp. Byr henne

opp til dans. Får henne til å le. I journalen

kjem ho til å skrive: ”Har forsvunnet fra

boligen uten å gi beskjed.”

Zaher har eit forsiktig handtrykk. Krølltopp.

Spinkel. Svært ung. Ei frå sosialtjenesta

følgjer han til Gnistan. Ho gir han ein god

klem før ho dreg sin veg. Han seier lite.

Nikkar eller ristar på hovudet til svar. I journalen

kjem ho til å skrive: ”Forsøkte å prate

med ham om familien uten å få svar.”

Hamid ligg på kne. Midt på ei bønnematte.

Kvit kjortel. Ryggen vendt mot henne. Han

bøyer seg. Ho veit ikkje at ryggen er full av

arr. Seinare skal han bli med henne ned i

kjellaren. Der kjem han til å seie at han likar

henne. Dei kjem til å klemme kvarandre.

Lenge. I journalen skriver ho: ”ingenting.”

Før Rebecka sluttar skal den eine få bli. Den

andre rømme. Den tredje skal døy.

Litterært er De afghanske sønnene

svært god. Dette er boka for den språkmedvitne

lesaren. Stilen er korthogd, ja,

nesten kald og kynisk. Han står svært godt

til Rebecka sin måte å handtere jobben på

i starten, der ho må skape eit skal mellom

seg sjølv og opplevingane. Ho registrerer

det som skjer. Dei som har jobba i psykiatri

eller helsevesen vil nikke gjenkjennande til

korleis rapportar er skrivne. Romanen blir

ein rapport over tre unge gutar, med kvar

sine traumer, og kvar sine draumar.

Men, når boka også er eit debattinnlegg i

flyktningspørsmålet, kan ein då også krevje

av ho at ho skal komme med eit forslag

på løysing som er mulig å få til? Det gjer ho

ikkje.

Strålande litteratur kan vere eit dårleg

debattinnlegg.

19

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!