29.03.2013 Views

Årsrapport hovuddel 2009 - Klepp kommune

Årsrapport hovuddel 2009 - Klepp kommune

Årsrapport hovuddel 2009 - Klepp kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Etat for skule og barnehage

Ass. kommunalsjef Kommunalsjef Barnehagesjef

Sigurd Aukland Trond Roy Pedersen Åse Kyllingstad Hatteland

Etat for skule og barnehage

Beløp: 1000 kr

Rekneskap

2007

Rekneskap

2008

Rekneskap

2009

Budsjett

2009

Avvik kr

2009

Avvik %

2009

Brutto utgifter

285 064 323 978 360 508 345 713 - 14 795 104,28

Brutto inntekter

112 182 132 508 158 489 140 523 17 966 112,79

Netto driftsutgifter 172 882 191 470 202 019 205 190 3 171 98,45

Meir(-)/mindreforbruk - 180 - 4 565 3 171

Det vart vedteke i kommunestyret 15.12.2008 at ramma til

etat for skule og barnehage skulle aukast med 3,5 mill. Det

vart samstundes gitt eit rammetillegg for 2009 på 1 mill.

Våren 2009 vart det lagt inn ein pensjonsreserve på om lag

1 mill., og i tillegg til desse midlane vart det i 1. tertial

bevilga kr 400 000 for å leiga lokaler til kulturskulen og eit

generelt rammetillegg på 1,5 mill. Etaten si totale ramme

for rekneskapsåret 2009 vart dermed auka til kr

205 190 000.

Etaten totalt kjem ut med eit tentativt overskot på kr 3,2

mill. Det er i tillegg sett av kr 500 000 som er øyremerka

prosjektmidlar til ulike føremål. Etaten har ikkje eigne

fondsmidlar att.

I 2008 hadde etaten eit underskot på 4,5 mill. Både skular

og barnehagar har gjort ein stor innsats for å dekka opp

underskotet frå 2008. Mest alle barnehagane kjem nå ut

med overskot, men dei har hatt ei aktiv innsparing både på

vikarløn og drift for å dekka opp sin del av underskotet. Dei

fekk og godskrive i underkant av 2 mill. kr frå KLP ved

årsskiftet.

Kva tiltak har vore mest vellukka

innan ditt tenesteområde i 2009,

kommunalsjef Trond Roy Pedersen?

Lese- og språksatsinga.

Resultata har blitt betre. Og

etaten har klart å halda full

barnehagedekning på ein god

måte i ei tid med stor vekst.

Kva kan du og di eining gjera for å

redusere sjukefråværet/auka

nærværet i 2010?

Prosjektet innanfor

barnehagesektoren vil halda

fram. Elles seier tittelen på

møtet med leiarane og

verneomboda noko om

satsinga: Korleis skapa

arbeidsglede og halda eit

positivt fokus i arbeidsmiljøet?

Skulane har i likhet med barnehagane spart på

driftsmidlane. Nokre har nytta vikarar i så liten grad at refusjon sjukeløn overstig dei faktiske

vikarutgiftene. Nokre skular har hatt store utgifter på enkelte ressurskrevjande elevar og har måtta

nytta tenester frå andre kommunar, bl.a. ved kjøp av teneste på Møllehagen.

Sjølv om nokre skular har spart inn deler av tidlegare års underskot, må mest alle starta eit nytt år

med underskot. Tronge økonomiske rammer krev auka innsats frå tilsette.

Barnehagesektoren kom ut med eit underskot på 1,4 mill. Dette skuldast hovudsakleg meirutgifter til

kommunalt tilskot til dei private barnehagane.

Skysskostnadene har og auka i løpet av året. Ein stor del av denne auken gjeld fleire elevar som går

på private skular i andre kommunar. ”Kommunalsjef grunnskule” kom ut med eit ubetydeleg overskot.

Sjølv om kommunalsjefen har nytta 1,5 mill. av rammetilskotet til ressurskrevjande elevar i andre

kommunar, er det framleis eit underskot til dette føremålet.

35

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!