17.07.2013 Views

ARKIV, DEMOKRATI OG RETTFERD - Norsk kulturråd

ARKIV, DEMOKRATI OG RETTFERD - Norsk kulturråd

ARKIV, DEMOKRATI OG RETTFERD - Norsk kulturråd

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ter som dei har behov for, og

som samstundes gir alle rett til

å bli ein del av og vere synlege i

arkiva.

Ei arkival rettferd må difor

omfatte retten til å påverke

dei arkiva som blir skapt i dag,

slik at desse ikkje berre fortel

arkivskaparens versjonar.

Dagens forvaltningsregime

gir samfunnsborgarane ein

grunnleggjande demokratisk

rett til å kunne kontrollere forvaltninga

gjennom å få innsyn

i arkiva. Når det er snakk om

handsaming av personsaker, så

er forvaltninga i tillegg pålagt ei

særskilt plikt til å gi informasjon

om den personen saka gjeld

og til å kontrollere at arkiverte

opplysningar er korrekte, komplette

og relevante for saka. Den

som er registrert i eit personregister

har også rett til partsinnsyn.

Dette regelverket legg

faktisk eit grunnlag for at arkiva

kan bli rettferdige – dersom det

blir etterlevd, dersom folk får

bruke sin rett til å kontrollere at

dei opplysningane som er arkivert

er korrekte og utfyllande.

Men kor mange får tilbod om

dette? Kor mange sosialklientar

får tilbod om partsinnsyn? Kor

mange føresette for barnevernsklientar

får tilbod om partsinn-

2

syn? Eg kjenner ikkje svaret på

desse spørsmåla, men eg kjenner

til at praksis er forskjellig i

forskjellige forvaltningsorgan.

Har så arkivarane ei rolle i

denne samanhengen? Eg meiner

at dei har det. I mange år

har arkivarar i arkivinstitusjonar

lagt ned eit stort arbeid for

å utvikle gode arkivrutinar i

forvaltninga, nettopp for å sikre

at dei arkiva som blir skapt blir

så gode som muleg. Det har

blitt laga reglement og instruksar

og arbeidsbeskrivingar for

heile arkivdanningsprosessen

– inkludert reglar for korleis ein

skal handtere krav om partsinnsyn.

Men det har – så vidt

eg veit – ikkje blitt laga rutinar

for korleis ein kan hjelpe og

invitere folk å bruke partsinnsynet.

Er dette ei oppgåve for

arkivarane? Eg kan vanskeleg sjå

at det er noko prinsipielt skilje

mellom denne oppgåva og dei

andre oppgåvene som knyter

seg til det å skape gode og mest

mogleg utfyllande arkiv. Tvert

om kan det argumenterast med

at denne oppgåva kan vere ei

konkretisering av den informasjonsplikta

som er formulert t.d.

i personopplysningslova.

(Ei spesiell utfordring i denne

samanhengen er dei elektro-

niske arkiva. Korleis skal vi gi

innsyn i ein relasjonsdatabase?

Korleis kan ein person kunne

forsikre seg om at han får tilgang

til alle opplysningar? Korleis

vil «the digital divide», det

digitale skiljet, kunne påverke

innsynsretten? Eg har heller

ikkje noko svar på desse spørsmåla.

Eg lar dei stå som viktige

utfordringar til arkivarane.)

Den arkivale rettferda kan

heller ikkje stoppe her. Den må

også omfatte retten til å supplere

dei mangelfulle arkiva som

alt finst i institusjonane. Nett no

er saksbehandlarar i ferd med

å vurdere erstatningskrav frå

krigsbarn, frå tidlegare barneheimsbarn,

og frå tatarar, samar

og kvenar som ikkje har fått

den utdanninga dei hadde krav

på. Sannsynlegvis vil mange av

desse få erstatning. Betyr det

at rettferda har sigra? På det

individuelle planet – kanskje.

Men dette treng ikkje bety at

desse gruppene som heilskap

vil kunne oppleve det vi kan

kalle ei historisk rettferd. Så

lenge historiene deira ikkje blir

ein del av samfunnets historieforteljing,

vil rettferda vere

overflatisk. Framveksten av ei

verkeleg rettferd vil vere avhengig

av samfunnet sin vilje til å

arkiv, demokrati og rettferd

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!