17.07.2013 Views

ARKIV, DEMOKRATI OG RETTFERD - Norsk kulturråd

ARKIV, DEMOKRATI OG RETTFERD - Norsk kulturråd

ARKIV, DEMOKRATI OG RETTFERD - Norsk kulturråd

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

dane i 2004 om personleg rettsdokumentasjon.

Om lag halvparten

av desse gjaldt innsyn i

barneheimsaker, resten fordelte

seg på andre område. 1

Årsakene til denne utviklinga

er fleire og samansette, og eg

skal ikkje gi meg ut på nokon

analyse av desse her og no. Eg

skal nøye meg med å peike på to

viktige føresetnader:

• For det første: Utviklinga av

velferdsstaten i etterkrigstida

gav befolkninga tilgang til ei

rekkje nye velferdsordningar.

Frå 1950-talet og utover

fastsette lovgivinga enkeltindividets

rett til bestemte

tenester innanfor område som

undervisning, sosialtenester

og helseomsorg 2. Det vi opplever

i dag er at første generasjon

av enkeltindivid som av

ein eller annan grunn ikkje har

fått tilgang til desse tenestene,

ønskjer erstatning for dette og

vender seg til arkiva for å få

dokumentasjon.

• For det andre, må det vere

openbart at den innsatsen som

interesseorganisasjonar for

ulike etniske og sosiale grupper

har gjort for å setje fokus

på og krevje erstatning for

gammal urett, har mobilisert

ei rekkje menneske til å krevje

arkiv, demokrati og rettferd

sin rett og samtidig sett fokus

på arkiva som funksjon som

rettsdokumentasjon. Fleire

menneske har fått kunnskap

om kva arkiva kan bidra med

og oppsøkjer difor institusjonane.

Det er liten grunn til å tru at

denne auken i førespurnadar

om rettsdokumentasjon er forbigåande.

Lovgivinga ut over

60-, 70- og 80-talet har gitt

innbyggjarane her i landet rett

til fleire offentlege tenester, og

ansvaret for dei fleste av desse

vart lagt til kommunane. Vi kan

difor rekne med at å bidra med

personleg rettsdokumentasjon

vil bli ein sentral funksjon for

arkiva – og særleg kommunale

arkiv – i det 21. hundreåret.

Det selektive arkivet

La meg kort vende tiltake til

historia om den pensjonerte

læraren. Fekk ho sin fulle pensjon?

Ho gjorde det. Eg fann

dokumentasjon som viste at

ho hadde mottatt lønn frå

Fana kommune i desse to kritiske

åra. Så rettferda vann

fram – men berre så vidt. Den

dokumentasjonen eg fann var

rekneskapsvedlegg som viste

lønnsutbetalingane til lærarane

i Fana desse åra, dokument som

skulle ha vore kassert etter ti år

i følgje rekneskapsforskriftene.

Men dei var ikkje det, fordi

Fana kommune i mellomtida

hadde blitt slått saman med

Bergen kommune og skolearkivet

hadde blitt overlate til seg

sjølv. Så dersom arkivet hadde

blitt tatt hand om i mellomtida

er det mest sannsyn at denne

dokumentasjonen hadde vore

borte. Og dette fører meg over

til mitt neste emne, det selektive

arkivet.

Ein av dei viktige utfordringane

som arkivarar kan ha i

møtet med menneske som

ønskjer dokumentasjon frå

50- og 60-talet, er motsetninga

mellom klientane sine behov

for dokumentasjon på den eine

sida, og arkiv som framstår som

selektive, mangelfulle og delvis

tendensiøse på den andre.

Den nederlandske arkivforskaren

Eric Ketelaar har vist

korleis arkiveringsprosessen

byggjer på ei rekkje «bevisste

eller ubevisste val (bestemt av

sosiale og kulturelle faktorar)

om at noko er verd å arkivere» 3 .

Desse vala vil endre seg i tid og

rom, fordi dei sosiale og kulturelle

faktorane endrar seg.

Og arkiv frå 50- og 60-åra, og

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!