17.07.2013 Views

ARKIV, DEMOKRATI OG RETTFERD - Norsk kulturråd

ARKIV, DEMOKRATI OG RETTFERD - Norsk kulturråd

ARKIV, DEMOKRATI OG RETTFERD - Norsk kulturråd

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

5

I artikkelen «Det gjestfrie arkivet»

i denne publikasjonen viser

Gudmund Valderhaug til Derridas

vektlegging av arkivas store

tyding for makt og kontroll, og

kva for rolle gjestfridom må ha

om ein skal møte nye brukarar

slik at det kan gagne deira interesse.

Eg kan nemne ein episode

som viser kor viktig dette er.

Mitt aller fyrste møte med

arkivverket skjedde i 1973, då

eg starta med å samle kjelder

til hovudoppgåva i historie.

Eg hadde sendt inn ei prosjektskisse

til riksarkivaren og

vart ein av dei fyrste dagane

på Bankplassen invitert inn på

kontoret til Dagfinn Mannsåker.

Det var med ærefrykt; han var

jo ein mektig mann. Prosjektet

gjekk ut på å undersøke om det

hadde eksistert ei løynd militær

organisasjon med ein eigen,

løynd mobiliseringsordning,

innafor det offisielle forsvaret

i mellomkrigstida. Eg hadde

ikkje tenkt så mykje på kva han

ville og korleis han ville ta i

mot meg. Men eg var redd for

at han berre ville feie meg av.

Han let meg ikkje leve lenge i

tvil. Prosjektet meinte han var

spanande, sa han. Han hadde

snakka med arkivarane og dei

trudde at det fantes kjelder som

var viktige for meg. Han skulle

sørgje for at eg fikk all mogleg

hjelp. Det var ei fantastisk mottaking

å få. Denne røynde historikaren

med bandsterke, vektige

verk bak seg, meinte at det eg,

som knapt var tørr bak øyra,

hadde satt på papiret var viktig!

Det høyrer med til historia at

av Lars Borgersrud, historikar

lik sanning for høg og låg?

to eksempel på arkivverkets handtering av personvernet

han heldt ord. Arkivar Helge

Paulsen og medarbeidarane

hans sleit seg gong på gong med

nedstøva arkivboksar på kjelke

gjennom den djupe snøen ute

på Hovedøya. Der hadde dei

leita seg fram i lyset frå lommelykt

mellom dei gamle reolane i

magasina. Det vart mange turar.

Å bli tatt i mot slik gjorde

inntrykk. Det gav mot og sjølvtillit.

Korleis Mannsåker var i

andre delar av embete sitt veit

eg ikkje, men eitt veit eg, han

var ein arkivmann med meining

om at viktige kjelder ikkje

berre må passast på i arkivet,

men må brukast og at det er bra

at nokon bankar på den tunge

døra i Riksarkivet og søkar etter

ei sanning innafor. Sjølv om dei

elles i alt og eitt ikkje er perfekte.

Eg vil gjerne ha sagt dette

arkiv, demokrati og rettferd

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!