29.07.2013 Views

Bilag: Polarforskning - Nysgjerrigper

Bilag: Polarforskning - Nysgjerrigper

Bilag: Polarforskning - Nysgjerrigper

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

pa er trua

til å halde oss varme. Fleecejakker er

svært varme og gode. Men kan du tru

at den same fleecejakka faktisk er ein

fare for isbjørnen?

Fleecejakker er laga berre av resirkulerte

plastflasker. Jakka er lett og varm,

men stoffet er også ekstremt brannfarleg.

Dei som lagar fleece, tilset derfor

eit spesielt stoff som gjer at fleecen

ikkje brenn så lett. Truleg reddar slike

flammehemmande stoff liv kvart år.

Men dei er også miljøgifter. Gjennom

næringskjeda gjer miljøgiftene skade

på isbjørnen.

På topp i næringskjeda

Isbjørnen er på toppen av næringskjeda.

Dette betyr at mens han et byttedyr,

blir han sjølv ikkje eten av nokon dyr.

Isbjørnen et mykje sel, som igjen et fisk.

nysgjerrigper – 3-2007, 14. årgang bilag om polarforskning

Denne fisken et mindre fiskar, eller

andre byttedyr han fangar i havet. Alle

desse dyra tek opp miljøgifter som vi

menneske lagar og slepper ut.

Får servert gift i maten

I små mengder er dei ikkje farlege,

men dei blir lagra i organismane, og

dermed samlar det seg etter kvart opp

større mengder i dyr. Spesielt i dyr

som har mykje feitt, som sel og fisk i

arktiske strøk – og isbjørnen. Miljøgiftene

er nemleg fettløyselege, noko

som betyr at dei blir lagra i feittet på

kroppen. Når isbjørnen et sel, får han

i seg store mengder miljøgifter som er

lagra i selen over lang tid.

Blir undersøkt av forskarar

No skal ei gruppe norske forskarar

undersøkje korleis isbjørnen reagerer

på klimaendringane, og kva slags

skadar miljøgiftene gjer på isbjørnen.

Dei vil setje satellittsendarar på

isbjørnar, slik at dei heile tida veit kvar

isbjørnane held seg. På denne måten

kan dei følgje bjørnens rørsler i takt

med endringar i klimaet, navigering

og jaktmønstret. Forskarane vil også

vite korleis giftene påverkar isbjørnen.

For eksempel skal dei undersøkje

om giftene skader skjelettet, ved å

samanlikne funn med isbjørnskallar

frå museum.

Forbodne gifter

Dei fleste av miljøgiftene som skader

isbjørnen, er forbodne i dag. Men fordi

dei blir lagra i dyr, tek det lang tid før

dei kjem ut av næringskjeda. I mellomtida

kan du kanskje vurdere kva for

plagg du bruker for å halde deg varm?

FOTO: GV-PRess

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!