29.07.2013 Views

Bilag: Polarforskning - Nysgjerrigper

Bilag: Polarforskning - Nysgjerrigper

Bilag: Polarforskning - Nysgjerrigper

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Samarbeid for betre ver

Storm og uver er vanlegare i nordområda enn andre stader.

Derfor er gode vervarsel spesielt viktig her.

TeKsT: BÅRD amUnDsen

Veldige stormar kan herje hav og land

rundt Nordpolen. Andre gonger kan

tåka liggje tjukk, eller det kan snø i

dagevis.

Veit for lite i dag

Dei siste tiåra har meteorologane

vorte veldig flinke til å varsle veret for

dei nærmaste dagane. Men i Arktis

er vervarsla framleis for dårlege. Det

kjem av at meteorologane her har få

observasjonspostar som forklarer

korleis veret utviklar seg. Det kjem

også av at dei som skal varsle veret,

rett og slett veit for lite om ver og vind

i nordområda.

50 forskarar, dei fleste av dei frå Noreg,

samarbeider no for å lage betre vervarsel

i Arktis. Det viktigaste er å bli

flinkare til å varsle storm og uver.

Behov for vervarsling

Stadig fleire menneske oppheld seg i

Arktis, mange som turistar. Samtidig

har både Noreg og andre land begynt å

hente opp olje og gass frå havet i nordområda.

Meir skipsfart er det også

blitt. Alle desse treng å vite korleis

veret blir, og om det er uver i sikte.

Ballongar i atmosfæren

For å finne ut meir om veret rundt

Nordpolen skal forskarane sleppe

ballongar med meteorologiske

bilag om polarforskning

instrument opp i atmosfæren. Dei skal

også sleppe ut bøyar i havet – bøyar

som kan måle temperatur og vind. Frå

eit tysk forskingsfly skal forskarane

neste vinter bruke eit avansert laserinstrument

som måler vind og fukt.

Blir rekna ut av superdatamaskinar

Moderne vervarsling er i stor grad

basert på reknestykke med millionar

av tal. Superdatamaskinar må til for å

utføre desse reknestykka. Men svaret

som reknestykka gir, er sjølvsagt

avhengig av kva for tal du puttar inn.

Desse tala må vere så riktige som råd.

Det skal verforskarane no prøve å gjere

noko med.

Vervarsla skal bli betre i nordområda.

Det vil mellom anna komme turistar

og eventyrarar til gode.

FOTO: GV-PRess

nysgjerrigper – 3-2007, 14. årgang

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!