29.07.2013 Views

Bilag: Polarforskning - Nysgjerrigper

Bilag: Polarforskning - Nysgjerrigper

Bilag: Polarforskning - Nysgjerrigper

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Væpna til tennene

TeKsT: TeRje sTensTaD

Viss tanken på hai er skremmande,

har du ikkje høyrt om Dunkleosteus

terrelli. Fisken ville garantert ha vore

det sjødyret du hadde minst lyst til å

støyte på under badeturen. Men det

er heldigvis lenge sidan han regjerte

i havet. Rovfisken levde i devontida,

for 417 til 354 millionar år sidan. Den

gongen dominerte denne og andre

panserfiskar havet.

Tungt væpna

Dunkleosteus hadde ikkje skikkelege

tenner. I staden var han utstyrt med eit

veldig bit med knivskarpe plater. Fisken

kunne opne munnen lynraskt – på

utrulege fem tidelar av eit sekund! –

noko som gav han ei utruleg sugekraft

til å suge fast offeret i kjeven. Og kjeven

lukka seg like raskt som han opna seg.

Trykket og krafta frå kjeven har forskarane

berekna til 500 kilo. Vanlegvis har

ein fisk anten eit kraftig eller eit fast bit,

men dette monsteret hadde begge delar.

Det er eit av dei kraftigaste bita hos

noko dyr som har levd.

Berre slått av T. rex

Amerikanske forskarar har funne ut

at skrekkfisken hadde kraftigare bit

enn det store alligatorar og dinosaurar

hadde. Han slo rettnok ikkje T. rex,

Returadresse:

Nysgjerrigper

Norges forskningsråd

Postboks 2700 –

St. Hanshaugen

0131 Oslo

B Economique

Dunkleosteus terrelli

hadde det kraftigaste bitet

til nokon fisk som har levd.

Det er rettnok 400 millionar

år sidan den ti meter lange

fisken utgjorde ein trussel.

iLL.: sPL/GV-PRess

Kvithaien blir rekna som det skumlaste rovdyret i havet i dag. Han blir likevel berre ein pusling i

forhold til denne fisken. Her er den grufulle fetteren som utløyste skrekk og gru i havet for 400

millionar år sidan!

som kunne knase i seg eit måltid med

omtrent 1500 kilos kraft. Men knusebitet

til Dunkleosteus er meir enn

dobbelt så kraftig som bitet til hyenen

som lever i dag. For hyenen er det inga

sak å pulverisere bein med kjeven.

Beinharde offer

Kva skulle så rovfisken med eit så kraftig

bit? Forskarane som har studert

fossil frå havdyr frå devontida, meiner

Dunkleosteus trong krafta fordi offera

hadde beinhard «innpakning». Dette

var symjande, raske dyr som også

gjerne var kledde i panserdrakt, og

muslingar og skjel – som ein måtte ha

kraftige kjevemusklar for å fortære.

Nysgjerrigper 4-2007 byr på artikler om satellitter, om liv på fremmede kloder og en frekk slange som snylter paddegift. Vi

fortsetter artikkelserien med stoff om polarforskning. Vi har dessuten tatt turen til sumpen og nasjonalparken Everglades i

Florida og støtt på alligatorer og andre eksotiske dyr. Bladet sendes deg midt i november.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!