04.09.2013 Views

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Flamenco... kort om stemning!

av Corinne Campos

Ein løfta torso der brystet har eit stolt uttrykk, ledsaga av sirklande, forførariske hender med faste

armar i ein boge, som vinger til ei ørn....med svikt i knea og stampande føter; dette er ein

karakteristikk av flamencodansaren. Mannen i bukser og vest, med støvlettar, kvinna i flott kjole

med volangar og kapper, og blomst i håret.

Høyr lyden av handklapping og føter som lagar rytme, kroppen er eit perkusjonsinstrument, og

vert akompagnert av tørre, stramma gitarstrenger, som resonerer i ein gitarkasse av kirsebærtre.

Gitaren følgjer dansen, og dansaren kommuniserer med gitaristen gjennom rytmiske kodar og

fysisk uttrykk, som vert tolka av sangaren, slik at dei deltek i eit samanhengjande harmonisk og

dynamisk samspel. Til saman dannar flamenco ein heilskapleg form, med sang, gitar og dans. Det

finst dessutan mange stilartar .

Forfattaren Frederico Garcia Lorca sitt dikt "La seguiriya" omtalar Seguiriya-stilarten og rytmen i

ei poetisk form:

"Ole! Ei hand grip skjørtet med ei rask rørsle, volangar skapar sirkulære

former der fargane i stoffet tonar saman. Stamp! Plutseleg stoppar songaren "el

cantaor" og gitaristen, dansaren frys i ein positur, armane vert halde stolt oppover

mot himmelen, haka og andletet trukke ned mot brystekassa, furene i panna uttrykker ei indre

liding."

Rytmen Solea seiast å følgje hjarteslaga våre, medan Seguiriya-rytmen manar til kamp, skriv

Platon. Aristoteles fortel om ein matematikar i Tarento som gir kastanjettar til små barn, for å

underhalde dei. Kastanjettar akkompagnerer nokre gongar flamenco i scenisk form. Han

nedstammar frå den greske Krotaloen.

Flamenco er eit utrykk for kjensler. Universelle kjensler, som alle kan kjenne seg igjen i. Kanskje

difor flamenco er så populær over heile verda? Flamenco er ein del av livet, han uttrykkjer livet

med gleder og sorger. Det er det indre som skal uttrykkjast. Han oppstår både i overgangsritualer

og festivalar. Han eksisterer også i form av ei katolsk messe. Flamenco er poesi. Tekstane har

tematikk fra sorg, død og liding, til feiring, glede, optimisme og fryd. Mange forfattarar

spesialiserer seg på flamenco-tekstar. Nokre flamenco-vers vert sunge improvisert og spontant,

andre kan være populære vers som er i tradisjonen til det andalusiske folket.

Omsett til nynorsk av Helge Skurtveit

Side 10 av 12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!