04.09.2013 Views

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

for vanlege folk og besøkte konge og adel, slik som kjelder fortel at dei gjorde hjå Harald

Hårfagre på 900-talet. At kunstane deira ikkje alltid vart aksepterte av leiarane, viser ei anna

kjelde som fortel om ein islandsk biskop på 1300-talet. Han forbaud to- og trestemt song, fordi

han rekna "leikarskap" som noko negativt.

Dansane deira var grunnlag for akrobatikk og sjonglering. Dei som hadde framsyningar for små

grupper måtte ha fleire kunstar på programmet for å halde på tilskodarane, enn dei som opptredde

for mange på ein gong. Gjøglarane hadde framsyningar i gater, på marknadsplassar og andre

stadar der folk samla seg.

Omreisande gjøglarar kunne formidle nyhende frå andre stadar. Makta var ikkje alltid interesserte

i å opplyse folket, fordi opprør kunne spreie seg. For å halde kontroll, regulerte makthavarane

med lov innhaldet i gjøglarane sine framsyningar og korleis dei kunne reise. Som eit mottrekk,

utvikla gjøglarane eit kodespråk, kjent mellom anna under nemninga ”gramelot”. Då kunne dei

uttrykkje seg til folket, slik at folk forsto meininga, utan at gjøglarane braut sensuren direkte.

Sirkus. Gjøglarframsyning

Oppgåve for alle:

Gjøglarane som opptrer i forteljinga, gjer noko som liknar det me i dag kan sjå på eit sirkus, ei

framsyning med trylling eller eit gateteater. Mange elevar har sett slike framsyningar, anten "live"

eller på fjernsyn. La dei fortelje munnleg om opplevinga.

Elevane kan lage ei forestilling der dei gjere kunstar og viser akrobatikk. Om det høver, kan dei

bruke rekvisitar som rocke-ringar og tryllekunstnar-materiale. Dersom de har sjonglørballar, kan

læraren, eldre elevar eller andre personar lære vekk kunsten å sjonglere. Nokre kan synge og lage

rytmeorkester.

Mange elevar liker å kle seg ut som på karneval. Elevane kan lage hattar i papir og pynte dei med

stoff og remser. Dei kan lage masker og sminke seg med klovnesminke. I litteraturlista står nokre

bøker med døme på masker og klovnefjes.

Det er viktig at alle som har lyst til å gjere ein "kunst", kan finne det dei har lyst til å vise. Hugs å

få til ein generalprøve om kunstane skal visast for andre klassar.

Oppgåve for alle: Julebukkar frå våre dagar kan seiast å vere ein norsk vidareføring av ein

gjøglartradisjon. La elevane fortelje i klassa om å gå julebukk.

Legender

Ei legende er ei munnleg overlevert forteljing. Alle legender har eit snev av sanning ved seg. I

nokre tilfelle berre eit namn eller ein stad, andre gongar vert det fortald ei historie som ligg nært

opp til røyndomen. Dette er eit døme på ei legende om dei bibelske personane jomfru Maria og

Jesusbarnet, og kan kallast ei Maria-legende.

Ei anna slik forteljing vert gjengive av Egil Bakka i "Ei fransk legende om ein akrobat”:

Side 4 av 12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!