04.09.2013 Views

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Historia handlar om ein av timlane, ein som driv med akrobatisk dans. Han er lei av det verdslege

livet og gir bort pengane, hesten og kleda sine, før han går i kloster. Kvar natt listar han seg i

smug ned til krypta, til ein statue av jomfru Maria som står i kapellet der. Han tek av seg

munkekutta og bind opp skjorta si. Tilbedinga er ikkje i bøn, men i form av akrobatiske

dansetrinn. Han gjer høge sprang og står på hovudet til han fell saman i utmatting. Abbeden

oppdagar at noko hender, og listar seg fram og ser på i smug. Stort er miraklet då jomfru Maria

stig ned frå himmelen, og ho svalar den utmatta mannen med ei vifte. Abbeden vert djupt rørt og

tek mannen i armane sine. Han vert munk i klosteret, og abbeden bed han om å halde fram med

den spesielle forma for tilbeding av Maria-biletet. Det gjer mannen til han døyr lukkeleg.

Om de vil lese fleire legender, sjå litteraturlista.

Her kan læraren lese meir om Maria-legender

http://www.synogsegn.no/text.cfm?ID=6-34

Sjangrar

Når diktinga er munnleg overlevert, finn me ofte fleire variantar av same historia, etter at

forteljinga har "vandra" over landegrensene i løpet av ei tid.

I klassa kan du vise dette ved fortelje ein historie til ein elev, og la denne eleven gjenfortelje ho

vidare til ein ny elev, og la forteljinga vandre i heile klassa. Etterpå kan de sjå om detaljane har

endra seg mykje.

Oppgåve for 3.- 4. klasse

- Elevane lærer om sjangrar i folkedikting og kva som kjenneteiknar legender, myter, eventyr og

segner.

Korleis kan me fortelje

Ei forteljinjg har ei opning, ein midtdel og ein slutt. Handlinga er plassert i tid og rom. Vanlegvis

skal ein eller fleire aktørar (personar eller dyr) løyse ei eller fleire oppgåver, og må klare å

overvinne hindringar.

Oppgåve for 3.- 4. klasse

Kva oppgåver og hindringar må Santiago klare å vinne over?

- Kven er med i denne forteljinga og kva er handlingsgangen?

- La to og to elevar gå saman. Den eine kan vere journalist og den andre Santiago. Journalisten

spør Santiago om kva han gjer når han reiser rundt og opptrer for vanlege folk og for kongen.

I skule- og folkebibliotek vil elevane finne bøker om sirkus og gjøglarar. I litteraturlista er nokre

døme på slike bøker. I eit godt bibliotek kan elevane få hjelp til å finne bøkene, og prøve å søkje i

den elektroniske katalogen etter forfattar, tittel og emne.

Side 5 av 12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!