04.09.2013 Views

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

I Noreg var tatter først ei nemning for sigøynarar, seinare vart det ei gruppenemning for ulike

slags reisande, og ”ekte tater” var ein frå romanifolket. Nokre stadar har reisande blitt kalla fant

eller splint.

Meir om sigøynarane sin historie kan du finne her:

http://perarntzensgitarskole.com/flamenco/sigoynerneshistorie.htm

Ei nettside om sigøynarar i vårt land:

http://www.romanifolket.no/modules.php?name=News&file=article&sid=148

Oppgåve for alle

Les ei biletboka om ein sigøynargut med tittelen ”Vesle Hjalmar og kilden” av Britt Karin Larsen,

Liv Borge og Torill Marø Henrichsen.

Folk har ulike levevis. Nokre folk bur ikkje på ein stad heile tida, men er nomadar med husdyr

slik som reindriftsamane har vore tidlegare, eller reisande innan handel og handverk slik som

grupper av sigøynarane har vore fram til våre dagar. Dei har hatt med seg musikk og kulturutrykk

som har endra seg i møte med den lokale kulturen. Slik er det med flamenco i Sør-Spania, der

sigøynarane sin opprinnelege musikk og dans har blitt blanda med arabiske og spanske

tradisjonar.

Oppgåve for 3.-4. klasse

Elevane kan snakke om toleranse for dei som lever annleis enn fleirtalet. I høve til nyare tid med

det fleirkulturelle Noreg, kan de snakke om at også ei stor gruppe nordmenn har reist til eit anna

land, i den store utvandringa til Amerika. Der ville dei skape ei betre framtid, i ei tid då det kunne

vere vanskeleg å leve her.

Dans

• Kroppsøving/ musikk

Oppgåve for alle

Elevane kan danse til folkemusikk. Prøv å finn nokon som kan vise ein folkedans. Elevane kan få

prøve seg på fleire typar dansar, frå ulike land. Kanskje er det nokon i nærmiljøet som kan

flamenco?

Musikkhistorie

Popmusik har innslag frå flamenco, og til dømes i slutten av 1980-talet hadde gruppa Gipsy

Kings ein stor hit med songen “Bamboleo”. Dansemusikk har blitt påverka av sigøynarmusikk.

Innan jazz har gitaristar som Django Reinhart blitt store stjerner. Han vaks opp i ein sigøynarleir i

utkanten av Paris tidleg på 1900-talet. I Noreg har Hot Club de Norvège teke opp denne arven. På

nettsida http://www.hotclub.no/ finst ei liste over artistar som spelar ”gipsy jazz”.

Side 7 av 12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!