04.09.2013 Views

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

Guds Gjøglar - Den kulturelle skolesekken Hordaland

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Innleiing.

"Historia om Guds Gjøglar" er basert på ein legende med røter frå mellomalderen, om gateguten

som veks opp til å bli ein berømt sjonglør. Han misser statusen sin i alderdommen og blir gløymt,

før han i siste utpust blir velsigna av Jomfru Maria for kunstane sine. I framsyninga ”Guds

gjøgler” er gateguten ein sigøynar som lever i Spania, og han jonglerer i takt med

flamencomusikk. Flamencoen sine feiande rytmar og kjenslevare song har fått eit breitt publikum

frå mange land, og sigøynarar og andre omreisande har sett spor både innan klassisk musikk og

populærmusikk. Flamenco er sigøynarane sin musikk frå Andalucia i Sør-Spania, og framsyninga

viser til ein slektskap mellom gjøglarar og sigøynarar, musikk, dans og sjongleringsballar.

Med denne framsyninga sett Den kulturelle skulesekken fokus på gjøglartradisjonar, omreisande

grupper og på sigøynarar, som var del av det fleirkulturelle europeiske og norske landskapet frå

1300-tallet og framover. Til Noreg kom sigøynarane på 15-1600-talet. Sigøynarane blei sterkt

undertrykte, men likevel hadde dei ein kulturell tradisjon som kom i eit samspel med europeisk

kultur. I tillegg til den musikalske innverknaden på spansk musikk, fekk dei ein sterk rolle

mellom anna i det austerikske-ungarske riket ved å spele musikk for dei ulike folkegruppene. På

slutten av 1700- og tidleg på 1800-talet, møtte sigøynarmusikarar ei større annerkjenning frå

musikkjennarar i borgarskapen, som tolka inn romantisk fridom i levemåten og i spelet til

sigøynarane. Joseph Haydn vart influert av å høyre omreisande orkester spele verbunkos, ei

blanding av sigøynermusikk og element frå vestleg europeisk tradisjon. Stilen vart populær på

1800-talet, og påverka komponistar som Beethoven, Schubert, Brahms og særleg Liszt, som

skreiv i "ungarsk" stil, influert av dei raske rytmene og klangane.

Framsyninga kan sjåast som eit tiltak for å få borna interesserte i litteratur, musikk og dans, slik

det har oppstått gjennom kulturmøte. Med denne framsyninga sett Den kulturelle skulesekken i

Hordaland fokus på det fleirkulturelle Europa og Noreg gjennom historia og dei kulturelle

uttrykka som kulturmøte har avfødd.

Handlingsgang i sjølve framsyninga.

Framsyninga opnar med at Bettina Flater spelar flamencomusikk på gitar. Darina Cizkova går inn

i rolla som Santiago, den foreldrelause gateguten. Om natta søv han ute. Men om dagen er han

ein artist. Han sjonglerer med frukt på torget, og får mat fordi han trekkjer kundar til

kjøpmannen. Ein dag kjem det ein gjøglartrupp til den sørspanske byen han bur i. Santiago ser

med store augo på at gjøglarane dansar, sluker flammar og sjonglerer med lette tøystykke og

knivar. Han har ikkje sett noko så fantastisk før. Santiago viser kunstane sine, blir med truppen

og opptrer for kost og losji. Etter ei stund forlet han gjøglarane. Han gjer stor suksess på eigen

hand med gjøglinga, og spelar for konge og rikfolk. Mellom anna tryllar han fram ein regnboge

av ballar. Høgst oppe svevar ein gul ball som sjølvaste sola!

Etter mange år er han blitt gammal og sliten. Folk set ikkje så stor pris på kunstane hans meir, og

det hender at dei kastar stein. Gjøglaren sluttar å sjonglere. Ein dag kjem han til ei kyrkje, der han

legg seg til å sove. I det han vaknar, høyrer han musikk. I kyrkja er det mange folk, og munkar og

nonner har med seg vakre gåver til ei avbilding av ei kvinne med eit barn; Maria og Jesusbarnet.

Side 2 av 12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!