22.04.2014 Views

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Sagbladet

Fullt kaos i bilen, når vi såg den føste svartbjørnen!

måtte takast bilde av. Må forklare

at vi 4 av turdeltakarane var frå

Telemark og gjekk som regel i samla

tropp. Desse vart kalla ”Telemarksbataljonen”.

Vi hadde håpa å sjå meir av OL

anlegga, men det var dårleg skilta

og dei låg i ulike områder rundt

sjølve Whistler. Vi fekk med oss

delar av bakkane som skal brukast,

men ikkje arena for langrenn, skiskyting

osv. Kanskje nokon har fått

inspirasjon til å reise tilbake under

OL arrangementet. Sentrum i byen

var veldig intimt og her var det

veldig flott arkitektur og tre i grove

dimensjonar var brukt overalt, ute

og inne. Her eit eksempel frå ein

restaurant.

Vi fekk oss ein matbit og ein spasertur

i området før vi måtte i bilane

igjen. Området mellom Whistler

og Cache Creek var fasinerande.

Her såg vi alt frå store granskogar,

til karrige furumoer og prærie. Vi

køyrde forbi fleire busetningar der

indianarar budde. Dette var ikkje

indianarlandsbyar med telt og fjør

og hestar. Nei, nedslitte små hus,

masse søppel, dårleg vedlikehald,

dyrka mark som var på veg til å bli

gjengrodd var gjennomgåande i

desse områda. I det heile tatt litt

dystert for bortskjemde nordmenn.

Høgdepunktet denne dagen var at

vi såg vår første svartbjørn. Det vart

fullt kaos i bilen med folk og

kamera. Sjå, bjørn!! Veit ikkje om

så mange fekk veldig fine bilder av

denne første bjørnen, men når eg

ser på mine er det mest bilruter og

hender som viser. Eitt og anna bilde

viser også bjørnen som her, men

bildet beskriver like mykje situasjonen

i bilen. Dette var ei stor oppleving

og særleg for dei 2 borna

som deltok på turen.

Vi kom seint fram til hotellet i Cache

Creek denne kvelden og etter ein

middag var dei fleste utslitt og gjekk

til sengs. Dette var for øvrig det

Litt utradisjonell bruk av rundstokkar,

men veldig fint.

www.sag.no

hotellet som hadde mest amerikansk

sjel, etter mi meining. Ein del

lokale folk i ein liten halvskitten

restaurant vart maten servert. God

Ekempel på ei laftebygning som er

produsert av Pioneer Log Homes

mat, men nokon hadde sett kjøkkenet

og valde å ete frokosten på

ein annan restaurant i nærleiken

dagen etter. Vi vart ikkje sjuke

nokon av oss!

Neste dag skulle vi ha ein forholdsvis

roleg dag med moderat med køyring

(33 mil) og lite organisert opplegg.

Det vart nesten sånn, men det vart

ikkje problem å få tida til å gå.

Langs vegen til Quesnel låg det ei

laftebedrift med namn Pioneer Log

Homes. Vi visste nok ikkje mykje

om kva type bedrift dette var medan

vi oppheld oss på tomta. Det var

ikkje aktivitet på industiområdet

medan vi var der og ingen som

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!