09.11.2014 Views

NASJONAL ÅRSRAPPORT - Røde Kors

NASJONAL ÅRSRAPPORT - Røde Kors

NASJONAL ÅRSRAPPORT - Røde Kors

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

SOGN OG FJORDANE

Nansy Aase bur åleine i ein omsorgsbustad i Førde.

Det er godt å vite at hennar Røde Kors besøksvenn

Kristine Berstad kjem kvar onsdag klokka elleve. Det

er stille i leilegheita til Nansy Aase. Det er oftast det.

Men i dag er det onsdag, og klokka er elleve. Dørklokka

ringer. Endeleg blir det lyd. Og liv. Det er Røde

Kors besøksvenn Kristine Berstad som kjem. Eit viktig

haldepunkt for Nansy. Eit menneske som møter opp

berre for å prate eller gå ut ein tur. Eit menneske som

har god tid, kun for Nansy. Eit menneske som kan gje

og få eit smil.

Besøkstjeneste gjev meining.

Kristine har vore besøksvenn i snart tre år. I år vart ho

pensjonist, etter ei lang karriere som fysioterapeut

på sjukehuset i Førde. Å bli besøksvenn var noko ho

byrja med for å gje meir innhald og meining til tida

etter arbeidslivet. Når det er godt ver pleier dei å gå

ein tur ut i Sentrum. Først bort til Torget. Så opp på

Domuskafeen. Der sit dei og ser på folk. - Eg likar å

gå ut. Å vere ute blant folk. Eg likar ikkje å sitje heime,

seier Nansy. Men ikkje når det er slik som i dag, når

sluddet kvin sidelengs og svarte trekruner svaiar og

bilane sender sølepyttar langt inn på fortauet. Då

vert dei inne. Drikk kaffi. Pratar litt.

Eg er så gamal. Eg likar ikkje å ligge her åleine, seier ho.

Kristine seier at ho er einig. At ein er mindre åleine på

sjukeheimen. Der kan ein kan vere saman med andre

heile dagen. Ho ser at ei leilegheit i ein omsorgsbustad

kan opplevast einsamt. Trass i at ein får besøk frå

heimehjelp eller heimesjukepleie. Eller besøksvenn.

Livet utanfor vindauget

Men der du budde før var det så mange trapper at

det var vanskeleg å komme seg ut, seier Kristine. - Ja,

men der trengde eg ikkje ut så mykje, for eg såg på alt

utanfor frå vindauget i gongen. Det skjedde alltid noko.

Det var alltid noko å sjå på, seier Nansy. Slikt pratar dei

om. Og bileta på veggen. Av fem generasjonar slekt.

Om broren, som har skore ut og dekorert ramma til

sitt eige portrettbilete. Om bestefaren, med stram

bart og uniform. Om biletet at mora, som ho framleis

kallar mamma.

Ønskjer seg selskap

Nansy er fødd og oppvaksen på Åse i Naustdal. I

1917, same året som Revolusjonen i Russland. Året

før første verdskriv var over. Ho var 28 år då den

neste krigen slutta og 55 då Norge sa nei til EF i 1972.

Andletet fortel at ho har levd eit langt liv. Ho har eit

fast og direkte blikk. Tenkjer seg godt om før ho seier

noko. - Trivst du her? - Nei. Eg likte meg betre der eg

budde før. Eg angrar på at eg flytte hit. Det er einsamt.

Eg har lyst til å flytte, seier ho, og vender seg mot Kristine.

- Kan ikkje eg få komme bort der det bur mange?

18

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!