13.11.2012 Views

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Gullet i skogen, verdiskapingsseminar

i regi av Prosjekt Kystskogbruket

Seminaret vart halde onsdag

29. august på det nyopna designarsenteret

eller idéverkstaden

Transplant i Dale i Sunnfjord.

Tekst: Hans Fr. Lauvstad

Dale var ikkje tilfeldig vald. Transplant

er svært opptekne av materialar,

og ikkje minst tre. Det nye

bygget profilerer bruk av massivtre

i sibirsk lerk, fure og gran, og ytterveggane

er laga av mandelskal, riktig

nok finmalne, pressa og overflatebehandla.

I tillegg til dette har Dale lange

tradisjonar med tønnefabrikkar,

særleg i den store sildetida, og den

store skogreisingshovdingen i Sogn

og Fjordane, Bartold Vonen, var frå

Dale. Nordisk Kunstnarsenter på

Dalsåsen er svært opptekne av tre

til formgjeving, skofabrikken har

tradisjonar i bruk av tre, og den einaste

norskeigde skifabrikken, Åsnes

er profilert på trebruk.

Leiar i plangruppa for Prosjekt

Kystskogbruket, Jorunn Eide

Kirketeig, tok i si opningshelsing

fram det som vart gjennomgangstemaet

for dagen: Kunnskap om

tre og bruk av tre.

Dei to som driv Transplant, designarane

Birgitta Ralston og Alexander

Beau, fortalde om korleis dei etter

eit opphald på Nordisk Kunstnarsenter

fekk ideen om å slå seg ned

i Dale, og vegen fram til bygget og

bedrifta som no er i drift. Det internasjonale

nettverket, med senter i

Paris, og som gjed ulike materialar

med eigenskapar til alle føremål,

er unikt i verdssamanheng.

Aasmund Bunkholt, velkjend leiar

av Trefokus, inspirerte dei 35 frammøtte

om moderne bruk av tre, nye

byggemetodar og døme på vellukka

satsingar. Sogn og Fjordane vart

utfordra til å koma på banen med

markeringsbygg i trebruk, denne

ballen vart teken opp umiddelbart

etter seminaret.| Bunkholt hadde

også innlegg om bruk av massivtre,

der det er plass til alle kvalitetar

berre dei er rett plassert. Med tanke

på haustingsfasen etter skogreisinga

er det ikkje utenkeleg at det

kan vere rom for produksjon av

massivtre på Vestlandet, vi har i alle

høve dei trekvalitetane som trengs.

Sivilarkitekt Rune Grov framheva

bruk av ulike treslag i større og

mindre bygg, også han kom inn på

kunnskap om ulike kvalitetar og

bruken av desse. Grov var ein av

arkitektane til kunstnarsenteret på

Aasmund Bunkholt held “inspirasjonsforedrag” for tilhøyrarane om både

tradisjonelle- og moderne byggemetodar. Foto: Ann Hege Hanstad.

www.sag.no

Dalsåsen, så han var i denne samanheng

på heimebane.

Fagkunnskap om tre og trebruk var

også hovudtema for Steinar Moldal,

dagleg leiar i Senter for bygdekultur

på Dovre sitt innlegg. Eit kvalitetskriterium

er gamle tre, og han hevda

at skogeigarar burde få betaling

for å halde særleg fureskog i live

etter økonomisk optimal omløpstid.

Dette poenget tok Arne Storm på

Sunnfjord Sag opp, skogeigarane i

Sogn og Fjordane lar fura stå aldeles

gratis, han skulle gjerne sjå meir

fure på saga. Elles hevda han at han

hadde høyrt om Den Store Granhausten

sidan han kom til fylket, denne

haustingsfasen vart stadig flytt framover

i tid. Det er avgjerande viktig

å halde oppe infrastrukturen i skogbruk

og foredling, slik at vi ta imot

skogreisingsgrana når ho kjem for

fullt.

Terje Engvik, disponent i Sogn og

Fjordane Skogeigarlag BA, hadde

ein svært grundig gjennomgang av

rammevilkåra for skogbruk og skogindustri

i skogreisingsstroka. At ordningar

er påreknelege, og at det

vert lagt til rette for å kompensere

og ta bort grunnlaget for meirkostnader

ved tømmertransport gjennom

vegbygging i skogen og betre

offentleg vegnett er avgjerande for

å kunne nytte dei store tømmerressursane

som kjem.

Industrikapasiteten når det gjeld

store og mindre sagbruk er teoretisk

stor nok til å handtere virkesmengder

eit godt stykke inn i granhausten.

Når det gjeld energi er vi

ikkje komne langt i Sogn og Fjordane,

her er mykje ugjort.

Når det gjeld miljøutfordringar

generelt vart det understreka at

fordeler knytt til kortreist virke og

lokalprodusert energi må nyttast

til alt det er verd. Fylket treng markerte

bygg som viser avansert trebruk

og energi frå skogen. Kjerneved av

fure og lerk er gode alternativ for

trykkimpregnert virke.

13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!