27.01.2015 Views

IKON - Atrium

IKON - Atrium

IKON - Atrium

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

lands, og i alle fall i den regnfulle byen

Bergen, varer hausten heilt frå september

til april, minst. Det er viktig at ein gløymer

ein gong i blant. Det er vel ei slags

overlevingsmekanisme: vi fortrenger dei

mørke haustmånadene når det er lyst ute.

Det er då enda godt.

Heilt frå eg var lita har eg vore vant

med å dele inn året i to kategoriar, i staden

for dei misvisande fire årstidene, som har

liten nytteverdi her på Vestlandet. Heime

lærte eg nemleg å kategorisere månadene

etter kva slags bokstavar dei hadde i

namnet sitt. Det resulterte i at R-månader

hamna i ein kategori for seg sjølv. Dette

er dei fleste og dei verste månadene i

året. Heile åtte månader er samla under

denne kategorien. Dei resterande fire

månadene som ikkje bærer bokstaven R

i namnet sitt, var dei mjuke månadene.

Eller fryd-og-gammen-månadene, om du

vil. R-månadene var tran-månadar – i dei

andre månadene trengte ein ikkje ha i seg

denne fiskeleskedrikken. Dette var det

mor mi som lærte meg. Det var ein regel

utan unntak. Var det R-månad, var det

tran-månad. I mai, juni, juli og august, dei

såkalla mjuke månadene, var alt derimot

berre ein dans på roser. Ja, då var livet fint,

og eg lengta ofte etter desse månadene.

Innimellom prøvde eg å lure mamma. Eg

kunne til dømes seie at «mamma! I dag

treng eg ikkje tran. Det

er jo masj.» Men mamma

kunne stave, så ho let seg

ikkje lure: «Jau, sjølvsagt

skal du ha tran. Her er

det inga kjære mor. Det

er maRs». Så blei det tran

kvar dag den månaden

også.

No bur eg for meg sjølv,

og treng ikkje lengre å bry

meg om det er R-månad

eller ikkje. Likevel bryr eg

meg, men no handlar det ikkje om tran.

No dreier det seg om heilt andre ting,

som eg ikkje tenkte på då eg var sju år.

Slikt som ein berre tenker på når ein er

vaksen. Nemlig været. Det dreier seg om

det ekstremt lave skydekket. For det er

ikkje høgt, dette skydekket. Dei sju fjella,

som alle bergensarane driv og snakkar om

i tide og utide, har eg vel aldri sett. I alle

fall ikkje i samla tropp. Eg har kanskje

vore oppå nokre av dei frå tid til anna,

men aldri stått nede på Torgallmenningen

og telt sju fjell. Av og til har eg kome

til eit, nemlig Fløyen, men aldri sju. Eg

trur ikkje på desse fjella.

Noko anna som også kan seiast å vere

vanskeleg med hausten, er den evinnelege

forkjølinga som kjem, utan unntak, kvar

haust. Den startar i midten av september,

og varer vel meir eller mindre i alle

R-månadene. Om ein ønskjer å halde seg

unna desse forkjølingane, bør ein for all

del ikkje opphalde seg i det offentlege

rom. Her florerer nemlig bakteriane i alle

formar og fasongar. Sydneshaugen skule,

til dømes, kan umulig vere noko anna

enn eit mekka for desse eincella mikro-

Kvart år seier vi det

same. Nemleg at

dette er den verste

hausten vi har

opplevd nokosinne.

organismane. Om du er student på HFfakultetet,

har du sikkert kjent i dørhandtaka

på fleire av dørene på denne skulen.

Men har du nokon gong kjent etter når

du har tatt i dei ulike dørhandtaka Det

er eit belegg der som osar av forkjøling.

Eit belegg av hoste og snørr som luktar

lang veg av hostesaft med raud trekant og

nasespray som hjelp mot både rennande

og tett nase. Du har kanskje også sete på

HF-biblioteket og observert ein stakkars

virusinfisert student som sitt og skriv på

ei datamaskin. Han nys i hendene sine, og

fortset å skrive vidare. Du reagerar med

vantru. Grunnen til at

du er i sjokk er fordi du

sjølv er frisk, og ikkje

klarar å sette deg inn

i denne trasige situasjonen

til medstudenten

din som sit ved sida av

deg. Ein forkjøla og ein

frisk person kjem aldri

til å sjå kvarandre fullt

og heilt. Det kjem alltid

til å vere eit slags misforhold

mellom desse

to menneskegruppene. Kor mange gongar

har du ikkje sitte på lesesalen og irritert

deg over sidemannen som har snufsa

eller hosta - eller enda verre, gjort begge

deler Og kor mange gongar har du gjort

dette sjølv Ein har allereie lesesalar

for mastergradsstudentar som er utstyrt

med mellom anna fancy vasskokarar og

ekstravagante sofagrupper. No er det på

tide at dei forkjølte også får eigen lesesal,

slik at dei kan hoste og nyse i fred utan

dei kjepphøge kommentarane frå dei

friske medstudentane.

Nei, du som meiner at tida vi no går

inn i, er ei fin tid, bør nok tenke deg om

ein gong til. Eg vil tru at du tenker noko

anna når du kavar deg opp trappene til

Johanneskirka. Paraplyen har allereie

blitt vrengt opptil fleire gongar av vinden

på Torgallmenningen, det lagar ein surklelyd

for kvar gong du tråkkar ned i bakken

med dei gjennomvåte skoa dine, livet er

labert, og du tenker at du i alle fall ikkje

er klar for ein ny dag. Brått blir tanken

på kakao og stearinlys ikkje så koselig

likevel. Hausten er her, og det er ikkje

bra.

19

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!