19.03.2015 Views

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

- Planskildring stempla motteke 04.07.06

Administrasjonen har framleis merknader til planframlegget. Ein har vorte samde med

Opticonsult at framlegget likevel kan fremjast for planutvalet slik det ligg føre. Ev. merknader

frå administrasjonen og planutvalet vert innarbeida i planframlegget før det vert sendt på

høyring og offentleg ettersyn.

Merknader til planoppstarten

Grunneigarar

Marianne og Frode Leganger, gnr 22 bnr 82 (brev av 02.06.05, 19.06.05, 02.01.06, 22.01.06,

27.01.06 og 10.02.06):

- Planen vil redusera eigedomen sin bruksverdi som hyttetomt og salsobjekt.

- Ønskjer økonomisk kompensasjon eller kompensasjon i form av omregulering og

tilrettelegging med vatn og kloakk.

- Vil ikkje akseptere ev. utgifter ved påtvungen tilkopling til vatn og avlaup, og

utbetring av veg.

- Ber om attendemelding om det er teke omsyn til hyttefolk i området.

- Etterspør regler for bruk/tilkopling til VVA-anlegga, dersom det t.d. vert aktuelt å

bruksendre frå hytte til heilårsbustad.

Planleggjar si vurdering:

- Ev. kompensasjon er av privatrettsleg karakter og påverkar ikkje plansaka.

- Reglar for tilkopling til VVA-anlegga er ikkje avklart.

Administrasjonen sin kommentar:

- Gnr 22 bnr 82 er registert som hytteeigedom. Det er ikkje heimel for å krevje at slike

eigedomar vert tilkopla offentleg vatn- og avlaupsnett, jf. plan- og bygningslova § 82.

- Dersom det seinare vert aktuelt å bruksendre eigedomen til heilårsbustad, kan

kommunen krevje at eigedomen vert tilkopla offentleg vatn- og avlaupsnett.

- Bruksendring til heilårsbustad er i utgangspunket i strid med arealdel av

kommuneplanen, og må gjennom ei dispensasjonshandsaming for å avklare dette.

- Vegtilkomst og og avkøyrsle vert stort sett som før. Eksisterande veg vert omregulert

til gang- og sykkelveg som er open for køyring til eigedomane.

Sigrun og Magne Grønhaug, gnr 22 bnr 19 (brev av 05.07.05):

- Ber om at det vert merka av utkøyrsel frå eksisterande fellesveg til deira eigedom.

Planleggjar si vurdering:

- FM-Eigedom har i ettertid fått avtale med Grønhaug om vegrett over gnr 22 bnr 80,

som er eigd av Grønhaug.

- Som kompensasjon frå Grønhaug opparbeidd ny innkøyrsle til bnr 19.

Administrasjonen sin kommentar:

- Førebels vert denne avkøyrsla ikkje endra, då den kjem utanfor planområdet.

Frode og Erik Tufte, gnr 22 bnr 72 og 89 (brev av 18.02.05 og 07.07.06):

- Ønskjer å få høve til å byggje heilårsbustader på eigedomen. Viser til tinglyst vegrett.

- Planlegg å få oppført 4 bustader.

- Tomta på bnr 72 er særs bratt i den eine enda, noko som gjer den særs uegna som

friområde.

- Dersom kommunen ønskjer å omdisponerer tomta, ser ein det som sjølvsagt at

kommunen stiller tilsvarende eigedom gratis til disposisjon.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!