19.03.2015 Views

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Arealet omfattar delar av gnr 22 bnr 1 og 3, og er på om lag 27 daa.

Areala D2 og D3 er ein del av eit samanhangande skogområde med høg bonitet (G23).

Størsteparten av arealet vart planta til ikring 1980 med gran og er i fin vekst. I tillegg er det

noko eldre granskog i området.

Generelt for heile planområdet:

I temaplan for landbruk og prosjektet Arealdifferensiering er heile området klassifisert som B-

område, med unnatak av areala C, D3 og delar av D2, som er A-område.

Det er ikkje registrert viktige viltområde eller viltartar i planområdet, jf. vilt-rapport. Det er

heller ikkje registrert viktige naturtypar, jf. kartleggingsprosjekt for biologisk mangfald.

Mellom planområdet og eksisterande industriområde ligg Mjåtveittjørna, som er registrert

som viktig naturtype. Dette er eit lite fisketomt vatn og det er grunn til å tru at slike vatn i

Meland kan ha særskild botnfauna/planktonsamansetning med eit stort innslag av vestlege

artar. Sidan tjørnet ligg i eit pressområde vert lokaliteten vurdert som viktig (B), men bør

undersøkjast nærare. Lokaliteten er avgrensa på kart med buffersone.

Gjennom areala C, D2, A1 og A2 går ei elv som drenerer nordover og tilslutt munner ut i

Mjåtveitelva, som er registrert som viktig til svært viktig naturtype. Den har verdiar både for

biologisk mangfold og friluftsliv og det er viktig å unngå at forureining og tilslamming vert

tilført elva via sidevassdrag.

Det er ikkje registrert særleg verdifullt kulturlandskap i planområdet. Det er heller ikkje

registrert fornminne eller kulturminne i området.

Det er ikkje offentleg sikra friluftsinteresser i planområdet. Areal B1 vil i aust grense mot

offentleg friluftsområde i sjø og på land. I kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og

friluftsliv er det i handlingsplanen lagt opp til merking av sti mellom Elvavika-Galtenes-

Mjåtveitstø-Dalstø.

Det er ikkje anlegg for idrett og leik innafor planområdet, jf. kommunedelplan for idrett,

fysisk aktivitet og friluftsliv. Nærast idrettsanlegg ligg på Sagstad og næraste nærmiljøanlegg

ligg på Frekhaug/Frekhaugmarka. Handlingsplanen omfattar ikkje slike anlegg i planområdet.

For utan landbruk, er det ikkje registert næringsverksemd i området.

Infrastruktur:

Det ligg offentleg vassleidning langs riksvegen, samt eit stykkje inn i planområdet frå aust, jf.

kommunedelplan for vassforsyning.

Det er ikkje offentleg avlaupsnett i planområdet, jf. kommunedelplan for avlaup.

I planområdet er det privat veg mellom riksvegen og Mjåtveitstø og til Juvika. Gang- og

sykkelsti langs riksvegen er opparbeida om lag 100 meter vidare frå industriområdet mot

vegkryss til Mjåtveitstø. Det gjenstår om lag 400 meter.

Busstilbodet mellom Mjåtveit og Frekhaug/Knarvik/Bergen sentrum er om lag 2 avgangar i

timen i rushtida morgon og kveld.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!