19.03.2015 Views

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

- Kan ikkje forstå at Meland kommune er interessert i å ekspropriere eit nytta og bebudd

området, når ein har fleire alternativ i området. Kan heller ikkje sjå at det er grunnlag

for ekspropriasjon, med omsyn til samfunnsnytta.

- Viser til forsøpling og miljøproblem i området rundt Mjåtveittjørni.

- Viser til at det kun er dei som har vegrett i området.

- Det er ikkje gunstig med industri midt i eit ev. bustadområde.

- Ønskjer å søkje om løyve til å nytte delar av deire eigedom til nye bustadføremål, jf.

kart.

Administrasjonen sin kommentar:

- Kommunen har ikkje planar om å gjennomføre ekspropriasjon.

- Kommunen ønskjer at det vert lagt ut eit framtidig område for industri/lager som ei

utviding av det eksisterande industriområdet på Mjåtveit.

- Utviding av industriområdet er grunngjeve med utgangspunkt i behov framlagt av

Frekhaug vinduet AS. Ein har vurdert andre areal som kunne stette desse behova, utan

å finne brukbare alternativ.

- I tillegg er det lagt inn ei buffersone mellom industriområda og bustadfelta, med

føringar som skal redusere konfliktnivået mellom industriverksemda og busetnaden.

Offentleg instansar

Hordaland fylkeskommune v/Kultur- og idrettsavdelinga (brev av 08.07.05 og 17.01.06):

- Viser til regional arealpolitikk slik den går fram av fylkesplan og fylkesdelplanar og

legg vekt på at planframlegg er i tråd med desse.

- Minner om at dokumentasjon av kulturminne og – miljø skal gjerast på eit tidleg

stadium i planlegginga. Dei ber om at ev. kulturminneinteresser vert omtalt, vurdert og

teke omsyn til.

- Det er ikkje kjende automatisk freda kulturminne i området.

- Viser til registrert funn frå førhistorisk tid.

Planleggjar si vurdering:

- Det registrerte funnet ligg nord for riksvegen og utanfor planområdet.

- Dokumentasjon av kulturminneinteressene skal takast omsyn til i planlegginga.

Administrasjonen sin kommentar:

- Planskildringa inneheld eit eige avsnitt der området si historie og kulturminneverdiar

er skildra.

- Det er lagt føringar i planen som skal ta omsyn til verneverdige element i området ved

utbygginga.

Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga (brev av 10.06.05):

- Viser til fylkesdelplan for kystsona, innskjerping av det nasjonale strandsonevernet.

- Båthamner bør planleggjast som fellesområde slik at minst mogleg av strandarealet

vert båndlagt og privatisert.

- Den funksjonelle strandsona må vektleggjast i området.

- Behovet for eit småbåtanlegg må vurderast nærare i høve til eksisterande anlegg og

kapasitet.

Planleggjar si vurdering:

- Tiltakshavar vil ikkje gå vidare med planane om småbåthamn i Juvika. Arealet er lagt

ut som fellesareal på land og som friluftsområde i sjø.

Administrasjonen sin kommentar:

- Føresegnene i planen legg føringar for bruken av friluftsområdet i sjø og fellesområdet

på land, med omsyn til friluftslivet. Elles ingen merknader til planframlegget.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!