13.05.2015 Views

Fred og frihet nr. 2/2012 - IKFF

Fred og frihet nr. 2/2012 - IKFF

Fred og frihet nr. 2/2012 - IKFF

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Den giftige arven frå Sellafield

Det må bli slutt på gjenvinning av brukt atombrensel, produksjon av MOX og bygging av

nye atomreaktorar i Sellafield

AV EVA FIDJESTØL

«Stopp Sellafield» er eit dårleg slagord.

Det held dei på med sjølve no, og har

tenkt å bruke omkring hundre år på

det. I denne perioden må det vere

mange arbeidsplassar i Sellafield og det

må løyvast mykje pengar til arbeidet

som går føre seg der. Aktiviteten med

nedbygging av anlegg, sortering og

behandling av alle typar radioaktivt avfall

må aukast. Det vi ønskjer skal stoppe så

snart som mogeleg er: gjenvinning av

brukt atombrensel, MOX produksjon,

drift og bygging av nye atomkraftverk

og vedlikehald og modernisering av

atomvåpen.

I 1947 overtok det britiske forsyningsdepartementet

ein våpenfabrikk

på ein stad med namnet Sellafield på

kysten av Vest Cumbria. Her bygde

dei eit gjenvinningsanlegg for brukt

atombrensel (B204) og tre grafittmodererte

atomreaktorar, og heile anlegget

fekk namnet Windscale. Dette

var starten på det engelske atomvåpenprogrammet.

I 1957 skjedd det

ei alvorleg ulukke i ein av reaktorane

og anlegget endra namn tilbake til

Sellafield. I 1959 hadde England åtte nye

Magnox- reaktorar i gang og det brukte

brenselet frå alle vart sendt til Sellafield

til gjenvinning for å skaffe våpenplutonium.

Magnox er ein reaktortype

som gir lite straum, men er praktisk for

å produsere plutonium til våpen. Til

saman vart det bygd 26 reaktorar av

denne typen og frå 1964 vart dei også

brukte til straumproduksjon. I 1994

annonserte den britiske regjeringa at

all produksjon av plutonium til våpen

var slutt. Dei siste fire reaktorane av

denne typen skal stengast i 2012.

Behandlinga av avfallet frå atomvåpenprogrammet

var hemmeleg, og

store mengder med radioaktivt avfall

vart dumpa rett i sjøen. Berre av det eine

stoffet plutonium har ein rekna ut at 182

kilogram vart dumpa gjennom røyr ut

i Irskesjøen i perioden 1952 – 1995. Ny

forsking viser at plutonium ikkje ligg

trygt grave ned i sedimenta på botnen

av Irskesjøen slik ein har trudd. Det har

blitt ført med havstraumar nordover og

inn i Nordsjøen og det er funne spor av

dei gamle utsleppa frå Sellafield heilt

opp i Barentshavet.

Eigarskapet til Sellafieldanlegga

har endra seg mange gonger. I dag

er eigaren Nuclear Decommissioning

Authority (NDA), som er eit nyoppretta

selskap. NDA fekk som oppgåve å lage

langtidsplanar for nedbygging av

atomanlegg, lagring og behandling

av avfall. I sin første strategiplan i 2006

gjer dei greie for korleis oppryddinga i

Sellafield skal vere avslutta i 2120. Men i

den planen er ikkje deponi for det mest

radioaktive og langliva avfallet tatt med.

Fissilt materiale som plutonium (Pu) og

høganrika uran (HEU), nok til tusenvis

atomvåpen, ligg i dag ikkje trygt nok

lagra inne på område i Sellafield. Ein

liten del av dette er militært, mens det

meste er sivilt. Utarma uran (DU) i form

«MOX kan omdannast til

atomvåpen, er brennbart og

kan ureine store områder»

av oksid, metall og gassen UF 6

er også

lagra fleire stader og nokre av desse

lagera er militære.

Det som er den store utfordringa

for NDA er at ved sida av den krevjande

nedbygginga og sikring av radioaktivt

avfall må dei også drive kommersiell

drift, både for å oppfylle kontraktar

med innanlandske og utanlandske

kundar, og for å tene pengar. I tillegg

går produksjonen føre seg i gamle og

mangelfulle anlegg. Det er regjeringa

som løyver pengar til nedbygginga i

Sellafield, og det blir viktig for NDA å

kunne redusere skattebetalarane sine

bidrag ved hjelp av eigne inntekter.

Gjenvinningsanlegget THORP (Thermal

Oxide Reprocessing Plant) som vart

opna i 1994 for å gjenvinne brukt

brensel frå UK sine AGR-reaktorar og

brukt brensel frå LWR-reaktorar frå

utanlandske kundar, har aldri fungert

etter planen, og er i dag mange år på

etterskot. NDA ønskjer å stenge både

B-205, som gjenvinn brukt brensel frå dei

gamle Magnox-reaktorane, og THORP så

snart alle kontraktane er oppfylte.

MOX-anlegget, Sellafield MOX-Plant

(SMP), som vart opna i Sellafield i 2001,

har heller ikkje fungert slik som panlagt.

Der blir det produsert eit brennstoff,

MOX, som består av ei blanding med

plutonium- og uranoksid og kan brukast

i spesialbygde eller ombygde reaktorar.

England har ingen slike, så produksjonen

i SMP har gått til utanlandske kundar,

det meste til Japan. Dette stoffet blir

transportert over halve kloden på båtar

med kanoner og væpna vaktmannskap

og godt brannsløkkingsutstyr.

Det gjeld ikkje å ta for stor risiko.

MOX kan omdannast til atomvåpen, er

brennbart og kan ureine store område

ved kollisjonar og forlis. Reaktor 3 i

Fukushima brukte MOX brensel. Irland

protesterte mot bygginga av MOXfabrikken

i Sellafield og dei gjekk til sak

mot Storbritannia, og stemde dei inn

for FN sin havrettsdomstol for å stanse

fabrikken. Norge støtta Irland og såg på

MOX-produksjonen som uønskt fordi

det ville bety meir gjenvinning og meir

radioaktiv forureining langs den norske

kysten.

Samtidig ga den norske Regjeringa

støtte til den internasjonale MOXforskinga

som har gått føre seg i

Halden i mange år. I Halden hadde dei

samarbeidd med Sellafield om utvikling

av dette brenselet samtidig som Norge

protesterte mot gjenvinning og MOX

produksjon i Sellafield. Miljøvernminister

på den tida, Børge Brende sa at han

såg paradokset, men han hevda at

fordi bruken av MOX truleg ville auke i

omfang trass i norsk motstand, kunne

forskinga i Halden bidra til at bruk av

MOX i atomkraftverk i nærområda våre

blei tryggast mogeleg. I august 2011

vedtok NDA å stenge SMP for godt og

det blir no diskutert om det skal byggast

eit nytt MOX-anlegg. Storbritannia har

også vedteke å bygge ein ny generasjon

6 fred og frihet 2/2012

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!