14.09.2016 Views

Unikum 2 – 2002 (mai)

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Solidariteten sigrar

Torsdag 26. april vart det

avgjort at tiarordninga

skal innførast ved HiA.

Helst frå hausten av.

Tekst: Aina K. Øvstetun • Foto: Svein Frøysnes

Mai 2002

Det var ein historisk dag for HiA-studentar

som ynskjer å støtte SAIH sitt

solidaritetsprosjekt tiarordninga. Då

vedtok Studentparlamentet einstemmig

å innføre tiarordninga på ny, aller

helst frå hausten 2002.

Nøgd lokallagsleiar

I førre nummer av Unikum kunne ein

lese at tiarordninga endå ikkje var eit

faktum ved HiA. Sidan den gong har

det skjedd enorme endringar på solidaritetsfronten.

Fleire års arbeid frå

SAIH (Studentane og Akademikarane

sitt Internasjonale Hjelpefond) gav til

slutt resultat, slik at også studentar

ved HiA kan bidra til å støtte utdannings-

og helseprosjekt i Afrika og

Sør-Amerika ved å betale 20 kroner

ekstra i semesteravgift. Linda

Bjoland, leiar i SAIH sitt lokallag i

Kristiansand, er veldig godt nøgd med

utviklinga i saka.

– Me har som kjent jobba lenge for

å få innført ordninga, men systemet

har jo ikkje akkurat jobba med oss.

Difor var det ekstra gøy at det endeleg

gjekk i orden, seier ei glad

Bjoland.

Ordninga i praksis

Vedtaket i Studentparlamentet seier

at ordninga helst skal innførast hausten

2002. Alle studentane betaler 20

kroner ekstra i semesteravgift, og dei

som ikkje ynskjer å støtte prosjektet

får pengane refundert. Dette skjer ved

Lokallagsleiar i SAIH,

Linda Bjoland, er godt

nøgd med at tiarordninga

no skal innførast

ved HiA.

at ein fyller ut eit skjema som ein sender

til SAIH sentralt. Då vil ein få refundert

totalt kroner 27,50. (Av desse

er 2 kroner for konvolutt, 5,50 for porto

og i tillegg dei 20 kronene.)

For dei som let SAIH behalda

pengane, legg NORAD til 80 kroner

for kvar tjuekronar, altså 100 kroner i

alt.

Tiarordning fram til 1997

Det kjem fram at tiarordninga eksisterte

på HiA fram til 1997. Då med eit

system som var meir tidkrevjande for

administrasjonen ved skulen. På denne

tida var det studieseksjonen som

organiserte refunderinga, og kontorsjef

Ragnhild Lager innrømmer at dei

tilsette ikkje har sakna alt ekstraarbeidet

som ordninga førte med seg.

– I og med at me veit at nær ein

tredel av studentane ynskjer pengane

refundert, har me nok ikkje jobba

særleg hardt for å få ordninga innført

på ny. Men det er jo ei skam at HiA i

fleire år ikkje har bidrege til eit så bra

prosjekt, seier Lager.

Endå er det ikkje sikkert at det blir

tiarordning alt frå hausten av. Det er

opp til Studieseksjonen å avgjera om

dei kan få ordninga med alt på semesteravgifta

frå hausten av.

Då står det berre att å sjå om studentane

ved HiA har vorte meir solidariske

enn dei var på 90-talet...

4

Unikum

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!